Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 29, 2008

Tomromskrisa

Når du er seksti år, sørg for at livet ditt har vore alt anna enn tomt. Klaus Hagerup. Den statiske mannen.

Kafekulturen må spre seg til bygda

I mi jakt på mat i Sogn og Fjordane, fann eg i Åsabøhuset i Eidsgata den koselige kafeen Didriks. Slike kafear som dette, som det finst ein del av i norske byar, er det ikkje flust av ute på bygda. Eg trur ikkje alle innser kor stor verdi slike gode samlingsstadar og kafear som Didriks kan ha å sei. Når eg sat her og drakk kaffe, sat det ein heil krok full av småbarnsmødre og prata. Kvar skulle dei ha site og samla seg i sentrum om ein ikkje hadde slike stader som dette? På kaia? Ute i regnet? Heime hos kvarandre? Heimekos er vel og bra, men av og til er det triveleg å kome seg ut av huset, vekk frå rot og oppvask, og kunne kjøpe seg ein god kopp kaffe i triveleg lag. Bileta er frå Didriks. Kafear er meir enn kaffe latte, kafear er samlingsstadar der folk kan pratast. Eg ser berre på onsdagskafeen på Viksdalen. Den er open kun kvar onsdag og det er ikkje noko eksklusivt, men folk kjem milevis frå for å delta. Fint interiør. Koselege omgivelsar. Tenk om litt fleire forstod verdien av