Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2008

Dagens lokalmediedebatt: kva vil mediene?

Eg deltok i dag i debatt på Dagsnytt atten klokka 18.50 mot redaktør i Firda. Eg stiller store spørsmålsteikn ved om redaktør i Firda har lese min kronikk, eller om korvidt han eigentleg er interessert i å forstå kva som står der. Eg er ikkje ute etter å krangle, men å diskutere, men når det ser ut til at det ein skriv skal og må vrangtolkast, er det jo klart det heile vert komplisert. Uansett viser debattengasjemanget både i Klassekampen siste dagane og i Bergens Tidende, at det er stor støtte for kritikken blant fagfolk, mediefolk og diverse andre, stort sett dei fleste, og dei har svært gode, godt begrunna argumenter. Eg må sei eg synest det er svært interessant å følge debatten, men eg synest ikkje det er svært interessant å lese lokalmedieredaktørane sine svar. Årsaka er denne: dei utelatande forsvarar seg og går defansivt i strupen på meg. Greit nok, gå gjerne i strupen på meg, det er dykkar valg, men mitt spørsmål er dette: kvifor tek ikkje redaktørane tak i debatten? Kvifor bru

Tromsø dag 3 museum

På min første intervjufrie dag på tur nordover, drog eg avstad for å kjike på museum. Eg kjeik eg innom nordnorsk kunstmuseum. Der fann eg dette biletet ganske fasinerande. Det heiter Live Photo No.7, 2004 Sunday 17:45 2004 og er teke av Crispin Gurholt. Kanskje ikkje eit spesielt koselig motiv, men det minner meg om Diesel-reklamen frå nittitalet, altså klesmerket Diesel. Så steig eg innom Polarmuseet i Tromsø. Fasinerande norsk polarhistorie, livet ombord på skipa og eventyrlysta som dreiv Amundsen og Nansen. Så har vi Perspektivet Museum i Tromsø som viste sitater frå russiske sjømenn. Korleis ser dei på oss? Føler dei seg velkommen her? Og til sist Tromsø kunstforening , gallery of contemporary art. Samtidskunst er fasinerande. Ein av dei tinga eg gledar meg til med å kome tilbake til Oslo, er å gå på kunstopningar. Skjelett av metall, kanskje ikkje det mest inspirerande eg har sett i mitt liv, men det er jo lett å sjå kva det er. Dette første ser ut som ein maurslukar, det an

Hurtigruta - verdas vakraste pensjonistreise - dag 1

Ombord i hurtigruta merka ganske snart at eg var ein av dei yngste ombord... Søndagen gjekk vi i land i Kirkens, eg for å snakke med lokale folk om ting og tang, og pensjonistane for å ta buss til Nordkapp. Honningsvåg var innhylla i tåke.. Les kommentar Verdas vakraste pensjonistreise. Att ligg Honningsvåg. Eg anar ein slags desperasjon. Er postkortsalg på kaia siste utveg for å overleve? Finst det ei framtid for slike små samfunn langs kysten? Eg lurer på om dei skal bli til kulisser over eit liv som var, kulisser av ein idyll gamle damer frå kontinentet ønskjer å oppleve akkomangert av dyr vin og drinkar på dekk.

Debatt om lokalmediene på P2

http://www.nrk.no/radio/ P2 tirsdag 29.juli kl 08.30 debatt mellom Firda-redaktør Jan Atle Stang og BTs debatttredaktør Hilde Sandvik. Her kjem det heilt klart fram at lokalmediene i fylket har eit problem.. jamfør Stangs svar på kritikken som går kun på "Firda er ikkje sånn", "kjenner meg ikkje att". Kvifor ikkje ta ein debatt og ikkje berre sitte å krampeaktig forsvare seg med påstander om at "Firda er bra nok"-type argument? Dette igjen dokumenterer mitt poeng: ingen debatt, kun bla bla, påstander og ord mot ord. Sogn og Fjordane treng kritisk presse og god debattkultur, ikkje ord mot ord og defansive sjølvforsvar. Offansive lokalmedier, ja takk!

Kos, kor og konfirmasjoner

Journalist Anne Viken har 23. juli en viktig kronikk i BT. Hun tar bladet fra munnen og kritiserer lokalmediene i Sogn og Fjordane for lavt ambisjonsnivå og dårlig journalistikk. Lokalavisene er stappfulle av saker om kos, kor og konfirmasjon. Dette redaksjonelle overfokuset på «trivelige» nyheter i lokalmediene, er skadelig fordi distriktene uteblir som samfunnsdebattant. (...) Pressestøtten Det er svært interessant å se hvordan redaktørene i Sogn Avis (Eli Grotle) og i Firda (Jan Atle Stang) reagerer på kritikken fra Viken. I BT beskylder Grotle Viken for å oppheve seg sjøl til allviter fordi hun våger å sparke mot lokalavisen si, mens Stang mener at Viken ikke vet nok om å jobbe i lokalavis. Ifølge Stang er det visst ikke nok ressurser i Firda til å lage god journalistikk. De to redaktørene bekrefter gjennom sine tilsvar mye av Vikens kritikk, og de viser liten forståelse for lokalpressens samfunnsrolle. Uttalelsene deres bidrar heller ikke til

Dei sløve lokalmediene - originaltekst i Klassekampen 21.juli 2008

Eg køyrer av stad i eit attgrodd landskap, gjennom smale mørke tunnelar og møter ein politikar frå Sogn og Fjordane. Ho er oppgitt. Det er for så vidt kjekt for ho at ho kan drikke kaffien sin i urørt natur, og operere som ho vil langt unna medias kritiske søkjelys, men på den andre sida hadde det og vore behov for kritisk og avslørande journalistikk også her ute, meiner ho. – Kvar er journalistane, spør ho oppgitt? Men journalistane er her. 16. april stod saka «Syre på munn og hender» på trykk i Firda. Ei anonym mor fortel at sonen fekk batterisyre på hendene då han leika med ein bil kjøpt hos Biltema i Førde. Årsaka til at mora er anonym, er at kvinna sjølv er journalist i Firda. Er dette korrekt måte å bruke anonym kjelde på? 19. april står saka «Sterkt innsamlingspress» på trykk i Firda. Ei anonym kjelde som ikkje sjølv har ungar i Bygstad barnehage seier til avisa at foreldra i barnehagen blir utsett for eit stort press i samband med dugnadsarbeid. Ingen andre kjelder er brukt for

Tromsø dag 2 medier

Eg liker ikkje anonyme leserbrev, men dei fungerer godt som vitsar. Klippa frå avisa Tromsø

Tromsø dag 2

I mandagens utgåve av fiskaren kan ein lese om vanskapt fisk, og spekulere i årsaka. Nordområdesatsinga har utgangspunkt i naturressursane i området, men ein kan lure på kva som kan bli konsekvensane for fiskeressursane. Seismikkskyting er for eksempel ikkje noko som går heilt stille for seg. .. så ein kan spekulere... Denne sinte dama traff eg langs vegen i Tromsø. Ho har hol inn i skallen der augene er, sånne stikkande djupe, trange, mørke auger... og like bortanfor traff eg ein isbjørn på bar. Den liker best Mack-øl, sa den. .. og eg ser her at Tromsøs varaordførar vel helst hadde sett at ho vart ordførar ved kommunevalget høsten 2007. Plakatane er rimelig standhaftige, det må eg sei, som har halde ut vind og ver i omtrent eit år. I dag har eg avdekka stadig nye perspektiver her i nord. Det er virkelig ei gullgruve av stoff eg vasser i, men eg kan ikkje drive å blåse sakene her i bloggen;)

Betty Friedan og bokbyen i Fjærland

Ein fantastisk interessant stad eg besøkte i sommar, er bokbyen i Fjærland. Bileta viser husa som husar bøkene, og litt av inventaret. Hit kom eg for å gjere eit intervju, og her vart eg verande i det lange og det breie for å handle og kjike på bøker, med der resultat eg kom ein del forseint til neste intervju kan du sei... I etterkant vart eg dei neste dagane sittande rett ned å lese i timesvis. Passa godt i sommarveret som har vore i Sunnfjord ein del av sommaren. Her fann eg ei kjent bok som eg må anbefale. Det er ei av dei aller mest interessante bøker eg har lese på all den tid. Min guru innanfor feminsme har til no vore Simone de Beauvoir og boka Det annet kjønn, men no segla Betty Friedan heftig opp på sidelinja med " Myten om kvinnen ". Den bokbyen er ei gullgruve. Biletet over viser tegneserieskuret. Her får du 12 fantomet for 100 kr. Det seier litt om prisen.. Her fann eg også fleire årgangar av bladet Sirene . Mora meg storvegs og har lest ut alle blada. No må e

