Gå til hovedinnhold

Om tiltakspakkar - kronikk frå Bergens Tidende

Sogn og Fjordane: ein bananrepublikk?


Det siste Sogn og Fjordane treng er eit taparstempel som bidreg til å auke avstanden mellom by og bygd, mellom suksess og nederlag.


Sogn og Fjordane slit med fråflytting og nedgang i folketal. No vil Høyanger Arbeiderparti, ifølge stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), sende inn eit forslag til Sogn og Fjordane Ap sitt årsmøte om ettergivelse av studielån for tilflyttarar. Slik vil dei bekjempe den dårlege folketalsutviklinga. Dette krisetiltaket inkluderer at unge som flyttar til fjordfylket i framtida kan få omgjort studielån til stipend. Tiltaket skal, om ein vel å gå inn for det, vere midlertidige inntil folketalet igjen bevegar seg i rett retning. Heggø var ute med forslaget i haustens valgkamp, og møtte då ein del motbør før det blei stille.


Eit slikt tiltak har fleire slagsider, bør det bli gjenstand for ein brei debatt. Det er fleire spørsmål som er naturleg å stille: Kva er dei konkrete utfordringane for Sogn og Fjordane? Er det eit problem at folk ikkje vil flytte dit, eller er problemet at der ikkje er relevante jobbar til dei som vil flytte dit? Fylkesmannen påpeiker på sine nettsider utfordringa: mange ungdommar vil gjerne bu i fylket, men det finst ikkje høveleg arbeid for dei der. Mangel på relevante jobbar er eit problem for høgt utdanna arbeidskraft som ønsker å flytte til fylket. Ein treng heller ikkje snakke med mange utflyttarar før ein får bekrefta denne påstanden: vi vil gjerne heim, men kva skal vi drive med der, er eit typisk utsagn etter fem år ved eit universitet.


Spørsmål: Kva er poenget med at de tilbyr dykk å betale ned studielånet mitt når de ikkje kan tilby meg jobb?


«Mulighetene for å få ønsket type arbeid er en grunnleggende faktor for bostedsvalget, skriv Norsk institutt for by og regionsforskning (NIBR) i rapporten «Bosettingspreferanser, flyttemotiver og flytteprosesser», og vidare: «Et lokalsamfunn som ikke kan tilby relevant arbeid, kan vanskelig lokke en person som er ute etter en viss type jobb med andre kvaliteter i stedet.» Meningsfullt arbeid er den hyppigast utløysende faktoren for kvar ein buset seg.


Spørsmål to: Kvifor gå inn for eit tiltak som skapar eit inntrykket av undergang og eit samfunn på veg utfor stupet?


Eit slikt krisetiltak vil gi legitimitet til biletet av Sogn og Fjordane som eit taparfylke. Dette stempelet blir ikkje lett og fjerne når krisetiltaket først er implementert og marknadsført, sjølv om tiltaket i etterkant vert fjerna når/ viss folketalet begynner å stige igjen. Då er skaden alt gjort. Taparfylket Sogn og Fjordane er født og vil leve vidare. Stempelet vil ta årevis å vaske vekk.


Imagebygging er viktig, skal vi tru Kommunal- og regionaldepartementet som tilbyr omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet. Spørsmålet er kva vi skal med omdømebygging når vi har tiltakspakkar? Det eine nullar effektivt ut det andre. Krisetiltak kan nemlig virke mot si hensikt:

«Folk vil helst ikke assosieres med steder som blir stigmatisert på ulike måter. [...] Kategorisering og beskrivelse av kommuner og områder med folketalsnedgang og andre typer nedgang, bidrar til negativ selvforståelse", skriv Nordlandsforskning i Sentraliseringens pris - eller gevinst? Individets trivsel og lokale utfordringer.


Det siste Sogn og Fjordane treng, er nok eit taparstempel. Det er på høg tid at dei som skal tale vår sak, sluttar og fortelle oss at bygda er i ferd med å gå under. Negativ marknadsføring av utkantstrøk bygger ned sjølvtilliten, og bidreg til å auke avstanden mellom by og bygd, mellom suksess og nederlag. For sjølv om Sogn og Fjordane slit med folketalet, er ikkje elendighetsforsterkande tiltak rett ende å starte i.

«For mye negativ omtale undergraver mer enn underbygger budskapet om at vi er attraktive. Hva er det som egentlig betyr noe for folk? En fare ved å grave seg for mye ned i egen elendighetsbeskrivelse er at mange, oftest ungdom, snarest ønsker å komme seg ut og kanskje ikke flytte tilbake. Det hjelper lite med bru, buss og tog dersom framtidstrua, sjølfølelsen og identiteten mangler,» skriv seniorrådgiver Marianne Solbakken ved Kompetansesenter for distriktsutvikling på Distriktsbloggen.


Spørsmål tre: Kva slags målgruppe er tiltaka retta mot?

Vi kjem ikkje heim. I den rykande ferske NIBR-rapporten «Demografi og næringsutvikling i Sogn og Fjordane» står det at «Av de som tar høyeste utdanning, flytter i det lange løp 85-90 prosent bort fra oppvekstkommunene sine. Av disse er det kun 12 prosent som når de er 40 år bor i en annen kommune i fylket.» Spørsmålet er om det vil hjelpe å forsterke inntrykket av at skipet synk.


Spørsmål: Kvifor ikkje prøve å spele på det folk vil ha, heller enn å spele på undergangsstrengen?


I artikkelen «Mot strømmen» i Plan 03-04/2009 stiller Mai Camilla Munkejord spørsmålet «Hva får folk til å flytte nordover «mot strømmen», til steder som defineres som perifere og rurale?» Kun eit intervjuobjekt i artikkelen nemner avskriving av studielån som ein avgjerande faktor for å flytte nordover.

Dei fleste peikar på spektakulær natur, relevant arbeid og kvalitetar ved å bu på mindre stadar: «De vet hvordan det er å ha «hundre kulturelle tilbud hver eneste dag, og så knapt ha tid eller råd til å bruke et eneste ett, men i stedet daglig bruke irriterende mye tid på trikken, bussen og T- banen», (...).


Spørsmål: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?


Svar: NEI.


Då Dagens Næringsliv ilag med Statistisk sentralbyrå i 2008 kåra kva kommunar i Norge som var best å bu i, kom to Sogn og Fjordane- kommunar på topp: Luster og Leikanger. Vi hadde tre kommunar inne blant dei ti beste. I tabell for levestandard har vi to kommunar blant dei ti beste, i tabell for sosiale forhold fire av ti topplasseringar, og i tabell for tjenestetilbud tre av ti på topp. Dette er svært bra med tanke på at der er 431 kommunar i Norge. Statestikken viser at vi ikkje har behov for krisenedbetaling av studielån. Det vi treng er arbeidsplassar for høgt utdanna arbeidskraft.


Ved å tilby småpengar på konto til ressurssterke høgt utdanna menneske stempar ein effektivt Sogn og Fjordane som eit uland. Midt mellom Møre og Romsdal med Grandiosa, og Hordaland med Bergen, vil Sogn og Fjordane bli liggande som ein bananrepublikk. Vi kan håpe at Ap vaknar opp og legg vekk forslaget om å klistre eit taparstempel på eit av Norges mest ressurssterke fylker.


Kronikken her.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys