Gå til hovedinnhold

Feminisme er eit akademisk elitefenomen, og Lysbakkens likestilingsutvalg like så

Les Bjørgulf Braanens ledar i dagens Klassekampen her

Mine refleksjonar:

Kvinnebevegelsen, eller feminisme idag, framstå ikkje som ein inkluderande arena, men som monopolisert og ekskluderande, i stor grad som ein akademisk disiplin monopolisert av nokre få stemmer som vaktar om og definerer rammer og tema utfrå ein definert virkelighetsoppfatning.

Dette fører i sin tur til at dei same innfallsvinklane og problemstillingane gjentek seg, med det resultat at ei rekke tema og problemstillingar aldri kjem i fokus. Ikkje minst er det ei rekke stemmer som aldri kjem fram. Dei vågar kanskje ikkje. Feminisme, eller kvinnebevegelse, framstår nemlig ikkje som eit reiskap for alle kvinner, men som eit redskap for enkeltfeministar og spesielt interesserte, gjerne kjønnsforskarar. Det har, i kraft av seg sjølv, blitt ein marginal bevegelse. Det kan også sjå ut til at ein ønsker å vere marginale og for dei få. Slik kan ein også halde på eit "eksklusivt stempel" der ein må "vere ekspert" for å uttale seg. Ikkje alltid hensiktsmessig når ein av mange blir ansett som avleggs. Og kvifor ansett som avleggs? Fordi den er ekskluderande og avviser kontakt alt den er uenig med. Den blir forbikjørt på livets landevei.

Det kan umulig bli "lykkelig demokratisk debatt" når ein må vise til eks antal tusen lesne sider feministisk teori for å kunne uttale seg om kvar skoen trykker. Det blir lykke for dei få som beheld monopol og spalteplass. Feminisme framstår i dag i stor grad eit mediefenomen, iallefall for den som ikkje sjølv er engasjert på det praktiske plan.

For meg handlar feminisme i stor grad om toleranse, men feminisme framstår med trange rammer. Dette skuldast i stor grad stemmene som fører debatten, og som slik gjer at mange ikkje kjenner seg verken att i problemstillingane eller gidd engasjere seg. Mange føler også at feminismen blir for teoretisk og strukturfokusert. Det er langt frå ideal til virkelighet og denne avstanden er vel neppe til å unngå. Den kan likevel vere verdt å påpeike.

Eg vil ikkje påstå alt var betre før, eller at ting ikkje bør endre seg, tvert imot. Men ser ein på Sirene-blad frå 70-talet og samanliknar dei med Fett idag, ser ein at Sirene var meir praktisk orientert og langt meir "folkelig" enn det vi får inntrykk av at feminisme er idag. Fett er eit godt tidsskrift, men folkelig kan det ikkje beskuldast for å vere. Det er like lite folkelig som feminismen sjølv er i 2010. Feminisme har gått frå å vere folkebevegelse til å vere ein intellektuell hobby for enkeltkvinner.

Så kvar er dei vanlige kvinnene i debatten om feminisme og likestilling? Dei er der ikkje. Årsak: dei er ikkje kvalifiserte eller relevante nok. Spør feministar og Lysbakken om kvifor. Eg har ingen andre svar enn at desse kvinnene manglar ein doktorgrad i kjønnsforskning. Kven sa demokrati og likestilling.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...