Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2010

Økologisk landbruk: stort forbruk av emballasje, lange transportavstandar og storskala produksjon

I helgas Dagens Næringsliv magasinet, var det ein reportasje om økonomen Mark Boyle som har levd i ei husvogn i 15 månader utan pengar. Ein skulle tru at denne typen fyr, var ein av dei som naivt omfavna økoditt og datt, men dette er ein mann som har satt seg inn i sakene. Han går ikkje på økobløffemerkevara. Blant anna står dette i artikkelen: "I fem år hadde Boyle arbeidet som bestyrer av to bedrifter som produserte økologisk mat, men han ble stadig mer frustrert. Den økologiske matindustrien var et langt sprang i riktig retning, men hadde de samme miljømessige lytene som den konvensjonelle: overforbruk av plastemballasje, frakt over lange avstander og store bedrifter som kjøper opp små. " Og: "Det er blitt så mange ledd mellom forbruker og produsent at folk ikke ser omfanget av ødeleggelsene og lidelsene involvert i produksjon av mat og andre varer". Det finst håp om at stadig fleire vil avsløre merkevarebløffen "økomat", og kreve reell økomat som ersta

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl

Knausgård fekk skrivesperre av skriveskule. Det fekk eg og.

Idag les eg i VG at Knausgård fekk åtte års skrivesperre av å gå på Skrivekunstakademiet i Bergen. Dette er ikkje uforståelig. Eg har også gått såkalt forfatterskole, om enn litt mindre omfattande enn akademiet i Bergen. Eg fekk også påført skrivesperre. Men då eg sa at eg fekk skrivesperre av å gå på skriveskule, fekk eg kjeft av skrivelæraren: Om du får skrivesperre av å lære å skrive, har du ingenting her å gjere, sa ho. Det var eg enig i. Sånn nesten enig. Jo meir eg lærte, jo dårligare skreiv eg. Eg skreiv meg ut av mitt gode skinn og inn i nokon andre sitt. Henta frå mine notatar på skriveskule: Skriveskular kan gjere det litterære rommet trangare. Ein skal vite kva ein gjer når ein prøver å lære folk og skrive, ellers kan ein føre sine disiplar inn på ein sti så smal og med så solide skylappar på, at dei ikkje maktar tenke sjølv. Resultatet kan bli: ein får uoriginale stemmer og uoriginal litteratur låst fast i trange rammer og malar. Ein må kunne nok til å bryte reglane, j

Les min artikkel om landbruk i fredags-Klassekampen

Skal norske bønder få slavelønn for å pleie kulturlandskapet? Ser du forskjell på ein økobonde og ein konvensjonell? Bortsett frå at økokyr må stå på bås, då. Dette slepp konvensjonelle kyr i framtidas Norge. Trur du denne NRF-kua hadde likt seg i Sahara? . Det som er verdt å merke seg, er at økofolket ikkje kjem til å makte å imøtegå mine argument. Dei kjem til å gå på personen med komiske anklager, heller enn å ta saken;) Dette er i tråd med deira villeiande markedsføring og debattbløffing. Det store spørsmålet er når dei bør inn for forbrukermyndighetene. The story is to be continued... .

Eg vart idag, 24.februar, utsett for eit atentatforsøk

Mora mi laga kakao til meg. Ho bytte om sukker og salt. .

Kva tjener det norske forbrukarar å ha det falske skillet mellom økologisk og konvensjonell mat i Norge?

