Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 11, 2012

Kva slags bilete har media skapt av veterinærane? Fotos frå ein ekte hestepraksis

Eg har skrive om dette før, og eg tek opp artikkelen om veterinærar i media igjen i forbindelse med lansering av barneboka mi Elise og mysteriet med dei døde hestane som handlar om, ja nettopp, ein veterinærpraksis. Virkeligheten som veterinær er langt meir spennande og underhaldande enn den virkeligheten du får presentert gjennom medias underholdningsveterinærar. Her er nokre fotos frå praksis med hest. Praksis med hest er hovedtema i mi bok. (Foto er gjengitt med tillatelse frå hestens eigar). From hesteklinikken, 2009 Kasting av hest før CT-scanning av hovudet. Kasting foregår i ein godt polstra kasteboks. From hesteklinikken, 2009 Hesten vert heisa opp etter beina From hesteklinikken, 2009 og lagt på eit polstra bord From hesteklinikken, 2009 Her ligg hesten med hovudet inne i CT-scanneren. Ein skal sjekke om den har skader i hovudet/ munnen. From hesteklinikken, 2009 From hesteklinikken, 2009 Hesten vaknar opp i kastebokse

Bok frå bygda - intervju frå Nationen i full lengde

Intervju om barneboka i Nationen kan lesast her.  Sidan det er ganske nedkorta på trykk, kan de lese full versjon her: Kvifor gir du ut barnebok? Fordi eg har lyst. Eg satte meg i hovudet at eg skal skrive barnebok, og så gjorde eg det. Det var ein styrkepröve, men bok skulle det bli om så det small. Og fordi veterinärar har eit hav av fortellingar å vidareformidle. Historier om menneskeskjebnar og dyr. Desse heng tett saman. Her kjem ein del av desse historiene.   Kva handlar boka om? Den handlar om Elise på tretten år som er med onkel Kalle og köyrer veterinärpraksis i Tordenbygda. Tordenbygda er ei gamal bygd spekka med gamal overtru, legender og eventyr. Den er inspirert av Trygve Gulbranssens triologi om folket på Björndal: Bakom synger skogene, Det blåser fra Dauingfjell, og Ingen vei går utenom. Så begeistra er eg for Gulbranssen at eg har kalla den störste garden i boka for Björndal. Resten av stadnamna er henta frå Selma Lagerlöfs bok Gösta Berling