Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2009

Gratis reklame på nett

Sidan Førdefestivalen er så tøff, får den lov å reklamere gratis for seg sjølv på firda.no sine heimesider. Snakker om lokal dugnad. Nivået på journalistikken på firda.no vert verre og verre. (Firda på papir held eit heilt anna nivå). Skal ein le eller grine? Her ligg ute bildeseriar av Jens, som om Jens er noko så særlig spesielt å få besøk av at ein må ha bildeserien liggande ute i vekesvis. Ein gir eit sterkt inntrykk av at på bygda ser vi sjelden noko til dei store gutta, vi er i bakevja. Eventuelt: vi på bygda har eit nasegrus, lettare patetisk forhold til makta i tigerstaden. Neste tolkning: vi har ikkje noko forhold til makta i Tigerstaden, så vi omtaler den så naivt vi overhodet klarer, uten å vite det sjølv vel å merke, sidan vi veit like lite om makta i tigerstaden som den gjer om interiøret på soverommet vårt. Lokalpressa slit med imageproblemer, og det med svært god grunn.

Vold på vei heim frå byen nattestid

Igår natt gjekk eg heim frå Grønland til løkka. I Markevegen såg eg ein mann som dreiv å dytta og rista ei dame, midt i gata. Han skreik til ho og rista og slo ho. Shit, tenkte eg og kjente at eg begynte å bli sinna. Kva er det slags idiot som driver å disser dama si? Så eg begynte å følge etter dei. Etterkvart gjekk ho frå han, men han gjekk like bak. Etterkvart femti meter etter. Ho runda eit hjørne, og han runda hjørnet, og så runda eg hjørnet. Mannen fortsette bortover gata, eg vart ståande å sjå etter dama, og så kom ho fram. Ho hadde site på huk og gøymt seg bak ein bil. Så fortsette ho vidare. I neste gate stod han å gøymte seg bak ein container mens ho gjekk i gata, så gøymte ho seg bak ein bil og kryssa gata eit par gonger og så kom han fram. Ho dreiv å gøymte seg for gubben. Eg følte meg ein smule rar som dreiv å fulgte etter ho, men så lenge det var andre mennesker i gata, var det kanskje mindre sjanse for at han flaug på ho igjen, tenkte eg og heldt koken. Det var heilt tom

Den radikale søppelblekka Dagbladet, no også med brukken rygg

Eg sit her ein søndagskveld og les på dagbladet.no om kvinna som vart funnen død i sin eigen leilighet. Der hadde ho lagt i sju år. Så les eg om Italias svar på Fritzl-saken , som har misbrukt dottera si i 25 år innesperra i eit rom uten strøm. Deretter om ein serievoldtektsmann som er pågripen her i Oslo, samt Alba som blei gravid 11 ganger med faren sin . Det eg jævlige historier, og alle sammen ligg tett i tett strødd utover dagbladet.no si framside. Er dette spekulative, drøye historier frå virkeligheten, eller er dette greier som vi har behov for å få trykt opp i trynet? Treng vi lese om kvinna som låg død i sju år i sin eigen kåk? Egentlig ikkje. Vi veit at det skjer. Det skjer over alt. Det skjer her i Oslo. Historia er heller ikkje sett inn i ein samanheng. Den er berre enkelt og billig presentert for oss som ein enkelthendelse. Så kva er så verdien av denne historia? Underhaldning. Italias svar på Fritzl-saken. Litt av ei overskrift, gitt. Her selger dei inn saken hos lesare

Det mannlige griseblikket.

Aschehoug-forfatter Preben Z M ølle r kom etter nyttår med si skjønnlitterære debutbok Deflora. Boka er ingen typisk norsk debutant, slik eg leser den, og norske debutanter er langt frå alltid interessante (ifølge meg). Denne boka presenterer eit politisk ukorrekt innhald, og blei av Klassekampen omtalt som eit personlig kampskrift og ein kronikkroman (bokmagasinet). Her tipper eg over til å tenke at her sit ein fornærma anmelder og taster, Klassekampen og Morgenbladet blir nemlig kraftig harselert over, særlig i starten av boka. Og sjølv om beskrivingane frå pressemiljøet ikkje er truverdige, får han inn ein del slag under beltestaden for Litteraturhusets korrekte elite. Eg veit hovedpersonen Preben, ein mann på 52, skal vere ein insider i miljøet han omtaler, men dette fell gjennom all den tid miljøbeskrivingane frå dette pressemiljøet ikkje er realistiske. Dette gjer at hovedpersonen heller enn ein insider, framstår som ein som hardt strever for å vere inne men som i praksis

Eg har havna på ungdomsbokkjøret. Fantasy, norrøn mytologi og norske folkeeventyr ser ut til å vere greia

Sigbjørn Mostue “Gravbøygen våkner ”, første bok i serien Alvetegnet. Cappelen Damm, paperback. Er ei av dei barne/ungdomsbøkene som sel aller mest, ifg bokhandlerne. Kom i 4.opplag i 2008, men vart første gong utgitt i 2005. Dette er fantasy. Ein solid miks av gamle norske eventyr og Ringenes Herre. Espen drar på landet i sommarferien og på landet kan som kjent det meste skje. Onkelen hans har begynt å hogge ned gammalskauen like ved garden, men i denne skauen finst det ting som ikkje liker at skauen blir hoggen. Ein dag finn Espen ein nøkkel i skogen, Edelåpne, og det heile begynner å minne meg om norrøn mytologi og sogespel om vikingtida som eg hyppig deltok i då eg var litt mindre enn eg er no. Det som overraska meg litt, eg er ikkje så inne i ungdom/barneboksjangeren, er at boka er såpass spekka med eventyr. Den første Espen møter er ein nisse, den andre eit skrømt på sætra (sæter er jo skikkelig lite kult, eller er sæter kult i litteratur?), og den tredje ein skitt

Frå motekspertise til vekstdrivar

Frå skuletun til Campus. Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Av Gunnar Yttri, Skald forlag. Norsk høgare utdanning tok ved inngangen til 1970-åra ikkje berre steget frå eliteutdanning til masseutdanning, men sprengde også tidlegare fastlagde geografiske og kulturelle grenser innanfor utdanningssystemet. Ideen med etableringa av distriktshøgskulane var utdanning til folk der folk var. Det vesle forlaget Skald i Leikanger i Sogn og Fjordane har gitt ut praktboka «Frå skuletun til campus – Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane». Boka, skriven av historikar Gunnar Yttri, speglar endringa frå sekstitalets fokus på lokal kompetansebygging og vern om lokale verdiar, til dagens fokus mot ein stadig meir internasjonal marknad for utdanning. Motekspertise I 1965 låg Sogn og Fjordane i det nasjonale botnsjiktet i antall avlagde artium, og i 1970 omtala historikaren Johs. B. Thue Sogn og Fjordane som eit «sundslite og attendeliggande fylke». Til Kyrkje og undervisningsdepartementet gjekk de

Man skal ei læse for at sluge, men for at se, hvad man kan bruge (Henrik Ibsen, Peer Gynt)

From India to From India to From India to From India to From India to

Skrivande nikkersadel

Klassekampen er ute med det relanserte bokmagasinet. I første utgave skriv Karin Sveen under overskrifta "Litterær livsstil" om at "Den litterære kulturen har et strøk av puritanisme". "En ny litterær livsstil skal være etablert, med skriveskoler og koffeinfri kaffe. Selskapelighet avsluttes tidlig på kvelden fordi forfatterne vil hjem og sove, slik at neste dag ikke tar skade av rangling og tullprat, (...) Hun spør: hvorfor går dagens forfattere heller på gym enn på bar? Hvorfor er så mange av dagens forfattere så hardworking ? Ja, si det. Svaret kan være at samtidens litterære kultur har fått et anstrøk av puritanisme, sier J. Robert Lennon, professor i creative writing på Cornell University (...)." Han forklarer det med at det har blitt vanskeligare for ein forfattar å tjene til livsopphald, og at mange må ta ekstrajobbar for å klare seg. Dette er ikkje lett å forene med uorganisert fritid og improviserte pausar. (Dette ser mørkt ut for meg). Litterat

Norsk mat, kafekultur og bloggarane frå bygda

Eg sit her å tenker på ein ide eg har fått. Ein ny ide om korleis markedsføre distrikta. Og så kjem eg på ein heil del ting, og eg tenker at alt heng saman på forskjellige vis. I denne bloggposten vil eg lime inn ein reportasje eg skreiv om norsk melkeproduksjon for Dag og Tid i 2008, men først vil eg tenke litt høgt. Eg har før flagga eit ønske om kafe-kultur til bygda , og medan eg var ute å reiste i Sogn og Fjordane sommaren 2008 for å lage reportasjeserien for Dag og Tid, kartla eg kafelivet i fylket. Resultatet var blant anna Osabua på Viksdalen, Nærleiken i Eikefjorden, kafeen på Mundal Hotell i Fjærland og kafe Didriks på Eid. Her fanst det god mat og god kaffe. Men ikkje alle vil ha det slik. Til og med på lesarbrevplass i Firda har eg lese at "dei der kaffedrikkande folka som har flytta ut og blitt avhengige av kaffe latte, vil vi ikkje ha tilbake til bygda. Dei treng vi ikkje", skreiv den sinte kvinna. Kvifor skreiv ho det? Er bygda som den alltid har vore? Skal

Oslo - winter wonderland

Birkelunden trikkestopp ein lørdags morgon. På t-banen frå Grønland til Frognerseteren. Den fantastiske Nordmarka!

