Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 29, 2010

I Bjørnstjerne Bjørnsons kampånd

Utkast til min folketale på Bjørnsonfestivalen 31.august 2010, kl 15 i Alexanderparken, Molde. Eg leser også frå min boksingle XXX på Bjørnsonfestivalen kl 22.15-23, på Skybar Rica Seilet Hotell i Molde same dag. XXX kan kjøpes på nett eller hos Norli, Audiatur osv. Bestill XXX på nettet. I år er det hundre år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døde. Bjørnstjerne Bjørnson er med sin produktivitet og sitt utrøttelige arbeid for det han trur på, eit førebilete for meg som skribent og samfunnsdebattant. Vi opererer i dag i ei, vil eg tru, langt tøffare og meir kompleks medievirkelighet enn Bjørnson gjorde, og i den massive informasjonsflyten vi blir utsett for, er det ofte både vanskelig å nå gjennom og vanskelig å vite kva ein skal tru på eller ikkje av det ein får servert. Og medan Bjørnson var ei eldsjel på vegne av samfunnet i sine bidrag til debatten, ser dagens skribentar i stor grad ofte ut til å eksistere utelatande for å underhalde oss. Det er langt mellom dei oppeldnande sjelene