I realiteten er det så og sei ingen skilnad, men Øikos framprovoserar konflikter og påstår hardnakka at der er skilnader på økologisk og konvensjonelt landbruk. Av og til lurer eg på om dei er totalt blotta for elementær kunnskap i biologi. Du skal tru godt på nissen for å tru at økologisk landbruk i Norge er noko anna enn ein avart av konvensjonelt. Vi har sett ei konvensjonalisering av det økologiske landbruket både nasjonalt og internasjonalt, skriv Bjørn Egil Flø i dagens Klassekampen. Det er sant. Skilnadane er marginale, om dei finst. Lat oss ta to banale ting: kilde er Bioforsk. Under svenske forhold er det bare marginale forskjeller mellom kyr på økologiske og konvensjonelle gårder mht. jurhelse, reproduksjon, lengde på produksjonstiden og metabolisme rundt kalving og tidlig laktasjon. Dette indikerer at dyrehelsen under økologisk melkeproduksjon er like god som den konvensjonelle på disse områdene”. Nils Fall, 2009 En rekke uavhengige undersøkelser har git

Økofjols vil no at Biola ikkje skal heite Biola.. Dei treng visst litt omtale, stakkars overkjørte økofjols

For øyeblikket er Oikos svært bekymret over det sviktende salget av økologiske meieriprodukter de to siste årene. Salgsnedgangen begynte i februar 2008 da Tine flyttet «Ø»-merket til baksiden av kartongen. Samtidig økte de prisen, står det. Kan det også vere at forbrukarane ser gjennom det falske merkevara økologisk? Det kan tenkes. Økomat er i stor grad ein merkevarebløff. Eg har eit forslag. Økobønder: begynn å kaste stål over låven dykkar istadenfor å bruke homøopatisk medisin. Det er cirka like effektivt, og det ville for alvor fått fram useriøsiteten i store delar av økoregelverket. Økologisk og konvensjonelt er same shit, different wrapping i Norge. .

Bygstadrevyen: homsehumor og bomskot på revysjangeren pluss enkelt glitrande sketsjar

Søndag var det revy i Bygstad, altså Bygstad-revy. Den vert omtalt som årets kulturhappening i bygda. Dette set visse krav til at den skal vere bra, og ikkje berre vere årets fordi den tilfeldigvis er den einaste. Eg fekk på førehand beskjed om at eg ville forstå meir av Bygstad ved å sjå denne revyen, kva no det måtte bety, men iallefall drog eg på Samfunnshuset. Revyen er prisa til stive 200 kroner, noko som er i overkant dyrt, men greit nok. Det skjer ein gong i året, og det ligg ei mengde arbeid bak. Det er sikkert verdt det. Søndag kveld klokka 19 var det ikkje fullt hus. Revynamnet er For fulle hus utan takhøgde, men det var sikkert fullt lørdag og på den tidlegare framvisninga søndag. Dette har eg ikkje sjekka, men det er sannsynlig. Lat oss kike litt på papirprogrammet som alle besøkande fekk utdelt på stolane i salen. Det hadde bilete av to nissar og ei høg målestong utanfor samfunnshuset, mellom anna. Ganske morsomt. På side ein inni programmet var det ei "kjære pu

Den spekulative evolusjonspsykologien

Der er mange ting som er spekulativt med evolusjonspsykologien. Eg tok føre meg eit av momenta i denne signert-artikkelen som stod på trykk i Klassekampen lørdag 22.februar. Trykk på bildet og det blir stort og leselig.

Å skrive bok etter Hollywood-metoden er ittnokult

Å skrive bok er eit sant helvete. Iallefall når du må skrive slik forlaget vil, og når forlaget skal legge seg oppi alt og du berre må sei ja og amen og motta den eine motstridande beskjeden etter den andre. Kva oppnår dei med det? Total forvirrelse. Eg innbilte meg at eg var heldig som får skrive bok, men ser no at eg er maks uheldig og fanga i den kommersielle skriv etter hollywood-malen-kverna. Flaks det finst forlag der ute som ikkje har kvern som mal for god litteratur. Antagonist, protagonist. u name it, lag sammenheng, bygg kapittel, men i helvete? Eg vekje ha sammenheng på den måten de vil ha sammenheng. Eg går i vranglås. Dette vil eg ikkje. Eg skjønar ikkje kva de meiner og kva de vil ha meg til å gjere og kva som er greia her. Så eg står dønn fast og skriv heller andre tekstar. Neste gong, om eg skal skrive fleire bøker - det føles som eit mareritt - skal det vere dundrande klart avklart på førehand kva dette er slags prosjekt. Eventuelt inngår eg ingen avtaler før manus er

Tester nytt design på bloggen

Tja, er litt redd eg no "ser ut til å vere nærmare rosablogger" enn anna blogger, men dette er da eit meir "reelt bilde", ikkje eit oppstilt raddisbilde med fake briller, alla det gamle bloggbildet. TJA. Særs spekulativt om blondiner, i tråd med god gammaldags spekulasjonsvitenskap: Natural blonds are likely to be extinct within 200 years. .

Dyrisk psykologi

I mars kjem boka «The Male Brain » avden amerikanske nevropsykiateren Louanne Brizendine . Dette er ei bok alle kvinner besett av tanken på ein spesiell mann, må lese, står det i omtalen på Brizendines heimeside. Det står også at mannens hjerne er ei radmager, simpel problemløysingsmaskin. Ein manns hjerne er besett av rang og hierarki, skriv Brizendine. Eg er svært spent på å sjå kva dokumentasjon Brizendine kjem til å nytte. Mykje av evolusjonspsykologiens dokumentasjon for forklaring av menneskets åtferd kan nemleg seiast å vere særdeles spekulativ. Les kvifor evolusjonspsykologien er spekulativ, og heile signert-artikkelen min i helgas Klassekampen , side tre.

Feminisme er eit akademisk elitefenomen, og Lysbakkens likestilingsutvalg like så

Les Bjørgulf Braanens ledar i dagens Klassekampen her Mine refleksjonar: Kvinnebevegelsen, eller feminisme idag, framstå ikkje som ein inkluderande arena, men som monopolisert og ekskluderande, i stor grad som ein akademisk disiplin monopolisert av nokre få stemmer som vaktar om og definerer rammer og tema utfrå ein definert virkelighetsoppfatning. Dette fører i sin tur til at dei same innfallsvinklane og problemstillingane gjentek seg, med det resultat at ei rekke tema og problemstillingar aldri kjem i fokus. Ikkje minst er det ei rekke stemmer som aldri kjem fram. Dei vågar kanskje ikkje. Feminisme, eller kvinnebevegelse, framstår nemlig ikkje som eit reiskap for alle kvinner, men som eit redskap for enkeltfeministar og spesielt interesserte, gjerne kjønnsforskarar. Det har, i kraft av seg sjølv, blitt ein marginal bevegelse. Det kan også sjå ut til at ein ønsker å vere marginale og for dei få. Slik kan ein også halde på eit "eksklusivt stempel" der ein må "vere eksper

Kvifor ein ikkje kan kalle bloggplakaten for ein "plakat"

No skal eg forklare kvifor eg reagerer på at Bloggplakaten blir kalt for "plakat". ( Første utkast til plakaten, oppdatert utkast ). Det er på grunn av Ver varsom plakaten. Det er ein plakat som pressa forheld seg til. Det er ein plakat som journalistar kan, og køyrereglar som skal beskytte både journalistar og dei som blir omtalt av pressa. Brot kan medføre dom i PFU, Pressens faglige utvalg . Der finst altså sanksjonsmuligheter, og det kan det også gjere fordi reglane blir ansett å vere felles køyrereglar. Å bli dømt i PFU, er pinlig. Dei fleste journalistar kan og følger VV-plakaten. Den består av ei rekke etiske normer journalistar forheld seg til. Ein aksepterer VV-plakaten og PFU fordi dei er demokraisk fundert i pressas eigne organ. Dette står i sterk motsetning til Bloggplakaten som er eit tomannsprosjekt som ikkje er valgt eller representerer bloggarar. Bak VV-plakaten står Norsk Presseforbund , som i sin tur er eit fellesorgan for Norsk Journalistlag , Norsk Reda

Kokkvold og Norsk Presseforbund stiller seg ikkje bak bloggplakaten

slik mange let til og tru, og slik Thomas Moen og co ønsker å gi inntrykk av. Eg ringte dei og spurte idag. Bloggplakatens førsteutkast ligg her. Norsk Presseforbund stiller seg ikkje bak bloggplakaten, slik mange let til å tru. Dette er viktig å klare opp i, all den tid mange har trudd at dei gjorde nett dette. Red: Sjå feks denne bloggposten som uttrykker bekymring for at Presseforbundet skal stå bak. Vidare: (dette er ikkje sitater frå NP, men mine eigne). Plakaten er mynta på rosabloggarar/ kommersielle bloggarar, og er ikkje passande å tre nedover hodet på alle som ein generell bloggplakat. Det må tydelig presiserast kva slags bloggarar plakaten gjeld for. Det er betenkelig at Moen og co prøver å få det til å framstå som om dei har Norsk Presseforbund og Kokkvold i ryggen for å gi legitimitet til eit produkt dei fleste seriøse bloggarar tek avstand frå. Var det ikkje bloggplakaten som oppfordra til "redelighet" og "folkeskikk"? Moen og co kan jo starte med seg

Bloggarar om bloggplakaten

NaKri/ord Av det jeg kan se, er bloggplakaten rettet mot rosabloggerne. De som gjerne blogger om hvor de var i helgen, hvilken leppestift som er in, hvor du får de kuleste skoene, hvor kult de har det med vennene sine… Noen av disse har blitt ganske populære etter hvert, og med populariteten kommer folk som vil tjene penger på deg.. Bloggplakaten mintenkeliggjer alle bloggarar. Vi er nemlig ikkje slik heile gjengen. Difor bør heller ikkje plakaten oppgi at den er ein bloggplakat, eller påstås å gjelde for alle, men vere for den kommerse delen av bloggsfæren, som jo er den den er utforma for. Ab Imo Pectore : er Bloggplakaten svar på bloggverdenens behov for standarder? Antakelig ikke. Kanskje først og fremst fordi de fleste bloggere ikke føler noe behov for standarder og retningslinjer. For mange, kanskje de fleste bloggerne, skal Cyberspace fremdeles være et uregulert område. Weben er fremdeles stedet der frie ytringer finner sitt globale publikum på tvers av kulturer og nasjonale lov

Kva ligg i folkeskikk??

Kven definerar folkeskikk?? Etikk? Moral? Eg berre lurer. Bloggplakaten, som mest av alt ser ut som ein prematur fjortispåfunn, inneheld to punkt. Eit er "vis folkeskikk", og det andre er "følg norsk lov". Jassågitt. Så det held ikkje med norsk lov, vi må ha folkeskikk i tillegg? Eit problem: folkeskikk er udefinerbart. Kvifor ikkje heller skrive at vi skal forhalde oss til ytringsfrihet? Folkeskikk er eit langt trangare rom enn ytringsfrihet. Eller vil dei ikkje ha ytringsfrihet i kommersbloggsfæren til Thomas Moen? .

Slik burde bloggplakaten sjå ut: BLANK!

Klikk her. Nei til fjortis-flinkis-innsnevring av bloggsfæren. Fuck bloggplakaten! Det ser mest av alt ut som om denne Thomas Moen, som har forsøksvist mekka plakaten, sjølv er ute etter merksemd og å tjene kjappe penger, litt PR er jo alltid greit. Ikkje like greit at han kaster sin lite gjennomtenkte flate skygge over oss alle sammen. Plakaten ser ut til å vere utvikla med tanke på ungdomsskuleelvar, eller for mindreårige. Det ser mest av alt, utfrå plakaten, ut som om folk flest må vere OBS på bloggarar, vi er jo både påvirka, kommersielt sponsa og så bortetter. Moen bør ikkje trekke det så langt, og vise så lite kunnskap om sosiale medier, at han trur dette gjeld oss alle. Generalisering ser ut til å vere eit problem her. Skal ein mekke slik plakat, må ein gjere sin research, og det er heilt tydelig ikkje gjort her. Serkje ut som om Moen kjenner populasjonen han forsøker å lage reglar for. Han trur visst at alle vi bloggarar er som han og det som ser ut til å vere Moens venner: glæ

Alle journalistar har politikarvener og sjølvsagt støttar Høgre at Stang er opent engasjert i Ap.

NRK Sogn og Fjordane lagar no i fullt alvor saker på korvidt ein journalist kan ha politikarvenner. Eg lurer litt på korleis det står til der heime når dei kan lage saker utav slike ting som dette: "Partisekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Eirik Aarek, meiner journalistar bør få lov til å vere vener med politikarar (...)." Det ser ut til å vere låg kunnskap om korleis journalistar og politikarar samarbeider og jobbar ilag i kulissene. Vidare: "Aarek trur dei fleste journalistar ikkje har noko imot å vere ven med politikarar i nettsamfunnet, men at ein av omsyn til arbeidsgjevar vegrar seg for at "ingen skal bli tekne på det"." Meiner han dette seriøst? Å ha politikarvenner på nettsamfunn, er det eit problem? Sjølvsagt har vi det. Kva slags verd er det Aarek lever i? Eg har mange politikarvener på Facebook. Det er ein effektiv plattform for kommunikasjon og utveksling av linkar, info og debatt mellom journalistar og politikarar. Lik det eller ei. Det

Bloggplakat på trappene: mot eller med si hensikt? Ser ut til å vere mynta på rosabloggarar

Ein bloggplakat er på trappene. Svært uferdig, om ein skal sjå på det utkastet som no ligg ute, og ein kan jo håpe dei flikker den opp til eit passelig presist eller inkluderande språk før dei måker den ut på markedet og påstår at "bloggere skal følge den". Les her: "når du omtaler merker eller mennesker og oppgi kilder" Så du er påbudt å linke til Coca Cola eller Dell når du skriv om desse på din blogg? Det blir jo påtvungen reklame! Det må vere valgfritt å linke. Ein kvar kan lese den bloggen dei vil, ein kvar blogger må kunne følge sitt bloggevett. Ein treng jo ikkje lese bloggar som ikkje linkar, og ein treng ikkje linke om ein ikkje syns det er nødvendig eller ønskelig. Eit eksempel er om du linkar til ei sak på vg.no. Da blir bloggen din automatisk linka opp under den saka på vg.no og dette er for min del uønska. Eg vil ikkje vere linka opp under saker på db.no eller vg.no. Det kan potensielt vere fint med ein bloggplakat, men den bør vere meir pr

Terrortruslar er ein trussel mot ytringsfriheten

Dagbladets Lars Helle sa til Klassekampen at dei trykte pga nyhetsverdien i tegninga. Spørsmål: ligg nyhetsverdien i at teikninga NYLIG blei posta på PST si side på FB.. Holder det? Kva anna nyhetsverdi har teikninga? Er nyhetsverdien så stor at den fortjener plass på framsida, eller er kuriosaverdien så høg at dei må plasserast der, eventuelt sjokkeffekten? Kokkvold ville ikkje ha trykt teikninga slik Dagbladet gjorde, skriv Journalisten. Han seier ikkje noko om korleis han ville ha gjort det. Denne saken handlar like mykje om etikk som om ytringsfrihet. Det handlar ikkje om korvidt vi kan trykke slike teikningar, fordi det kan vi. Den debatten bør vi ikkje bruke tid på. Årsak: ytringsfriheten er der og den har takhøgde for slike teikningar i avisa. Ikkje noko å snakke om. Spørsmålet er dette: er det etisk forsvarlig, er det klok bruk av ytringsfriheten å trykke ei slik teikning på Dagbladets framside? Det sårar, seier mange. Ja, men ein kan ikkje late vere å trykke saker og ting sjøl

Eg gir ut første skjønnlitterære manus i mars! Hurra!

Featuring SEX LOVE ACTION FINLAND KVINNFOLK OSLO - BERLIN - HYDERABAD KIRKENES http://www.flammeforlag.no/ .

