Gå til hovedinnhold

No er det jul, trekk (ikkje) kniv

Jul. Eg heiter Anne og kjem frå Bygstad og i Bygstad feirar vi jul. Nett no sit eg i eit årleg tradisjonelt juleselskap på Viksdala oppe mellom fjella langt forbi store vatn der folk i gamle dagar måtte ro for å kome seg til sivilisasjonen, dvs Sande eller Bygstad. Vegen her er så smal og svingete og så full av hjort som hopper fram frå skjul, at det er aldri godt å vite om alle som var inviterte i selskap, faktisk kjem fram i live. Veiene her er speilblanke isdekte svingete krokete livsfarlege, og langs veien står det pina dø her og der hårete kyr og kjiker stygt på deg der du skrensar forbi og sladdar rundt neste sving i fattern sin bil som eg forøvrig kjørte felgane av i ein endå meir humpete, svingete, holete og fæl vei som det i tillegg err nitti graders stigning på nedi Bygstad her for nokre år sidan. Felgane traff nokre sauer som stod nedi bakken, men det er ei anna historie. No skal vi snakke om jul.



I dag har eg ete middag med mine fettrar. Eg er einaste jenta i familien og eg lærte meg tidleg å slost. Før var det middag så slosskamp, og slosskampen varte gjerne resten av selskapet til alle sammen var dønn utslitt. No slåst vi ikkje lenger, han eine er gift og han andre ventar ungar, den tredje har blitt millionær og den fjerde byråkrat, ein vurderer å begynne å jobbe svart og eg er in between projects så det er lite å slost for, og for øyeblikket ligger heile røkla strekk ut på kvar sin sofa og det er kort sagt ikkje plass til meg i staua så eg sit her på gangen å tastar og ser smart ut.





Men dette vart lite julete. I går åpna vi julepresanga. Det var forsåvidt koselig, og så hadde vi ein lang diskusjon om korleis det er å vere på NATO-øvelse og skyte med ag3 i snø. AG3 eller kva det heiter. Eg skyter glatt full pakke på duer på stand, men automatvåpen er ikkje den sterkaste sida mi. Kva anna snakkar ein om på julekvelden? Eit år var det alkoholpolitikk som var oppe til debatt. Eg kjem heldigvis ikkje frå ei slekt som sit å bannar over bensinprisar, iallefall ikkje titt og ofte. Det hadde blitt kjedelig. Men jul. Ja kva meiner eg om jul. Eg et og et og et og et og et og er dritredd for å bli superfeit. Eg kjøper ikkje julegaver anna enn til foreldrene mine og bror min, og eg opplever aldri julestress. Eg tenker stakkars folk som vaskar og polerer og kastar vekk masse tid og krefter på å handle masse presangar til folk som ikkje har lyst på dei presangane. Nei,den tid er forbi for min del og det er det heldigvis skjønn enighet om heime hos oss så vi slepp lurveleven om pakkar. Las på tekst tv her om dagen at ei dame hadde stukke mannen sin med kniv fordi han åpna julegaver for tidleg. Det er liksom ikkje grenser for kva folk får seg til no i desse juletider. Eg nøyer meg med å ligge strekk ut i senga mi og sove 12-15 timer i strekk. Dette er ei tid på året då vi b-mennesker kjem til vår fulle rett og aldri treng stå opp om vi ikkje vil. Så jul er med andre ord b-mennesketid. Kva anna er jul?


Hm.... Kva anna. Jo no må eg faktisk ete meir. Eg må ete kaker og drikke kaffe og eg er steike glad for at denne kjolen er ganske stor. Så må eg høyre litt på rare samtaler som tar uventa vrier og folk som ler drithøgt medan dei et meir kaffe og kaker. Det er koselig.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...