Finse - winter wonderland

På Hardangerjøkulen. Finse by night.

Å inseminere ein hest

From Dag og Tid reportasjebilder From Dag og Tid reportasjebilder From Dag og Tid reportasjebilder

Man fødes ikke som mann, man blir det.

skriv min gode kamerat Gali på Kunstkritikk.no. Her kjem mi vurdering av Katja Høst, «Det annet kjønn», Fotogalleriet, 5. – 29. mars 2009. Politisk korrekt videokunst om kjønn og sånt som ikkje krev anna av deg enn ein middels sterk vilje til å drikke gratis vin. Eg har kike på denne utstillinga, og det mest fasinerande var klippa som gjekk i bakgrunnen av samtalen mellom kvinnene. Klippa viste ei ganske bestemt og egenrådig dame som kjeda seg skakk ilag med type etter type. Den eine typen ville berre pusse på båten sin heile tida, og gadd aldri finne på noko artig. Den andre typen ville berre snakke om seg sjølv og rette på slipset sitt heile tida, og var ein forfengelig og kjedelig fjott. Ho dumpa begge to. Eg trur faktisk ho klarte å dumpe enda ein fyr, men det fekk eg ikkje heilt med meg. I samtale med ei venninne på slutten seier venninna: "Du må finne deg ein kar som ikkje er redd deg." Så rir dei bort, ho og venninna, og ut av skogen kjem to menn ridande på kvar sin h

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Statsråder som blogger

Eg liker altså så godt at Bård Vegar blogger. Det er noko alle statsråder må sjå og lære av. Det er veldig bra. Dessuten liker eg at han linker meg;) Dette er virkelig bloggerpleie i praksis. Og her er kommmentaren han svarte på. Vi kan med andre ord kommunisere direkte og opent på nettet. Er det ikkje bra? Skaff dåke blogg alle statsråder. Det er eit veldig effektivt verktøy for å kommunisere ut i verda. Her kan det passe å minne om den gongen Heidi Grande Røys svarte på min blogg om breiband . Det skapte siteringssaker over heile landet. Ein blogg kan med andre ord skape mangt og mykje slags spin off i praksis! Ha ein bra bloggedag.
Jeg har plassert min blogg i Oslo på bloggportalen Bloggurat !

! politikk, MAKT, debatt, NETTVERK!

Fakta om feminster og hårete fordommer No tek eg utgangspunkt i feminstar og fordommer, og så ser vi litt på fleip og fakta. Kva er feminisme i 2009? Feminisme har i dag blitt ein eliteøvelse for dei få. Dei som er aktive og engasjerte feministar i dag, er ikkje bh-brennande og hårete. Dei er engasjerte damer med nettverk og posisjoner. Dei har knekt kodene, og kodene handler i stor grad om makt, nettverksbygging, politikk og debatt. Her finn du ikkje mange deltidsarbeidende sjukepleiere, men for det meste skribenter og journalister, politikere, akademikere og andre med høgare utdanning og posisjoner i kultureliten, akademia og politikken. Avstanden er dermed stor til målgruppa for mange av sakene dei frontar. Men gidder yngre damer bry seg? Feminstane er i stor grad yngre damer. Mange er også eldre. Yngre damer i mange miljøer bryr seg faktisk om kvinnedagen, sjølv om feminisme er i ferd med å bli ein smal, intellektuell slæsj akademikergreie, og at miljøet heilt klart er dominert av

Siv Jensen er reaksjonær og kunnskapslaus - trur ho virkelig på det ho seier sjølv? Meiner ho at politiske utspel skal vere på vitsenivå?

Siv Jensen er reaksjonær. Av og til må eg nesten le av kva ho faktisk kan finne på å sei. Meiner ho det ho seier? Det er jo beint fram nede på vitsenivå, og i tillegg sagt med ein så bestemt og bastant tone at ein skulle tru det var faktiske tilstander ein snakka om. Eg skratter i skjegget. Siv Jensen raser blant anna mot at damer 8. mars går i tog under parolen Norge ut av Afghanistan. Har ho ikkje fått med seg alle dei andre parolene, eller kan ho kanskje ikkje lese? Jensen legger opp til eit debattnivå der det ser ut til å vere eit krav å vere dum for å delta, eventuelt kunnskapslaus i grotesk grad. Dette med snikislamisering av Norge... Til og med imamen i Rosengård i Malmø sa at Jensen neppe hadde vore i Rosengård, då hadde ho aldri brukt denne bydelen som eit eksempel på islamiseringa ho prediekrer at foregår. Eg lo og rista på hovudet, er ho spinn vill? lurte vi på, men så er det jo eit snev av alvor oppi dette her: Trur folk på det ho seier? Er folk virkelig så kunnskapslause

Eit tilbakeblikk

Bestefaren min framfor huset. Fylkesarkivet. Han døde da han var like gamal som eg er no. Det kan ikkje ha vore lenge etter at dette biletet vart tatt.

Utdanningskonsumentene kommer

Alderen har lenge tynget akademia, men det som er enda mer faretruende, er om akademias sterke stemmer i offentligheten nå forsvinner, slik Klassekampens serie som har stått på trykk sist uke mer enn antyder. I denne forbindelse er det interessant å trekke paralleller til det pågående rektorvalget ved Universitetet i Oslo (UiO), samt generasjonen som ennå ikke har oppnådd mer enn maks en doktorgrad. Ny rektor To rektorkandidater kjemper i disse dager om lederjobben for Norges største utdanningsinstitusjon i det som ser ut til å bli en langt mer stillfaren valgkamp enn den vi var vitne til i 2005. Den av medisinprofessor Ole Petter Ottersen (53) og teologisk fakultets dekan, Trygve Wyller (58) som vinner valget i april, blir den som leder UiO inn i periden da flere av de mest profilerte, i følge Klassekampen, stemmene forlater akademia. Dette er interessant, fordi de begge har flagget et sterkt ønske om å gjenreise UiO som som en betydelig kultur- og samfunnsaktør. Spørsmålet so

Ubrukelige mannfolk og sjekking

Dette er ein litt interessant ting. Her om dagen var det ein type som prøvde å sjekke meg opp. Eg var ikkje, har aldri vore og kjem aldri til å bli interessert. Det er opp og avklart. Greia er berre den, at denne gubben då med ein gong begynte å lekse opp for meg om kvinner som utnytter menn som selskap, for så å stikke av med ein eller anna slask som kjæreste. Det var ganske tydelig at han meinte eg hadde utnytta han som kaffedrikkande selskap utan å ville noko meir. Eg har aldri før møtt nokon som flaggar standpunkt alla "du flaggar ektepakt når du løftar kaffekoppen", men han la da tydeligvis meir i vår sosiale omgang enn det eg gjorde. Han fekk det da uansett til å høyrest ut som om det var eg som hadde utnytta han. Sanninga var vel heller at eg tenkte vennskap, medan han tenkte kjæresteri. Han overtolka, det begynte eg jo å merke, og sjølv om eg flagga no way-argumentet ganske høgt etterkvart, hadde han eit sterkt behov for å fortelle om alle desse stakkars mennene som

Hva er dannelse?

Igår slapp eg ikkje inn då Inga Bolstad snakka om dannelse på Litteraturhuset, det var kort sagt smekk fullt der, men eg les heller portrettintervju med professor Bernt Hagtvet i Apollon. Under overskrifta "Aldri hvile", svarar Hagtvet dette på spørsmålet om "Hva er dannelse?" - Med dannelse mener jeg evnen til å kunne fremstille et argument, skrive godt og klart, vite hva du sier og hvilke tradisjoner du knytter deg til, ha bred kunnskap om blant annet etiske, estetiske, samfunnsvitenskaplige, naturvitenskaplige og historiske emner. Og ikke minst kritisk sans, vite om svakhetene i egne resonnementer og ha evne til å sette deg inn i hva din motstander står for. Dette er mine dannelseselementer, sier Hagtvet til journalisten. - Dette er høye idealer, sier journalisten. - Er det noen vits i å leve hvis du ikke har høye idealer? svarer Hagtvet. Videre sier han: - Universitetet bør utfordre studentene på flest mulig menneskelige områder. De er ikke her bare for å lær

Eventyr om menn frå fjordfylket

Det var ein sein kveld i oktober at Arve Helle, Georg Arnestad, Jan Atle Stang og Nils R Sandal drog på elefantjakt på Kviteneset i Bygstad. Helle hadde vore på Blåfjellet og var i storslag. Stangen hadde med fiskestang og det som verre var, Arnestad hadde med seg ein årgang Sogn Avis innbunde med skinn, og Sandal bar på ein stor pappkasse med countryplater frå femtitalet. - Side fire, år 1978, avsnitt fem. Overskrift: "Hest løpsk i rundkøyring, mann sprungen ned, kvinne sparka bak". Første sitat var frå fylkesordførar Nils R. Sandal som på den tida var 28 år. Han sa: "Vi må bevilge meir pengar til å sette opp sikre hestegjerder i Sogndalsdalen". Kven kom med andre sitat? spurde Arnestad, men ingen kom på det i farta. - Det var Arnestad, sa Arnestad. - Og kva sa så denne Arnestad, spurde Arnestad. - Han sa sikkert at det var for få kvinnfolk i det offentlege rom. Difor passa det godt med ei merr i rundkøyringa, sa Stangen. - Stang ut, det var pina deg feil. Arnestad