Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2009

Damer i Sogn og Fjordane

Eg fann på Sognebloggen denne artige kommentaren om damer i Sogn og Fjordane, skriven av Georg Arnestad. Eg gleder meg nesten til eg blir seksti år, like gamal som Arnestad, og har eit større overblikk. Av og til, når du er under tretti - kanskje det kjem seg når ein blir over tretti - føles det som om ein såvidt når opp over bordkanten kva oversikt over verden/ maten på bordet, angår. Eg føler av og til utstrekt frustrasjon over at eg ikkje forstår meir enn eg forstår, men eg gjer da mitt beste for å skjønne mest mulig. Og eg føler at det kjem seg, men på same tid. Eg har så mange ting eg vil ha sagt, men som eg ikkje klarer å sei fordi eg ikkje kan nok eller ikkje har nok tid til å sette meg inn i det godt nok, eller fordi eit eller anna. Men det kjem seg. I mellomtida får ein satse på å bli klokare, dag for dag. Eg gjer mitt beste, eller kanskje ikkje alltid, men det kjem seg uansett. Og så synest eg det er bra at Georg Arnestad kaller meg talentfull, men han rangerer iallefall to

Ut av Blindern-bobla, om rektorvalget ved UiO

Skal Universitetet i Oslo bli ein viktig samfunnsinstitusjon, må rektor heve stemma. ( Denne kommentaren står på trykk i Dag og Tid denne veka). Rektorvalkampen skadar Universitetet i Oslo (UiO) sitt omdøme, skreiv studentavisa Universitas sist veke. Dette viser ei undersøking som kosta 450 000 kroner og var utført av verdas største kommunikasjonsbyrå, Burston-Marstellers, på oppdrag frå universitetet sjølv. Burston-Marstellers hjelper oppdragsgivarar å få gjennomslag, står det på nettsida deira, gode råd har lov å vere dyre, og når den svertande rektorvalgkampen i disse tider atter ein gong skal rulle over Blindern, er det viktig å vakte sine steg. * Midten av denne kommentaren er klipt bort og ligg ikkje her på bloggen. Dette er kun ein reklamesnutt. Heile kommentaren kan lesast i avisa. * Hev stemma Runde ord og vendingar er fint å høyre på, men er ikkje godt materiale for konstruktiv debatt og gjenreising av UiO som ein viktig samfunnsinstitusjon. UiO har rundt 30 000 studentar

Trikken - eg elskar deg

Eg elskar å reise med trikk, men trikken elskar ikkje alltid meg. Av og til er trikken veldig sein, og eg rekk ikkje t-banen, og av og til er det straumbrot og snø, og eg ryk uklar med trikken kavande i snø og mørke på veg i ein eller anna retning der trikken ikkje har samarbeidstilbod for øyeblikket. Men idag venta trikken på meg. Den køyrde litt framover frå stoppet på Birkelunden, så stansa den og opna døra så eg kunne gå på. Takk, gentleman, sa eg til trikkeføraren. Dette var sjelden vare frå ein trikk. Vanlegvis køyrer dei berre avstad. Når du sit på t-banen eller trikken, er du under huda på Oslo. Det er då du virkelig i byen, i blodet, føler deg urban. Eg er ein svoren trikk og t-baneelskar, og hadde det ikkje vore for at ein av og til har litt dårleg tid, kunne dei gjerne vore forsinka heile tida for min del. Eg hatar stress og mas. Vår tid er smekk full av begge deler, og av og til vurderer eg å ta ei tidsmaskin. Då tek eg gjerne trikken. Trikken er full av folk og lukter og l

Det står ein varulv uti gangen, mor lille hau hau!

I say: ja I say: ein varulv I say: utanfor døra I say: !!! I say: han kjem for å slipe tennene sine på trusene mine! I say: ka skal ein gjere! arve says: gud hjelpe...... I say: er han ein truseslipande truseslusar eller ein truseetande trusesnusar I say: spør du, spør eg! I say: spør vi alle ihop I say: nei ditta gårkje lenger I say: I say: cut the crap I say: HERRE! ver meg nådig. her i trusesliperhimmelen I say: øks. neeeei ikkje øksa I say: haha I say: ØØØØKS I say: hohoho!!!

To år sidan bunadsdebatten!

Imorgon, 26.februar 2009, er det to år sidan bunadsdebatten starta i Sogn og Fjordane. Kick off var dette innlegget , og eg kosar meg med det den dag i dag. Eg må sant å seie innrømme at denne debatten har skaffa meg ei rekke nye vener i fjordfylket, samt også ei rekke surpompar som ikkje tåler trynet mitt, men desse sure merkar eg lite til. Det eg derimot merkar noko til, er dei interessante bekjentskapa der ute, og alle dei interessante samtalane eg aldri i verda hadde fått med folk frå Sogn og Fjordane om det ikkje var for bunadsinnlegget. Og dette seier eg ikkje for å vise musklar eller for å ta hevn, men fordi det er sant. Responsen blant politikarar og andre tyder på at dette er noko som er viktig å ta tak i. Det har blitt meir og meir klart for meg at her er det utrulig mange kule folk, og det hadde eg ikkje visst/ desse hadde eg ikkje blitt kjend med, hadde eg ikkje skrive dette innlegget. Krake søker make, og det er mange som meiner som meg. Og dei er ikkje verken kjipe eller

Ut av bobla

Idag var det første møtet mellom dei to rektorkandidatane ved Universitetet i Oslo. Begge peika på viktigheten av å vere synlige, og av å vere ein viktig samfunnsaktør, men ingen av dei var spesielt konkrete på kva dei vil. Dei vil gjere bra ting, ha gode forhold for studentar og forskning, men kva betyr det i praksis? Då kom eg på denne saka som eg skreiv som journalist i Universitas, back in the days. Ut av bobla. Eg trur ikkje det er så dumt å tenke på kva rolle ein vil innta, og at ein som rektor deltek i samfunnsdebatten. Ikkje lat det vere sant som Rune Slagstad seier , at dei utydelige er på veg oppover stigen i akademia. Dei som ikkje bryr seg om anna enn karriere. (Og ja, eg veit at begge rektorkandidatane alt har gjort karriere, men no tek dei atter eit steg/ prøver å ta atter eit steg og det krev at dei maktar å sei andre ting enn ukonkrete ja og amen til kvalitet og utvikling).

Dagens sitat: frå beat-generasjonen

"First thought, best thought." Spontaneous insight - the sequence of thought-forms passing naturally through ordinary mind - was always motif and method of these compositions. Allen Ginsberg, New York City, June 26, 1984 (Author's Preface, Reader's Manual, Collected Poems 1947-1980) Trua på eigen genialitet, uredigert, i nuet.

Atter eit tiltak som forbind nynorsk med ordet "tvang": Nynorsktvang for momsfritekne aviser

Eg siterer direkte frå Noregs Mållags heimeside: - "Om nokre veker skal Stortinget handsama språkmeldinga ”Mål og meining”. Tor Fuglevik meiner politikarane på same tid bør diskutera ei lovendring som tvingar momsfritekne aviser til å bruka begge målformer. Forslaget er godt og det kjem til rett tid." Her bruker ein pisk, ikkje gulrot, og tillegg atter ein forbindelse mellom ordet "tvang" og "nynorsk", akkurat som om denne linken ikkje var der frå før. Mange forbind nettopp nynorsken med tvang, så kvifor tvinge nynorsk på enda fleire og skape desto fleire negative assosiasjonar? Kvifor kan ein ikkje gjere nynorsk til noko kult, ikkje til atter ei tvangssak? Journalistar bryr seg ikkje om dei kan skrive på nynorsk eller bokmål, skriv Bergens Tidende. Det overraskar overhodet ikkje. Og dei som kan velge mellom nynorsk og bokmål, vel ofte også bokmål. Å gjere det til ei kampsak å få nynorsk på trykk i VG , Dagbladet og Aftenposten: er det virkelig ei sak å

Leik, løgn og sodomi

Dagens sitat er henta frå Dag og Tids intervju med Lars Ove Seljestad om hans nye bok Frægd. Han seier: "Eg ryddar meg eit rom og gjer kva eg vil. Har nokon vanskar med det, er det ikkje mitt problem. Skal ein leggja seg opp til alle mogelege politisk korrekte prosjekt, får ein heller la vera å skriva. (...) Eg har rana meg eit fritt rom i eit gjennomkontrollert og gjennomdisiplinert samfunn. (...) Eg vil rikka ved førestellinga om at me er så moderne og frie og individualiserte." Mine frie kommentarar til sitatet: Tommelen opp - det er tidvis ganske trøttande å forhalde seg til alle dei politisk korrekte. Det er ei lita utfordring å halde seg vaken til tider ettersom kvart einaste argument frå motparten kunne ein ha forutsagt to år i forvegen. Takk og pris for alle som har noko friskt å kome med. Men politisk korrekthet er eit vanskelig begrep. Det kan vere korrekt å meine noko som er heilt i strid med virkeligheten, berre fordi det er "korrekt" å meine dette. Nei,

En rik partner gir flere orgasmer

Sitater frå helgas Dagens Næringsliv: - Kvinner er mer fornøyd med ikke-økonomiske faktorer. Derfor er kvinners lykke mer motstandsdyktig i nedgangstider, noe som kan forklare hvorfor kvinner verden over nå er lykkeligere enn menn. Spandable menn får flest kvinner i seng, og ikke nok med det: Kvinner får hyppigere orgasme jo rikere mannen er. En kontroversiell undersøkelse som antyder at kvinner er naturlig programmerte til å bytte kjærlighet mot penger. Kvinner er også mer generøse: Halvparten av dei utro kvinnelige millionærene i ein undersøkelse, planla å gi elskeren flere presanger og større pengegaver. Dette var en langt høyere andel enn blant de utro mannlige millionærene. Hillary Black, kvinnen bak boken The Secret Curreny of Love: The Unabashed Truth About Women, Money, and Relationship, oppsummerer det hele slik: En generasjon forvirrede feminister med et komplisert forhold til penger. Ja, hva skal man si til det.

Oslo - winter wonderland

Låg kvalitet på seminarundervisninga ved UiO

All undervisning er kunst, skriv lærer og psykologistudent Cecilie Benneche på lesarbrevplass i Aftenposten idag (8.feb 1009). Hennar reaksjon er svar på kronikken av Svein Tore Marthinsen i same avis, der Marthinsen skriv at seminarundervisningen bør innta ei nøkkelrolle ved universiteta. Min umiddelbare reaksjon var at denne kronikken var både svært naiv og tufta på smale eigne erfaringar som seminarleder. Seminarundervisninga slik den er per i dag, er iallefall ikkje på SV-fakultetet anna enn reine sorgen på mange av faga. Eg reagerte som Benneche då eg las kronikken. Ho skriv: "Jeg har imidlertid vært på så mange dårlig ledede seminarer at jeg finner det viktig å si noe om dette". Eg er heilt einig. Mi, og mange andre si erfaring med DEI OBLIGATORISKE seminara ved Universitetet i Oslo (eg har ein bachelor i Internasjonale studier ), er at dei held eit så lågt fagleg nivå at det er kort sagt bortkasta tid. Mykje tid går med på å gi informasjon om korleis seminara skal leg

Den største terrortrusselen i India er ikkje Pakistan.

(Denne kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 30.januar 2009). 19.desember landar eg i Hyderabad i India. Hyderabad, også omtalt som Cyberabad, ligg i delstaten Andhra Pradesh og husar Microsofts største campus utanfor USA samt tre Taj Mahal hotell. Dei ser alle ut som store slott. Dette er det andre India, seier admiral L. Ramdas, tidlegare sjef for den indiske marinen, der vi står i rulletrappa opp til tredje etasje i Prasads IMAX Theater, verdas største 3D kino. Det første India i denne samanheng, er India utanfor luksusen, og utanfor storbyen der spesielle økonomiske soner som skal gi auka eksport, auka inntekter og større global makt, sakte gneg i seg beiteland og landsbyar der ein bonde tek livet av seg kvart 22.minutt. Dansegalla og sjølvmord Likevel. Det er ikkje få spaltemeter som går med til å mimre over det andre Indias minner om gamle dagars dansegalla i Taj Mahal, og til å fortelle om alle dei nye sikringstiltaka i forbindelse med gjenopninga av hotellet. Nokre spaltemeter

Feminist!

Generell synsing utan praktiske eksempel kan foregå slik: Eg lurer på om det i heile tatt går an å kalle seg feminist lenger, all den tid fleire av feminismens spaltesoldatar/ og argumenterande kontorintellektuelle baserer seg mest på å gjengi enkel grunnfagsteori i kjønn frå Blindern. Kvifor seier eg dette? Eg les Fett og synest det er eit supert tidsskrift og eg kjenner mange bra feministar, men av og til vert eg såå lei av teoriveldet. Då får eg lyst til å skaffe meg ein praktisk feminist og hive teoriterroristane på dynga. Småkk!

Obama

en natt våknet jeg og jeg greip etter ei bok av Barack Obama leste om den gangen i New York, da Barack Obama fikk en telefon og beskjeden: faren din er død! og jeg leste at han om nettene pleide sitte på taket sammen med en kamerat og brøle til mennesker på gata som ikke plukket opp dritten etter hundene sine – PLUKK OPP DRITTEN ETTER DERE! og jeg vet ikke hva Obama tenkte, men noe må han ha tenkt da telefonen ringte– at noe var forbi og at han ikke visste hva som ventet, og at det var ikke han som var blitt forlatt, min første tanke var at nå var han i New York omgitt av hundedritt det var et paradoks presidenter roper ikke fra takterassen til folk på gata – presidenter er ikke omgitt av hundedritt og jeg la meg til å sove