Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember 25, 2007

Ein fin sofa eg traff på gata

Oj, ein sofa. Eg synest den matcher døra og karmane. Denne sofaen kunne eg strengt tatt tatt under armen og gått heim med. Men da måtte ein malt veggene grøne og karmane blå.

No er det jul, trekk (ikkje) kniv

Jul. Eg heiter Anne og kjem frå Bygstad og i Bygstad feirar vi jul. Nett no sit eg i eit årleg tradisjonelt juleselskap på Viksdala oppe mellom fjella langt forbi store vatn der folk i gamle dagar måtte ro for å kome seg til sivilisasjonen, dvs Sande eller Bygstad. Vegen her er så smal og svingete og så full av hjort som hopper fram frå skjul, at det er aldri godt å vite om alle som var inviterte i selskap, faktisk kjem fram i live. Veiene her er speilblanke isdekte svingete krokete livsfarlege, og langs veien står det pina dø her og der hårete kyr og kjiker stygt på deg der du skrensar forbi og sladdar rundt neste sving i fattern sin bil som eg forøvrig kjørte felgane av i ein endå meir humpete, svingete, holete og fæl vei som det i tillegg err nitti graders stigning på nedi Bygstad her for nokre år sidan. Felgane traff nokre sauer som stod nedi bakken, men det er ei anna historie. No skal vi snakke om jul. I dag har eg ete middag med mine fettrar. Eg er einaste jenta i familien og eg