IQ-sperre på bloggen innlagt

om du ikkje klarer kommentere, betyr det berre at du ikkje passerer intelligenstesten som loggar ip-adressa di;) Midlertidig stengt blogg pga eg har for mykje å gjere til at eg gidd forhalde meg til Hausmania-hatarar som ikkje har greie på vintage-møblar. Er vanligvis spart for gjøker og nek på min blogg, men av og til kjem dei innom. Då legg eg ned kommentarforbod. Det opplyste demokratiet lenge leve. Autoritær fredag er herved innført.. .

Truslar/ sjikane frå folkevalgt i Arbeiderpartiet

Eg les på journalisten.no om ein journalist som har motteke truslar frå ein eller anonym person. Så går redaktøren til politiet med saka. Det er bra. Trusler kan vi ikkje ha. Eg har sjølv mottatt ei rekke sjikanøse epostar av truande karakter frå ein person som i alle epostar oppgir fullt navn, adresse og telefonnummer. Han har også sendt sms. Til og med kona hans har drive og kontakta meg. Mannen sit i tillegg som folkevalgt for Arbeiderpartiet. Til slutt måtte eg gå til politiet med saka. Arbeiderpartiets stortingsrepresentantar er klar over saka, dei er informert frå bånn til topp, men dei gjer tilsynelatande ikkje noko med det. No går mannen laus i fleire nettfora og sit fortsatt som folkevalgt. Spørsmål: Kan vi ha slike folkevalgte? Kan vi ha folkevalgte som truar oss som dei er valgt til å styre for? Eg berre spør. Nettsamfunnet Origo er også klar over saka og har motteke informasjon og dokumentasjon på kva mannen skriv og bedriv. Dei er også klar over at eg måtte gå til politi

Kva i h*** er poenget med å kaste ut folk frå Hausmannsgate 42?

What the f... is going on.. Oslo kommune møter opp klokka seks om morgonen, utan forvarsel, og kastar ut folk. Dei får knapt ta med seg ein einaste eigendel. Oslo må ha plass til slike stader . Det er berre tragisk med denne utkastelsen. Support! Det var pinlig å vere der og sjå politiet som stod der og briska seg med dei patetiske skjolada sine medan betongbilen stod og murte igjen vindua i Hausmannsgate. Er det eit så stort problem for firkantkommunen Oslo å ha litt husokkupantar og byøkologi og den slags? Måååå dei renske byen for alle som ikkje er like kvitlakka som dei sjølv ønsker å vere? Hausmaniagardane har eit levande miljø og masse bra folk. Eg syns det var både pinlig og patetisk å vere vitne til politi, brannmenn og den der jævla sementbilen som stod og murte att vindu: alle opningar skal murast igjen med sement. Jada. For det er sikkert demokratisk. Så får vi litt patetiske blankskurte studentboliger her. Sikkert gøy. Kva med alle dei studentane som bur her som no er kasta

Portrettintervju med meg i Nationen

Klikk på bilda og dei blir store og leselige. Gjengitt med tillatelse.

Norske kommuner profilerer seg for likt: klarer ikkje få fram det unike

Trykk på artikkelen og den blir stor og leselig.

Fattigmanns død

Theodor Kittelsen, alltid like fasinerande. Sjå fleire bilder her.

SOGNING HALALSLAKTET PÅ BAKROMMET.

På Østlandet ble det kalt gonzo-journalistikk. På Vestlandet kalte vi det vanvidd. Halalslakt av sogningar er i strid med Lov om velferd for sogningar. Før var det kirkebrenning, no er det kirkepizzastjeling. hihi

