Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 11, 2010

Skal eg gidde skrive nynorsk på jobb som journalist?

TJA. Eg er ikkje sikker. Det er så kranglete å sitte og slite med dette rotete språket når ein jobbar under tidspress. Gi meg god tid, og nynorsk er ok. Det må vere svært vanskelig for folk å skrive nynorsk når ikkje ein gong vi som skriv mykje, orkar dette språket. Jamfør forfattar Brynjulf Jung Tjønn som forlot språket etter å ha gitt ut to bøker og slost seg gjennom to rundar med nynorsk korrektur. Les Jung Tjønns Farvel til nynorsken i Aftenposten. No skriv han bokmål i NRK. Mitt bokprosjekt er på reinspikka bokmål. Eg gidd ikkje eingong tenke på alle orda eg måtte ha tatt ut, alle omskrivingane, alle forboda, alle dei forkrøpla gamle orda eg måtte ha nytta i mitt bokmanus. Difor valgte eg bokmål. Det var vi alle einige i. Trur forlaget var like glade. Men slik er det. Nynorsk er ikkje levedyktig med mindre noko graverande blir gjort. Det er mange ein kjenner som forsøker seg på nynorsk, men desse skriv eit musealt og dårlig språk. Kvifor ikkje ha eit språk som vi som brukar språk