Gå til hovedinnhold

Tromsø dag 1

På mi reise mot nord har eg no kome til Tromsø. Her har eg aldri vore før. Noko av det første eg gjekk på, var desse dyra på gata. Dei står litt rundt omkring her i sentrum. Eg, som den maktsugne jævelen eg er, gjekk strake vegen frå flybussen til Rådhuset for å prate litt med lokalpolitikarar. Det meste av årsaka til at eg gjekk hit, er at eg er journalist og snakkar med lokale om nordområdene, men eg hadde aldri lagt ut på ei slik reise som dette om det ikkje var for genuin interesse i samfunn, politikk, medier og nordområder spesifikt. Dette kan eg skrive langt og mykje om.
Når vi sit i sør og ser mot nord, er det lett å trekke eigne konklusjonar basert på stortingsmeldingar om nordområda, regjeringas nordområdestrategi og den halleluja-prega regjeringsbestilte Econ-rapporten "Ringer i vannet": Econ spår i sin analyse at Norge blir snudd på hodet. Fra fraflytting, arbeidsløshet og statlig tiltakeri blir Nord-Norge omskapt til et pressområde med tilflytting og et dynamisk og sterkt internasjonalt orientert næringsliv. I ECONs scenario er Nord-Norge i 2025 i det økonomiske føresetet. Les meir her. PDF her.
Og sidan det er sabla enkelt å sitte i Oslo og skrive om nordområdene når ein knapt har vore der, tenkte eg at eg kan like godt reise opp sjølv og høyre med lokale folk og næringsliv kva dei tenker. Det er interessant og spanande, og eg lærer mykje, sjølv på kort tid. Korleis ser nordområdestrategien ut frå nord? Frå Bodø? Frå Kåfjord?
Likar området her i nord å bli omtala som ein "petroleumsprovins", slik stortingsmeldingar gjer? Som "Europas nye energiprovins"? Svara er interessante.
Bak desse to dyra på biletet over ser du ambassaden for kommunen Kåfjord. Den står på torget i Tromsø i sommar. Ifjor auka folketalet i Kåfjord med nesten 30 personar, ein av svært få med folketalsoppgang i regionen. Og kva gjer Kåfjord? Dei handlar, dei tenker offansivt, dei tenker utradisjonelt, dei gjer andre ting enn andre kommunar rundt omkring. Når folketalet stuper, må du gå nye vegar der dei gamle viste seg å ikkje fungere. Nokon som har noko å lære?

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...