Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 18, 2010

Feminisme er eit akademisk elitefenomen, og Lysbakkens likestilingsutvalg like så

Les Bjørgulf Braanens ledar i dagens Klassekampen her Mine refleksjonar: Kvinnebevegelsen, eller feminisme idag, framstå ikkje som ein inkluderande arena, men som monopolisert og ekskluderande, i stor grad som ein akademisk disiplin monopolisert av nokre få stemmer som vaktar om og definerer rammer og tema utfrå ein definert virkelighetsoppfatning. Dette fører i sin tur til at dei same innfallsvinklane og problemstillingane gjentek seg, med det resultat at ei rekke tema og problemstillingar aldri kjem i fokus. Ikkje minst er det ei rekke stemmer som aldri kjem fram. Dei vågar kanskje ikkje. Feminisme, eller kvinnebevegelse, framstår nemlig ikkje som eit reiskap for alle kvinner, men som eit redskap for enkeltfeministar og spesielt interesserte, gjerne kjønnsforskarar. Det har, i kraft av seg sjølv, blitt ein marginal bevegelse. Det kan også sjå ut til at ein ønsker å vere marginale og for dei få. Slik kan ein også halde på eit "eksklusivt stempel" der ein må "vere eksper