Gå til hovedinnhold

Kafekultur til bygda


"Ein kafé er ikkje berre ein kafé og kaffe, men uttrykk for ein mentalitet og ein måte å leve på. "

Og no kjem det fleire kafear på bygda, små rare kafear med slipsutstillingar og absurde opningstider, og bygda treng kafékulturen av ein enkel grunn: bygda klarer seg ikkje utan ungdom. Den sosiale kaf€kulturen med sine samlingsstadar kan bidra til trivnad og motverke folketalsnedgang. Det kan ikkje halvsteikt burger.

les kommentaren i Nationen her.

Bildene viser den nydelige kafeen på koselige Mundal Hotel i Fjærland. Alle foto Anne Viken



her er heile kommentarteksten frå Nationen:

Kafékultur til bygda

"Ein kafé er ikkje berre ein kafé og kaffe, men uttrykk for ein mentalitet og ein måte å leve på. "

Anne Viken, fri journalist i Bygstad og Oslo

Nokre pensjonistar sit og sladrar på ein lokal kafe i Sunnfjord. Regnet høljar ned og røyken ligg tett under plasttaket blant plaststolane. Oppned blomsterpotter tjener som oskebeger, men oska ligg utover bordet, og på plastduken er det kaffesøl. Fleire fuglar meskar seg på ein forlatt hamburger på nabobordet. Pommes frites og burgerrestar ligg utover golvet.

- Sjå på fuglane, seier den mannlege pensjonisten med Coop-posen til dei to kvinnelege.

- Kven er det som har råd til slikt? seier den eine kvinna.

- Dei unge klarer aldri berekne kor mykje mat dei skal ha, seier den andre.

- Vi har det altfor godt, seier mannen.

Måkane skrik og prøver å drite meg i skallen medan eg stappar i meg ein halvsteikt hamburger med altfor mykje dressing og forsøker å svelge overkrydra pommes frites. Etterpå føler eg meg ikkje heilt som før.

Kvifor er det slik at ein skal finne seg i både dårleg service, dårleg mat og dårlege sitteplassar i utriveleg kantineprega omgivelsar berre fordi ein har valt å opphalde seg på bygda?

I mi jakt på mat i Sogn og Fjordane, fann eg også den koselige kafeen Didriks i Eidsgata på Eid. Der serverte dei kaffe i fine krus, og god mat på kvit duk under blondegardin. Min favorittstad i fylket er uansett Osabua på Viksdalen, der Weree Lyngstad serverer fruktdrinken Viksdalen Hawaii, og fylkets beste burger blant blomar på fargerike, reine kafèbord. Det er ein fryd å sitte i bruset frå elva Gaula å drikke fruktdrink med utsikt utover Viksdalsvatnet.

Eit anna funn av ein stad, er Åmot gard i Bygstad. Her fekk eg servert rettar av lokal fisk, lokalt kjøt og lokal kreps. Og eg er ikkje spesielt rik. God mat kostar ofte ikkje meir enn dårleg.

Åmot gard ligg langt borte i ei li i Bygstad, men på kafear i sentrum av Førde tjue minutt unna, får ein fleire stadar servert mat pakka i plastikk, på brikke med kaffekopp som ein finn maken til på gamleheimen. Pikant er Førdes einaste respektable kafe. Ein ung mann eg snakka med, sa det var uaktuelt for han å flytte heim så lenge der ikkje fanst skikkelige sosiale samlingsstadar der ein kunne kjøpe god mat.

Dei som driv Pikant, Åmot gard, Osabua og Didriks har skjønt at omgivnadane er viktige og at folk ikkje nødvendigvis blir kjempebegeistra berre dei får ein halvsteikt burger slengt på bordet og ein plastbenk å sitte på. Greit nok, ein dårlig burger og cola fyller basale behov som svolt og tørst, men svolt og tørst er ikkje alt. Det er onsdagskafeen på Viksdalen eit godt døme på.

Hit kjem det kvar onsdag fleire maxitaxi-lass med pensjonistar ut av dalane, ut frå kjøkkena bak gardina, for å meska seg i vaflar, kaffe og kvarandre sitt selskap. Ein høyrer slafsinga lang veg. Kafeen er eit bra tiltak, og når pensjonistar likar seg på kafe, er det vel forståeleg at også den yngre generasjon ønskjer seg kafeliv på bygda, urbant eller ikkje. Men tonen er ofte denne: «bygda er annleis enn byen, og noko av annleisheita er at her har vi ikkje kule kafear på kvart hjørne. Vi har andre verdiar.»

Noko anna eg har høyrt er «Vi har ikkje bruk for folk med den kafeinnstillinga her på bygda», eller «Dra til Bergen om du vil på kafé», med det resultat at mange rett og slett berre blir verande i Bergen, eller Oslo, etter avslutta studier. Ein kafé er ikkje berre ein kafé og kaffe, men uttrykk for ein mentalitet og ein måte å leve på. Sosial kultur. Trivsel. Slappe av ute blant folk, ikkje gøyme seg heime bak gardina. Folk vil møte folk.

Og no kjem det fleire kafear på bygda, små rare kafear med slipsutstillingar og absurde opningstider, og bygda treng kafékulturen av ein enkel grunn: bygda klarer seg ikkje utan ungdom. Den sosiale kaf€kulturen med sine samlingsstadar kan bidra til trivnad og motverke folketalsnedgang. Det kan ikkje halvsteikt burger.


Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Keisaren er naken: norsk landbrukspolitisk retorikk

Ein bygger ikkje landbruk på retorikk. Av veterinær, journalist og forfattar Anne Viken. Klikk på bileta så blir dei store og leselege. Lat oss ta ein rask kikk på utviklinga i landbruket sidan 2005. I denne perioden er det fjerna 18 000 årsverk frå landbruket og lagt ned 8330 gardar. Nedgang i kornareal er på 285 633 dekar og reduksjonen i dekar fulldyrka areal er på 456 219 dekar. Dette har ikkje skjedd på tross av, men på grunn av, landbrukspolitikken. Tala kan ikkje bortforklarast.  Fakta: Nedbygging av kornareal dei siste åtte åra er rekordhøg i norsk samanheng. Fem tusen fotballbaner med korn har forsvunne kvart år sidan 2005. I det same tidsrommet har kraftfôrimporten auka med 108 prosent, og matkornimporten stige med 72,9 prosent. I klartekst: Norge bygger ned eigne kornareal, på same tid som vi importerer stadig meir kraftfôringrediensar og matkorn. I 2012 importerte vi, ifølge Statens Landbruksforvaltning, 697 869 tonn kraftfôr til Norge, meir enn dobb...