Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 21, 2007

Eg e skribent.

Kåseri (Opplest på RadioRakel FM 99,3 i Oslo og omegn, fredag 21.september kl 09.45 som eit innslag i litteraturprogrammet Fabulatoriet. ( http://www.radiorakel.no/ ) Eg e skribent/ journalist. Eg e urban og politisk og kan masse om alt og e kjempekritisk te makta. Eg meiner sjøl at eg e ingen elitist, men får høre at det e berre sprøyt. Eg seier da at eg e folkelig elitist, men får høre at også det er berre sprøyt. Ein bli målt opp og ned på kryss og tvers og mange skal ha ei meining om det du gjer. Nokon les alt du skriv og andre ingenting, mens nokre folk gir totalt faen. Slek e naturligvis verda. Livet som tastaturklimprer e kort sagt ein blanda affære. Av og til skriv du noko veldig rett. Då haglar det inn med bestillinger av artiklene dine til divsere foredrag, eller du får tusenvis av kroner for å sitte tjue minutter i eit debattpanel, blir invitert til å åpne litteraturfestivaler, eller blir omtalt i avisa kvar einaste dag. Då er livet ein dans på roser og du blir opprin

For folk eller elite?

Nynorsk for dei som vil eller dei som må Av Anne Viken, journalist No ønsker Språkrådet å normere nynorsken. Enden dei startar i, er blant anna å ville fjerne sideformene (klammeformene). Det vil eksempelvis sei at i-endingane og ein del bokmålsnære bøyingar av verb vert fjerna. For å sette dette litt i perspektiv, vil eg først ta eit tilbakeblikk på debatten rundt nynorsk i juni, kort sagt fordi ein del av reaksjonane eg fekk i etterkant av denne, er relevante for debatten språkrådet no reiser. Mange av reaksjonane har vore av typen: vi kjenner oss så godt att i det du skriv. Folk kjem bort i sosiale lag, eller sender mail og ringer. Der traff du spikaren, seier dei. Vi klarer heller ikkje skrive rett nynorsk, og vi kjenner oss heller ikkje att i retorikken rundt nynorsken eksemplifisert med dei politiske skillelinjene by-land, og den evige messinga om at nynorskfolk blir sett på som bønder av bokmålsfolka, for blir dei egentlig det? Dette er engasjerte folk som skriv s