Gå til hovedinnhold

Kafekulturen må spre seg til bygda

I mi jakt på mat i Sogn og Fjordane, fann eg i Åsabøhuset i Eidsgata den koselige kafeen Didriks. Slike kafear som dette, som det finst ein del av i norske byar, er det ikkje flust av ute på bygda. Eg trur ikkje alle innser kor stor verdi slike gode samlingsstadar og kafear som Didriks kan ha å sei. Når eg sat her og drakk kaffe, sat det ein heil krok full av småbarnsmødre og prata. Kvar skulle dei ha site og samla seg i sentrum om ein ikkje hadde slike stader som dette? På kaia? Ute i regnet? Heime hos kvarandre? Heimekos er vel og bra, men av og til er det triveleg å kome seg ut av huset, vekk frå rot og oppvask, og kunne kjøpe seg ein god kopp kaffe i triveleg lag.
Bileta er frå Didriks. Kafear er meir enn kaffe latte, kafear er samlingsstadar der folk kan pratast. Eg ser berre på onsdagskafeen på Viksdalen. Den er open kun kvar onsdag og det er ikkje noko eksklusivt, men folk kjem milevis frå for å delta.
Fint interiør. Koselege omgivelsar. Tenk om litt fleire forstod verdien av lokaler som dette ute på bygda, samstundes som dei slutta å jamre seg over at ungdomen vil ha kaffe latte. Eg for min del likar ikkje kaffe latte, eg drikk beksvart kaffe utan både sukker og melk, men eg likar stadar der folk kan samlast for å prate, lese avisa eller berre sjå ut glaset, og desse stadene kan ikkje berre vere opne ein dag i veka eller annankvar fredag. Dei må vere opne slik at folk får eit reelt tilbod, sjølv om eg jo også ser at det er ein økonomisk bit her for den som driv. Men får ein fleire samlingsstader, vil gjerne kafekulturen spre seg til bygda, og det trur eg bygda har godt av. Sosiale samlingsstader er noko vi treng meir av.

Ellers i fjordfylket flyt det av dårlig hamburger medan Osabua på Viksdalen er både koselig og har prima fruktdrinkar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...