Gå til hovedinnhold

Menneske eller bloggar?

Eg blir stadig konfrontert med at folk trur at eg er min blogg. AViken = A Vikens blogg. Dei trur også at AV-skribent = AV in person. Dette er ein plagsom rollemiks, men eg får den slengt på bordet titt og stadig, rett nok av folk som ikkje kjenner meg. Aldri av kjenningar. Dei ser person og retorikk i sammenheng, men på ein heilt anna måte enn dei som ikkje kjenner meg.

Dette er sikkertnok naturlig, all den tid ein hekter på folk det ein veit om dei, men eg er altså ikkje min blogg. AV in person er ikkje lik AV bloggar, eller kva ein måtte tru. AV-skribent er heller ikkje lik AV in person.

Min blogg er ei slags rolle, slik som andre tar på seg roller på ei scene eller ein går inn i jobb. Dette kan også seiast om mi skriveverksemd.

Eg er eksempelvis heller ikkje "eg" i mine manus. Det er alt fiksjon, spel for galleri, roller ein går inn i. Eg vil gjerne fri meg frå desse rollene når eg går privat.

Men eg er alltid like usikker på korleis eg skal angripe dette spørsmålet: er du din blogg? Eller: kor mykje av deg er i din blogg? Nei, seier eg. Eg er ikkje min blogg. Min blogg er ein bitteliten del av mitt virke, og overhodet ikkje mitt hovedvirke. Likevel blir denne bloggen via ein del merksemd: du ER din blogg.

TJA. Eg hopper uti store ord som andre hopper uti eit basseng, seier eg. Og så veltar eg meg i desse orda.

Er det DU som har AV-bloggen?

Ja, seier eg. Og dei er alltid like overrasaka. Du ER jo ikkje hissig! Nei, seier eg. Eg er ikkje så hissig. Bloggen er derimot hissig.

Man or machine? Woman or blogger? Female devil, blogger frå indre helvete, seier dei og kviskrar i buskene. Bit ho? Nei, eg bit sjelden.

Eg veit ikkje kva eg skal gjere med problemet "du er din blogg", men saka er no iallefall oppklart.

Eg ER IKKJE min blogg. De som måtte tru noko anna skal eg ete til frukost.

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...