Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 12, 2008

Vakker blå hest

Denne hesten fann eg i Aftenposten og klipte den ut. Det er ein vakker blå hest. Eg fall pladask, ikkje fordi det er ein hest, men fordi det er ein blå hest. Men no hugsar eg ikkje kven som har laga det eller kvar utstillinga skal vere. Så begeistra vart eg for denne blå hesten at eg mista både lesesans og hukommelse. Eg vil gjerne ha dette bildet på veggen, men akkurat no er det kun eit avisutklipp.

Litteratur på Blå

Tirsdag var det Litteratur på Blå med ja, nettopp, litteratur, vin og jodling. Forfattern var ein laidback dud frå Helsinki (Mikko Rimminen) som klarte å trekke det å skrive bøker ned på bakken: Kvifor vart starten på boka di som den blei? Tja, nei, ei bok trenger jo ein start. Kvifor er det så mange som liker boka di? Nei, det aner eg virkelig ikkje. Med andre ord ein stor, og deilig, kontrast til høgtsvevande karakterar som Hanne Ørstadvik der du omtrent må halde deg fast i ein stol for å ikkje havne oppe under taket når du lyttar til dei svært abstrakte tilnærmingane til litteraturen og det å skrive. Rimminen preika om å drikke øl og å henge i byen, og gjorde det å skrive til det der er, nemlig eit handverk. Eg føler at dette spørsmålet er viktig, iallefall når ein skriver sjølv: "Planlegg du karakterane sine handlingar på førehand, slik at du veit kva du skal skrive når du set deg framfor tastane, eller kjem handlinga til deg der og då?" Rimminen svarte omtrent dette: &q