Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember 15, 2012

KUNSTsf2012 Tour - alle youtube-episodane samla. Eit sosialemedier prosjekt

KunstSF2012 Tour er eit prosjekt som set fokus på kunst i Sogn og Fjordane ved bruk av sosiale medier: youtube, facebook, blogg og twitter. Det er eit prosjekt som tek i bruk sosiale medier for å nå ut til publikum. Sogn og Fjordane er eit fylke der nye ting av mange i fastgrodde posisjonar blir sett på som rett og slett fæle greier, og dette har vi merka litt til. Eg synest det er eit interessant feltstudie å observere kor liten kunnskap mange forvaltarar tillet seg å ha. På same tid finst her ei masse folk som tenker nytt og innovativt, utan å jamre seg over lågt folketal og andre bortforklaringar ein raskt kan gripe til. Det har vore interessant for meg, etter mange år i Oslo, å erfare kor ekstremt tung og inngrodd materie som finst i Sogn og Fjordane, og kva uprofesjonelle haldningar som er til media hos folk i posisjonar ein hadde venta seg kunne slikt. Dette var nye opplevingar etter nokre år som journalist i Oslobaserte medier. Lokalmediene har nok ingen lett jobb med slikt m