Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember 3, 2009

Naturvitarar, Vassnes og media

Media lir av omfattande mangel på kunnskapar i naturvitskap. Bjørn Vassnes gjer ikkje saka betre. Vassnes er vitenskapsskribent, men når Vassnes tek på seg å vere våpendragar for dei stakkars naturvitarar, begynner det å skurre. Desto meir skurrar det når Vassnes går i krigen tungt væpna med såre tær i tillegg til ei rekke rekke ubekrefta hypoteser. «Naturvitenskapen utdefineres av kultureliten», hevdar han i Klassekampen 18.november. Han meiner at naturvitenskapen blir utdefinert av kultureliten, kven det enn måtte vere. Eg, som naturvitar, har mange gonger lurt på kven Vassnes snakkar på vegne av. Dreg han i kampen på vegne av meg mot den Vassnes-definerte kultureliten? Ein får følelsen av at han mest av alt snakkar på vegne av seg sjølv: om korleis han føler seg utanfor og korleis han ikkje får den statusen han gjerne vil ha. Årsakene kan blant anna vere at han ofte frontar ei høgst personlig oppfatning, men som vitenskapsjournalist bør Vassnes vite at ein ikkje kan konklude