På min veg til Kirkenes   går eg ombord på hurtigruta i Tromsø. Tromsø har stort, nytt  glasbibliotek i fleire etasjar, ishavskatedral og rådhus der lysa  blinkar i takt i lyshow oppover i etasjane når kvelden sig på.    Tromsø har også eit livlig uteliv, og eg fekk ei detaljert innføring i  byens nattklubbar av ei dørvakt eg møtte i mi jakt på fiskemat.   Ombord i hurtigruta merka ganske snart at eg var ein av dei yngste  ombord. Eg deltok med andre ord på verdas vakraste pensjonistreise, og  etter kort tid sat eg linja opp framme på dekk blant ei lang rekke  andektige pensjonistar.   Sjå på dei små gardane, seier ein  engelsk turist når vi er på veg ut frå Tromsø. Små gardar ligg nede i  strandkanten under tett skog og bratte fjellsider. Bur her verkeleg  folk? Og har dei veg? Ein heil flokk engelske turistar lener seg mot  ruta i panoramasalongen og deltek aktivt i jakta på ein veg. Jo,  sanneleg. Det ser ut som om det er ein veg der inne mellom trea, utbryt  den eine. Resten av...