Rart å lese om seg sjølv

Det er dødsrart å lese om seg sjølv i avisa (helgas portrett i Nationen, eller kommentarar i Firda som analyserer mitt hovud for den del). Eg skjønar aldri heilt greia med at dette skal vere så interessant, og blir alltid like fasinert av at det er så interessant å skrive om MEG. Men, det er ikkje meg dei skriv om. Det er fenomenet, ideen AV. Lat oss ta ein side kick: idag las eg om Norges mest leste bloggar i Dagbladet Magasinet. Ho har 70 000 treff på sin blogg per dag og slår knock out på tv2.no i antal treff. Det er godt gjort. Ho er berre 14 år. Men det er ikkje overraskande. Dei mest lesne bloggane i dag er fjortisbloggar. Men kva har ho å melde? Det handlar om kler og sminke for det meste. Men det at ho har lite å melde er ikkje interessant i seg sjølv. Det interessante er fenomenet "Norges mest leste blogg": korleis får ho det til? Korleis er det å vere dette fenomenet? Korleis funker det? and so on. Eg vil sjå bilde av ho, lese om ho, vite kva ho driver med, ha detal

Portrettintervju av meg i Nationen imorgon, lørdag

Avisa kan du kjøpe i PDF her. Eg kan ikkje garantere ei ny skandalesak, men vi kan jo håpe. Har ikkje lese saka. From hesteklinikken, 2009 Bildet er tatt i etterkant av samtalen. Eventuelt har det ingenting med saka å gjere. .

Sliper kniven, eller tastane for ein last dance med dette *h....* manuset

Eg tenkte eg skulle skrive ei bok. Det var lettare enn eg hadde trudd å få forlag. Problem: det var vanskeligare enn eg hadde trudd å skrive bok. No sit eg her å filer på tastauturet og vurderer å gå på veggene. Det er det seigaste eg har vore med på. Det er skrekkelig kjedelig, og no står eg beint fram dønn fast. La det gå ein fanden i manus så eg greier å bli ferdig her. Eg vil ut og leike. .

Menneske eller bloggar?

Eg blir stadig konfrontert med at folk trur at eg er min blogg. AViken = A Vikens blogg. Dei trur også at AV-skribent = AV in person. Dette er ein plagsom rollemiks, men eg får den slengt på bordet titt og stadig, rett nok av folk som ikkje kjenner meg. Aldri av kjenningar. Dei ser person og retorikk i sammenheng, men på ein heilt anna måte enn dei som ikkje kjenner meg. Dette er sikkertnok naturlig, all den tid ein hekter på folk det ein veit om dei, men eg er altså ikkje min blogg. AV in person er ikkje lik AV bloggar, eller kva ein måtte tru. AV-skribent er heller ikkje lik AV in person. Min blogg er ei slags rolle, slik som andre tar på seg roller på ei scene eller ein går inn i jobb. Dette kan også seiast om mi skriveverksemd. Eg er eksempelvis heller ikkje "eg" i mine manus. Det er alt fiksjon, spel for galleri, roller ein går inn i. Eg vil gjerne fri meg frå desse rollene når eg går privat. Men eg er alltid like usikker på korleis eg skal angripe dette spørsmålet: er d

Om tiltakspakkar - kronikk frå Bergens Tidende

Sogn og Fjordane: ein bananrepublikk? Det siste Sogn og Fjordane treng er eit taparstempel som bidreg til å auke avstanden mellom by og bygd, mellom suksess og nederlag. Sogn og Fjordane slit med fråflytting og nedgang i folketal. No vil Høyanger Arbeiderparti, ifølge stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), sende inn eit forslag til Sogn og Fjordane Ap sitt årsmøte om ettergivelse av studielån for tilflyttarar. Slik vil dei bekjempe den dårlege folketalsutviklinga. Dette krisetiltaket inkluderer at unge som flyttar til fjordfylket i framtida kan få omgjort studielån til stipend. Tiltaket skal, om ein vel å gå inn for det, vere midlertidige inntil folketalet igjen bevegar seg i rett retning. Heggø var ute med forslaget i haustens valgkamp, og møtte då ein del motbør før det blei stille. Eit slikt tiltak har fleire slagsider, bør det bli gjenstand for ein brei debatt. Det er fleire spørsmål som er naturleg å stille: Kva er dei konkrete utfordringane for Sogn og Fjordane? Er det eit