Tromsø dag 1

På mi reise mot nord har eg no kome til Tromsø. Her har eg aldri vore før. Noko av det første eg gjekk på, var desse dyra på gata. Dei står litt rundt omkring her i sentrum. Eg, som den maktsugne jævelen eg er, gjekk strake vegen frå flybussen til Rådhuset for å prate litt med lokalpolitikarar. Det meste av årsaka til at eg gjekk hit, er at eg er journalist og snakkar med lokale om nordområdene, men eg hadde aldri lagt ut på ei slik reise som dette om det ikkje var for genuin interesse i samfunn, politikk, medier og nordområder spesifikt. Dette kan eg skrive langt og mykje om. Når vi sit i sør og ser mot nord, er det lett å trekke eigne konklusjonar basert på stortingsmeldingar om nordområda, regjeringas nordområdestrategi og den halleluja-prega regjeringsbestilte Econ-rapporten "Ringer i vannet": Econ spår i sin analyse at Norge blir snudd på hodet. Fra fraflytting, arbeidsløshet og statlig tiltakeri blir Nord-Norge omskapt til et pressområde med tilflytting og et dynamisk o

Kafe Nærleiken i Eikefjorden

Gro Rukan har opna kafeen Nærleiken i Eikefjorden. Eg drog dit ein tur for å drikke kaffe med villsaubonde Hilde Buer. Det var riktig så hyggelig. Her ser ein dørskiltet... ... og inventaret. Alle møblane kan du kjøpe og ta med deg heim om du har lyst. Stil på ein ha på kafe. Maten ser lekker ut.. og til og med toalettveggen i første etasje er dekorert. Gjennomført med andre ord. Slik ser kafeen ut frå gateplan i Eikefjorden. Her er Hilde og Tassen. Dei ventar på anten økologisk is, god kaffe, heimelaga muffins eller anna godt. Den økologiske isen kan absolutt anbefalast. Same kan muffins og kaffe. Ute er det god plass til store hundar... ... og om du skulle bli kald på beina, kan du gå ned i butikken i kjellaren og kjøpe deg eit par tøflar frå Mongolia. Fare trade-varer, eller rettferdige produkt som det heiter på norsk. Her finn du mangt og mykje... .. blant anna desse skålene frå Afrika som er laga av emballasje. Veldig kule. Her har Gro også skåler med fiskemønster på! Og Fanta ell

Bodø dag 2 og 3

Kunst på moloen i Bodø. Det er svært interessant å reise rundt og snakke med folk og næringsliv. Eg må sei eg er mest fasinert av næringsliv, meir enn av lokale politikarar. Næringsliv er meir hands on, politikarar er mindre konkrete. Om de vil høyre meir om lokalt næringslivs perspektiv på samarbeid med russisk næringsliv, foreslår eg at de høyrer på programmet i grenseland på radiorakel FM 99,3 imorgon, torsdag, kl 08.00. Då er eg direkte inne på telefon med rapport frå Bodø før turen går vidare til Tromsø. Neste torsdag til same tid, er eg direkte inne frå Kirkenes. Kva utfordringar møter lokale, små aktørar innanfor næringsliv når dei søker samarbeid med vår store nabo i øst? Korleis har mentaliteten i russisk næringsliv endra seg i takt med den økonomiske utviklinga? Very interesting. Følg med, følg med. Imorgon er det Tromsø. Både Tromsø, Bodø og Sør-Varanger kommune har ordførar frå Ap og varaordførar frå SV. Nordområdesenter for næringsliv som ligg i Bodø, tilknytta høgskole

Dei sløve lokalmediene

Kvar er redaktørane? Samfunnsdebatten i Sogn og Fjordane skrik etter analyse og kompetanse medan lokalavisene overlet dei viktigaste nyhendene til BT og riksavisene. UNDERHALDNINGSKANINAR: Randi Førsund vil svømme Sognefjorden på langs. Terje Lyngstad vil burne. Stig Eikaas vil gi mange tusen kroner til den som spraya statuen av Gjest Baardsen i Sogndal rød. Der stoppar kulturdebatten i Sogn og Fjordane, meiner Anne Viken. Screenprints av BTs saker i papiravisa. Kronikken ligg på nett, og stod på trykk i Bergens Tidende 23.juli 2008, stod først på trykk som Med andre ord-artikkel i full lengde i Klassekampen 24.juli. Her er BTs versjon: Publisert: 23. jul. 2008, 06:00 Oppdatert: 23. jul. 2008, 09:52 Av Anne Viken, journalist og fri skrivande, Bygstad/Oslo Eg køyrer av stad i eit attgrodd landskap, gjennom smale mørke tunnelar og møter ein ordførar frå Sogn og Fjordane. Ho er oppgitt. Det er for så vidt kjekt for ho at ho kan operere som ho vil langt unna

Kafekultur til bygda

"Ein kafé er ikkje berre ein kafé og kaffe, men uttrykk for ein mentalitet og ein måte å leve på. " Og no kjem det fleire kafear på bygda, små rare kafear med slipsutstillingar og absurde opningstider, og bygda treng kafékulturen av ein enkel grunn: bygda klarer seg ikkje utan ungdom. Den sosiale kaf€kulturen med sine samlingsstadar kan bidra til trivnad og motverke folketalsnedgang. Det kan ikkje halvsteikt burger. les kommentaren i Nationen her. Bildene viser den nydelige kafeen på koselige Mundal Hotel i Fjærland. Alle foto Anne Viken her er heile kommentarteksten frå Nationen: Kafékultur til bygda " Ein kafé er ikkje berre ein kafé og kaffe, men uttrykk for ein mentalitet og ein måte å leve på. " Anne Viken, fri journalist i Bygstad og Oslo Nokre pensjonistar sit og sladrar på ein lokal kafe i Sunnfjord. Regnet høljar ned og røyken ligg tett under plasttaket blant plaststolane. Oppned blomsterpotter tjener som oskebeger, men oska ligg utover bordet, og på pl

Bodø dag 1

Då eg kom til Bodø, fekk eg ta bussen gratis til sentrum frå flyplassen. Sikkert fordi eg såg så forvirra ut, drog på stor kamerasekk og spurte om studentrabatt. Eg hugsa heller ikkje namnet på hotellet eg skulle bu på, så eg prøvde meg litt fram og til slutt kom vi fram til at det heitte Zefyr og at verken bussjåføren eller den eldre dama i fremste sete hadde høyrt om det, men ein resonnerte seg fram til at det måtte vere sjukehushotellet, eller hospitset? Eg vart litt nervøs. Eg er på reportasjereise og ikkje på sjukehusturne og såg meg sjølv brått blant beinbrot og verre ting. Den eldre dama i fremste sete ringte då til opplysninga for å finne ut nummeret til sjukehuset og så til sjukehuset for å høyre kva sjukehushotellet heiter, og det heitte Zefyr. Dermed viste den eldre dama og bussjåføren meg vegen heilt fram til hotellet, og hotellet viste seg å vere heilt ypperlig. Eg gjekk så dei ti minutta til Bodø sentrum for å kjøpe meg litt mat og havna her: Eg sit å et dårlig burger ved

Les Fett - tidsskrift for damer som vil ha noko anna enn informasjon om siste trusemote

Nytt nummer i salg no! Her har blant anna underskrivne skrive eit portrettintervju av professor i samfunnsmedisin, Johanne Sundby. Sundby er ikkje redd for å seie at ho er flink. Det er bra. Sånne damer kan fungere som forbilder for oss andre som også meiner vi er flinke. Eg anbefaler alle å lese dette intervjuet (sjølvsagt - det er jo meg som ha skrive det, men på den andre sida seier Sundby veldig mykje bra om kvinner og debatt). Vi treng fleire flinke damer som kan bidra til å heve blant anna nivået i samfunnsdebatten med kunnskapsbaserte utspel. I dag er debatten dominert av menn i stor grad. Det er ikkje farleg å delta, einaste ein må vere forberedt på, er alle dei som manglar kunnskap og som liker betre å uttale seg om person enn sak. Desse debattantane vil vel alltid vere der, ein må berre heve seg over dei. Då kan dei som ikkje liker det du skriver, berre sitte der på gjerdet sitt og banne medan dei slår i veggen og jamrar seg. Eg møter aldri denne sistnevte kjøkkenbordgrupp

Dyrevernsorganisasjonen NOAH bidrar til å fordumme norsk offentlighet

Dyrevernsorganisasjonen NOAH har liten eller ingen tillit i faglegekretsar, og bidreg til å fordumme publikum i bjørnedebatten. (lesarbrev i Firda onsdag 2.juli 2008) av Anne Viken, journalist og snart ferdig utdanna veterinær. Som journalist i eit av Noregs største mediehus blei eg fråråda å bruke NOAH som kjelde i saker, nettopp på grunn av organisasjonensrykte som fagleg lite etterretteleg, og med god grunn. NOAH har liten eller ingen tillit i faglege kretsar, blant anna på grunn av at deistadig skriv denne typen lesarbrev spekka med fagleg upresise påstander og tendensiøs bruk av statistikk. Heller enn å framstå som ein fagleg seriøs aktør som bidreg til å hevenivået i bjørnedebatten, sausar NOAH saman tal og påstander, og spelerpå denne måten på lesaranes uvitenhet om dyr og rovdyrpolitikk. NOAH bidreg med fagleg fordumming av publikum. NOAH bidreg også til åforsterke sitt eige rykte som useriøse.Eg foreslår at NOAH for framtida set seg inn i sakene dei frontar. Kanskje kan dei p