Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 16, 2010

Bestialsk praksis

Om bønder som ikkje har råd å ringe dyrlegen. Denne artikkelen har vore trykt i Klassekampen som Signert-artikkel. Den er basert på Sverige. - Eg har ei kyr som er i ferd med å blåse opp på venstre sida. Den ligg og reiser seg, den sparkar seg mot buken, legg seg igjen, rullar seg, reiser seg. Det er ein bonde som er på telefonen. Klokka er fem om ettermiddagen. Det er vakttid. Vakttid er dyrare. Eg sit i veterinærbilen på veg heim. - Skal eg komme ut og sjå på kua di? spør eg. Dette høyrest ut som ein akuttpasient. - Nei, nei nei nei nei, ropar bonden oppkava. Ikkje kom! Eg vil ikkje at du kjem ut. Det har eg ikkje råd til. Eg vil berre ha nokre råd frå deg. Råd er gratis. Er det noko eg kan gjere sjølv for å behandle kua? Han er stressa. Ei ku med trommesjuke, som det kan høyrast ut som om denne kua har, kan stryke med ganske kjapt om ikkje rett behandling blir iverksett. Gassen drep dyret om den ikkje slepp ut. I verste fall set eit hol gjennom vomveggen så gassen vert evakuert