Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 10, 2011

Kle deg som eit mannfolk!

Ein veterinär vaska av seg neglelakken på jobb. ”Kvifor gjer du det,” spurde ein kollega. ”Fordi det ser useriöst ut at ein veterinär har neglelakk”, var svaret. ”Öyreringar, fine klede og sminke er også useriöst. Du får ingen respekt hos böndene om du sminkar deg”, sa ein annan kvinneleg veterinär. Ho brukte dette som forklaring, altså utsjånaden, på kvifor ein kvinneleg kollega fekk klager på seg frå böndene. Sminken hennar, ikkje kompetansen, var problemet. Vask trynet, dra på deg stövlane og kle deg som ein arbeidskar. Det er hardt å vere tjei. ”Som kvinne vil du för eller seinare få problemer ute i feltet. Du er blond, nyutdanna og utlending. Men först og fremst: du er dame.” Sitat mannleg veterinär. ”Som ung kvinne i felten, som også ser yngre ut enn alderen tilseier, er det vanskeleg å sette seg i respekt”. Sitat kvinneleg veterinär som snakkar av erfaring. Du skal tilpasse deg rolla som kvinne i eit yrke med maskulin kodex for korleis du skal sjå ut. Du skal altså gå i stö