Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 9, 2010

Så kva er toleranse? Jon Michelet, Nabintu Herland og Arnulf Øverland i lett miks

Eg sit og les litt bøker i kveldens mulm og mørke, langt ute i gokken på den svenske landsbygda. Her er ikkje så mykje anna å ta seg til enn å lese, og ettersom eg ikkje vågar lese skrekkelig skumle bøker av hensyn til min frykt for gamle hus omgitt av store, mørke, hengande hagar fulle av grevling og andre skumliteter, så les eg Jon Michelets bok "Brev fra de troende. Ei bok om tro og tvil". Den har eg kjøpt på bakgardssalg i likheit med eit tonn andre bøker, eg måtte ta trikken to gonger, og boka skuffar ikkje. "Brev fra de troende" er ein tolerant ateist si tilnærming til kristendom, eller til breva han får frå dei truande etter at han har stått fram som ateist i ein reportasje i avisa Vårt Land. Vårt Land er ei god og interessant avis, og Michelet er ein klok mann som les breva frå dei truande, ikkje uventa fleire gamle damer frå Vestlandet, med stor innsikt. Og ikkje minst toleranse. Michelet har ikkje tenkt å la seg frelse, han er og blir ateist, men trass si