Gå til hovedinnhold

To år sidan bunadsdebatten!

Imorgon, 26.februar 2009, er det to år sidan bunadsdebatten starta i Sogn og Fjordane. Kick off var dette innlegget, og eg kosar meg med det den dag i dag.

Eg må sant å seie innrømme at denne debatten har skaffa meg ei rekke nye vener i fjordfylket, samt også ei rekke surpompar som ikkje tåler trynet mitt, men desse sure merkar eg lite til. Det eg derimot merkar noko til, er dei interessante bekjentskapa der ute, og alle dei interessante samtalane eg aldri i verda hadde fått med folk frå Sogn og Fjordane om det ikkje var for bunadsinnlegget. Og dette seier eg ikkje for å vise musklar eller for å ta hevn, men fordi det er sant. Responsen blant politikarar og andre tyder på at dette er noko som er viktig å ta tak i.

Det har blitt meir og meir klart for meg at her er det utrulig mange kule folk, og det hadde eg ikkje visst/ desse hadde eg ikkje blitt kjend med, hadde eg ikkje skrive dette innlegget. Krake søker make, og det er mange som meiner som meg. Og dei er ikkje verken kjipe eller sure, berre sabla interessante folk. På dette grunnlaget, som jo er veldig personlig for meg, kan eg sei at eg er optimistisk på vegne av Sogn og Fjordane. Ting kan skje når der finst så mange bra folk.

Men ein ting bekymrar meg: alle dei sidrompa sure folka som ikkje forstod bodskapen i innlegget. Vil dei ikkje, eller kan dei ikkje? Er det det første, er det jo trist. Tviler på at det er det andre. Folk kan da lese?

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...