Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 19, 2007

Forelska i Odda

Her for ei stund sidan var eg i Odda. Eg drog dit som reporter for Klassekampen og skulle gjere eit intervju med den Terje Kolbotn, RVs ordførarkandiat. Då eg vakna neste dag, og såg Odda bada i sollys vart eg faktisk forelska i Odda. No var det nei til UNESCO i Odda, iallefall i første omgang, men skal ein tru visse oddingar, har dei ikkje tenkt å gi seg med det. Eg vart også litt forelska i denne gamle mannen som dreiv å plasserte ut blomster på kaien, mens Odda låg bada i sol. Men eg må innrømme at eg ikkje vart like forelska i smelteverket sjølv om det var fint tagga på eit par av bygningane. Denne benken framfor smelteverket, godt plassert i gågata i Odda, fasinerte meg derimot. Og dette bildet syns eg er ganske kult. Før valgkampdebatten trenger en definitivt en sigg.

Presseklipp frå debattar i 2007

– Eg skjønar ikkje kvifor fylket absolutt skal marknadsføre seg som om det var ein kostymekoloni frå fortida. Dette skriv journalist og student Anne Viken frå Bygstad i eit lesarinnlegg i avisa Firda etter å ha sett Sogn og Fjordane sitt bidrag til feiringa av 70-årsdagen til kong Harald. Ho meiner det er på tide å skifte PR-strategi og slakte eit par fjordingmytar. "Les resten av saka her":http://www.lnk-nytt.no/index.cfm?id=126525 ANNE VIKEN sitt krasse innlegg i Firda måndag om «bunadsmåten» vi marknadsførte fylket vårt på under kongens 70-årsdag, ser ut til å ha skaka mange. Debatten har vore frisk i papiravisa, og på firda.no har det regelrett spruta inn med kommentarar heile veka. «Alle» har ei meining om denne saka, og det gledelege er at det aller meste av det som er blitt skrive av innlegg har vore sakleg. Det illustrerer at Anne Viken har sett fingeren på noko som engasjerer folk. "les Firdas leiar her:"http://www.firda.no/blog/page/stang?entry=ein_kj%C