Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 10, 2011

Då eg sende brev til kongen

Då eg var lita, sende eg lange brev til Kong Olav, og så til Kong Harald og fortalte om kva eg dreiv med. Eg fekk svar begge gongar og breva hadde eg på veggen. Det var ganske stort for meg å skrive brev til kongen. Kongen Slottet Oslo var adressa, og den var lett å hugse. Breva hadde vannmerke og var på ekte kongepapir. Det var litt swung over å få brev frå ein konge. Ekte swung og ein stor dag. Eg hadde det i ryggsekken fleire dagar og viste det fram på bussen så alle fekk ta på det. Eg hugsar også ein gong eg var ganske nær Dronning Sonja ein gong vi var i Finnmark. Det var og ganske kule greier for meg, ein liten stilk frå landet. Ein ekte kongeleg. Lat folk som skal få krigskorset få lov til å møte Kongen. Å møte Kongen er litt spesielt. Det blir liksom ikkje det same å møte Jens. Og kva er det ellers vi har konge til? Første gongen eg møtte Jens, var på Ap-landsmøtet i 2005. Han såg på meg og spurte: er du journalist i studentavis? Og det var eg. Nærmare bestemt ny