Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 23, 2008

Er det noko gale med norske universitet?

I innlegga Se til Tyskland og Husk navnet mitt! kritiserer studentar ved UiO opplegget for bachelorstudentar. Stikkord: Dårleg oppfølging på seminar med seminarledarar med elendig kunnskapsnivå (masterstudentar). Kven kjenner seg ikkje att? Eg har gått frå mang ein seminartime på blindern. Eg skal her ikkje kome med ein lang utdjupande kritikk av UiO og UiOs nivå, men eg tok ein bachelor i Internasjonale studier med venstrehanda og blikket festa på heilt andre ting, og eg har ikkje eit dårleg snitt i statsvitenskap. Stiller ein kort sagt for låge krav til norske studentar på bachelornivå? Eg tørr ikkje uttale meg om master sidan eg aldri har tatt ein mastergrad. Eg har derimot straks ein cand.med.vet-grad i veterinærmedisin , og det er ingen tvil om at krava til kva du må kunne på veterinærhøgskolen, er laangt høgare enn krava til same karakter ved UiO: Den innsatsen ein legg inn for ein B ved UiO, held kanskje til ein E ved NVH. Kvifor er det slik? Er veterinærmedisin så mykje van