Gå til hovedinnhold

Bodø dag 1


Då eg kom til Bodø, fekk eg ta bussen gratis til sentrum frå flyplassen. Sikkert fordi eg såg så forvirra ut, drog på stor kamerasekk og spurte om studentrabatt. Eg hugsa heller ikkje namnet på hotellet eg skulle bu på, så eg prøvde meg litt fram og til slutt kom vi fram til at det heitte Zefyr og at verken bussjåføren eller den eldre dama i fremste sete hadde høyrt om det, men ein resonnerte seg fram til at det måtte vere sjukehushotellet, eller hospitset? Eg vart litt nervøs. Eg er på reportasjereise og ikkje på sjukehusturne og såg meg sjølv brått blant beinbrot og verre ting.

Den eldre dama i fremste sete ringte då til opplysninga for å finne ut nummeret til sjukehuset og så til sjukehuset for å høyre kva sjukehushotellet heiter, og det heitte Zefyr. Dermed viste den eldre dama og bussjåføren meg vegen heilt fram til hotellet, og hotellet viste seg å vere heilt ypperlig. Eg gjekk så dei ti minutta til Bodø sentrum for å kjøpe meg litt mat og havna her:

Eg sit å et dårlig burger ved sida av ein blå bosscontainer med påskrifta "Østbø - fra avfall til råstoff", og drikk rådyr Arctic beer. Har erfart at ca annakvar burger eg prøver meg på, er under min burgerstandard for kva som er godkjent å ete. Eg les i Avisa Nordland at turistar som kjem til Bodø sjøvegen blir møtt av søppel: bilvrak, skrot og utrangert anleggsutstyr som ligg i fjøra. Forferdeleg stygt, seier turist til Avisa. I bakgrunnen er det listepop. Av og til tenker eg at det er dumt å tenke på at ein skal spare pengar når ein skal ete. Då blir resultatet kald burger og listepop bak ein søppelcontainer. Eg skal tenke meg om neste gong eg sparer.

Det er litt sånn typisk at sånt slenger i fjøresteinen. Her igår, søndag, var eg i Eikefjorden i Sunnfjord på verdas koselegaste kafe, Nærleiken, som er heilt nystarta, men før eg gjekk inn på kafeen, rusla eg litt rundt i sentrum og der stod det masse bilar med knuste ruter, der var restar etter bål, blekkboksar og anna skrot som låg rundt og dette, i tillegg til mange meir eller mindre vakkert parkerte redningsbilar, tok opp ein ganske stor del av sentrum. Uansett. Bort mot sentrum har dei uansett laga det nydelig til med promenade, dvs gangvei og kai og båter og flott. Så Eikefjord gjekk i pluss inntrykksmessig sjølv om der var mykje skrot midt i sentrum.

Sjå berre her kor fin kafeen er, og alle møblane kan du kjøpe. Nærleiken kafe ligg altså i Eikefjorden mellom Naustdal og Florø i Sogn og Fjordane. I kjellaren er det butikk med rettferdige varer.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys