Gå til hovedinnhold

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.


 I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske.

Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg. 



Les om miltbrann i Norge.

Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.  Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga av dampmaskina førte til at ein kunne sende levende kveg over store avstander med jernbane og skip. Konsekvensene var katastrofale, og fra 1857 til 1866 blei Europa nesten ribba for storfe. Gjennom heile historia har den ført med seg død og fordervelse.

Kvegpest (cattle plague) er ein dyresjukdom. Den rammar ikkje menneske. Men dør dyr, dør folk og i store delar av verda er dette framleis røynda.

Det er sjeldan ein ser utbrot som miltbrannsutbrotet i Sverige i 2011 på nært hald. Å bekjempe ein slik sjukdom i felt krev ei rekke tid- og kostnadskrevande sikringstiltak, blant anna vaksinering, obduksjonar, prøvetaking og sikring av smitteramma områder. Desse tiltaka er i stor grad usynlege for allmennheita. Det same er andre omfattande tiltak som vert igangsett for å utelate blant anna mistanke om Blåtunge, Munn og klauvsjuke, eller for å hindre at desse spreier seg. Sjukdomar som knapt plagar oss i Norden, men som er omfattande problem i ei rekke fattige land.

Mange ville blitt overraska om dei visste kor store ressursar som kvar dag vert brukt for å spare samfunnet for dei enorme kostnadene utbrot medfører. Å bekjempe smittsame sjukdommar er ekstremt ressurskrevande, og i front står ofte veterinærar. Æra for kvegpestens fall tilhøyrer stordyrveterinærar som bekjempa sjukdomen ute i felt, ofte i krigsherja områder.

Årsaka til utbrotet i Sverige er ei miltbrannsgrav der miltbrannsdaude storfe blei greve ned fleire tiår tilbake. Grunna gravearbeid vart grava gjenopna, bakterien kom til overflata og beitedyr fekk den i seg via graset. Brått låg dei daude.

Bakterien kapslar seg inn og kan antagelegvis overleve i hundrevis av år i rett jordsmon. Difor skal alle miltbrannskadaver destruerast. Om ein opnar det, spreier bakteriene seg. Vi kan puste dei inn og bli sjuke.

Men ikkje land er like bortkjemt med beskyttelsesutstyr som oss. Difor ser ein miltbrann blant kastelause Dalits som opnar og flår sjølvdauda storfe for høgare kastar i India. På denne måten påverkar tradisjonar utbreiinga av farlege zoonoser. Det er fleire blant dei kastelause enn blant presekasten som vert sjuke. Zoonoser er ein beteiknelse på sjukdom som smittar mellom dyr og menneske.

På verdsbasis dør eit ukjent antal menneske av miltbrann. Den finst på FN si liste over neglected zoonotic diseases, altså forsømte eller oversette sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Desse rammar i størst grad fattige i områder utan helsestell og diagnostisk utstyr, og vi kjenner difor ikkje til utbreiinga.

For å bekjempe sjukdommane krevs samarbeid mellom humanmedisin og veterinærar. Vi snakkar om one health, også omtalt som medisin for det 21.århundre. One health ei tilnærming som inkluderer både humanmedisinske og veterinærmedisinske aspekt, gjerne også antropologiske då endra matvanar, levesett og landbruksstruktur fører til endra smittevegar. På lista over oversette sjukdommar finn ein blant anna rabies, samt tuberkulose hos ku.

Men desse sjukdommane rammar ikkje berre fattige land. Tuberkulose er eit omfattande problem blant storfe i Storbritannia, og i 2009 kosta kampen mot sjukdomen britiske skattebetalarar 87 millionar pund.  I 2009 var over ni prosent av alle storfebesetningar i Nord Irland infiserte mot 6,87 prosent i England. Sjukdomen fører til omfattande tiltak og restriksjonar på forflytting av storfe mellom gardar. Det fører til store økonomiske tap. Dessutan er sjukdomen ein zoonose. Menneske kan bli sjuke, men få blir det i Storbritannia idag då melka er pastorisert. 

På verdsbasis finst det idag inga oversikt over kor mange som vert smitta av kyr med tuberkolose, eller «Mycobacterium Bovis», som bakterien heiter.

Utryddinga av kvegpest er ein milepæle. Ei lang rekke sjukdomar gjenstår å få bukt med. Dør dyr, dør folk. I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonoser, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske.

Anne Viken
veterinær,

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...