Gå til hovedinnhold

Låg kvalitet på seminarundervisninga ved UiO

All undervisning er kunst, skriv lærer og psykologistudent Cecilie Benneche på lesarbrevplass i Aftenposten idag (8.feb 1009). Hennar reaksjon er svar på kronikken av Svein Tore Marthinsen i same avis, der Marthinsen skriv at seminarundervisningen bør innta ei nøkkelrolle ved universiteta. Min umiddelbare reaksjon var at denne kronikken var både svært naiv og tufta på smale eigne erfaringar som seminarleder. Seminarundervisninga slik den er per i dag, er iallefall ikkje på SV-fakultetet anna enn reine sorgen på mange av faga.

Eg reagerte som Benneche då eg las kronikken. Ho skriv: "Jeg har imidlertid vært på så mange dårlig ledede seminarer at jeg finner det viktig å si noe om dette". Eg er heilt einig. Mi, og mange andre si erfaring med DEI OBLIGATORISKE seminara ved Universitetet i Oslo (eg har ein bachelor i Internasjonale studier), er at dei held eit så lågt fagleg nivå at det er kort sagt bortkasta tid. Mykje tid går med på å gi informasjon om korleis seminara skal leggast opp, og mas og bla bla, og så er det å gå gjennom ein haug middelmådige oppgaver som studentane har lirt av seg for å få seminaret godkjent.

Så sit ein der da, og har lyst til å lære, men må bruke tida si på middelmådige oppgaver og seminarledarar som ikkje har peiling på faget sitt, som gjerne kan mindre enn deg sjølv og som i tillegg manglar det minste fnugg av pedagogisk innsikt. Det er frustrerande når du som student faktisk er der for å lære, og når du har eit tett program. Mi løysing på problemet har vore å skrive oppgaver, gjere det ein må og så stikke. Kanskje ein feig taktikk, men å lide seg gjennom time etter time med retting av alt frå skrivefeil til forkortelsar av navn, er eit sant mareritt, og kva oppnår ein med det? Lite eller ingenting.

Men nåde skal gå for rett. Eg har hatt to gode seminar i mitt liv som student ved UiO, og det var i dei to faga INTER1000 og INTER3090, innføringsemnet og avslutningsemnet på bachelorgraden i Internasjonale studier. På begge faga var Benjamin deCarvalho frå NUPI seminarleiar. Han er veldig flink til å engasjere og lære frå seg. Når ein har ein dyktig underviser, er seminarundervisninga genial. Ein kan sitte i mindre grupper og prate og høyre på innspel og få konkret kunnskap, ikkje berre kaste vekk tida på ein seminarleiar som heilt tydelig ikkje har breiddekunnskap og innsikt nok til å leie universitetsstudentar.

Eit minimumskrav til seminarundervisningen burde vere at ein klarer å skaffe kvalifiserte lærekrefter.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...