Gå til hovedinnhold

Vold på vei heim frå byen nattestid

Igår natt gjekk eg heim frå Grønland til løkka. I Markevegen såg eg ein mann som dreiv å dytta og rista ei dame, midt i gata. Han skreik til ho og rista og slo ho. Shit, tenkte eg og kjente at eg begynte å bli sinna. Kva er det slags idiot som driver å disser dama si?

Så eg begynte å følge etter dei. Etterkvart gjekk ho frå han, men han gjekk like bak. Etterkvart femti meter etter. Ho runda eit hjørne, og han runda hjørnet, og så runda eg hjørnet. Mannen fortsette bortover gata, eg vart ståande å sjå etter dama, og så kom ho fram. Ho hadde site på huk og gøymt seg bak ein bil. Så fortsette ho vidare. I neste gate stod han å gøymte seg bak ein container mens ho gjekk i gata, så gøymte ho seg bak ein bil og kryssa gata eit par gonger og så kom han fram. Ho dreiv å gøymte seg for gubben. Eg følte meg ein smule rar som dreiv å fulgte etter ho, men så lenge det var andre mennesker i gata, var det kanskje mindre sjanse for at han flaug på ho igjen, tenkte eg og heldt koken. Det var heilt tomme gater, nesten ikkje folk ute. Klokka var vel halv fem om morgonen ca.

Eg føler meg aldri heilt trygg i slike tomme gater. Men kvar er ein eigentlig trygg? Ein kan ikkje tenke på at eg er ikkje trygg. Ein må berre oppføre seg heilt vanlig og normalt og så får ein heller slå eller stikke ut augene på desse gutta dersom dei prøver seg. Stikk etter augene med nøkkelen, er eit råd. Og så går eg med nøkkelen i handa, klar til å stikke.

Etterkvart mista eg dama og mannen av syne. Eg håper det gjekk bra. Vold mot kvinner gjer meg beint fram forbanna. Og kanskje er det nettopp følge etter ein bør gjere dersom ein ser noko slikt nattestid. Det kan vere ein kan hindre at nokon blir slått ned?

Hadde han gått på ho dama igjen, hadde eg kome til å heva stemma ganske mange hakk. Og så hadde eg ringt purken. Mulig at han da hadde prøvd å banke meg også, men da hadde vi i det miste vore to mot ein. Ein må kanskje tørre å bry seg litt om ein skal hindre vold. Og det handler ikkje om å leike helt, men om å vise litt medmenneskelighet.

Andre bloggere om denne bloggen. According to Julie

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb