Gå til hovedinnhold

Bodø dag 2 og 3

Kunst på moloen i Bodø.

Det er svært interessant å reise rundt og snakke med folk og næringsliv.

Eg må sei eg er mest fasinert av næringsliv, meir enn av lokale politikarar. Næringsliv er meir hands on, politikarar er mindre konkrete.

Om de vil høyre meir om lokalt næringslivs perspektiv på samarbeid med russisk næringsliv, foreslår eg at de høyrer på programmet i grenseland på radiorakel FM 99,3 imorgon, torsdag, kl 08.00. Då er eg direkte inne på telefon med rapport frå Bodø før turen går vidare til Tromsø. Neste torsdag til same tid, er eg direkte inne frå Kirkenes.

Kva utfordringar møter lokale, små aktørar innanfor næringsliv når dei søker samarbeid med vår store nabo i øst? Korleis har mentaliteten i russisk næringsliv endra seg i takt med den økonomiske utviklinga? Very interesting. Følg med, følg med.

Imorgon er det Tromsø. Både Tromsø, Bodø og Sør-Varanger kommune har ordførar frå Ap og varaordførar frå SV.

Nordområdesenter for næringsliv som ligg i Bodø, tilknytta høgskolen i Bodø, har mange interessante prosjekt: Nordområdesenteret (NOS) ved Handelshøgskolen i Bodø arbeider med å utvikle Russlands- og Nordområde-kompetanse for bedrifter i Norge og andre land.

Utruleg interessant.
Ei anna interessant utvikling, er forsvaret. Ressursforvaltning langs kysten i nord. Ein viktig bit av nordområdesatsinga. Forsvarsstudien 07 seier litt meir om dette.

På tampen vil eg anbefale eit fint hotell her i Bodø: Zefyr hotell.
Her bur eg. God service, god mat, internett, stort bad, få minutt å gå frå Bodø sentrum. Kort sagt alt ein reisande treng for å leve komfortabelt og behageleg.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys