Gå til hovedinnhold

Bok frå bygda - intervju frå Nationen i full lengde

Intervju om barneboka i Nationen kan lesast her. 

Sidan det er ganske nedkorta på trykk, kan de lese full versjon her:

Kvifor gir du ut barnebok?

Fordi eg har lyst. Eg satte meg i hovudet at eg skal skrive barnebok, og så gjorde eg det. Det var ein styrkepröve, men bok skulle det bli om så det small. Og fordi veterinärar har eit hav av fortellingar å vidareformidle. Historier om menneskeskjebnar og dyr. Desse heng tett saman. Her kjem ein del av desse historiene. 
Kva handlar boka om?

Den handlar om Elise på tretten år som er med onkel Kalle og köyrer veterinärpraksis i Tordenbygda. Tordenbygda er ei gamal bygd spekka med gamal overtru, legender og eventyr. Den er inspirert av Trygve Gulbranssens triologi om folket på Björndal: Bakom synger skogene, Det blåser fra Dauingfjell, og Ingen vei går utenom. Så begeistra er eg for Gulbranssen at eg har kalla den störste garden i boka for Björndal. Resten av stadnamna er henta frå Selma Lagerlöfs bok Gösta Berlings saga. Lagerlöf og Gulbranssen er fantastiske skildrarar av ville dyr, svarte hestar som kappköyrer med ulvar i hälane, sveper som smell så blodet sprutar og djevelen som köyrer til kyrkje midtsommars med ulveskinnspels. Eg elsker dei. Boka inneheld også gamle segner frå Sunnfjord.
Kva skil denne boka frå andre hestebøker?

Det meste. Difor er det i grunn vanskeleg å plassere den i hesteboksjangeren. Eg har ikkje med hestejenter som grin etter å ha tapt sprangridningskonkurranse med ponnien sin. Dette er ein ny sjanger, og den heiter veterinärbarnebok-sjangeren. Her tåler jenta å sjå hestepasientar bli avliva, ho kan snakke med den galne bonden og er med voksne menn som sit oppe natta lang for å vakte over ein sjuk hest. Ein må gjere det som er nödvendig, men når er det nok? Ho greier på same tid vise engasjement på ein måte som inneber både omtanke og realisme. Eg synest det er på tide at denne sjangeren kjem på marknaden.
Veterinär er trass alt eit stormande populärt studie å söke seg til, og etter å ha lese denne boka kan ungane tenke seg om ein gong til: vil eg dette? Vil eg bli veterinär? For eg legg ikkje fingra imellom. Legge fingra imellom er Trude Mostue sin jobb. Det er ikkje mykje neglelakk å spore når ein må rykke ut på motorvegen til ein smadra bil og ein knust hestehengar midt på natta. Då må du vere av Elise-kaliber. Elise er min hovedperson. Elise kjem til å bli rektor på veterinärhögskulen når ho blir stor. Denne boka er verken rå eller brutal, men boka skildrer ein realitet som eg ikkje kjenner til andre barneböker som skildrar, innpakka i eit mysterie, legender og gamle eventyr. Veterinären er ein karakter som har så mange spennande sider, og eit yrke med så mange nyansar at det ikkje kan bli overlatt til pusekattklappande glam babes å presentere oss. Vi treng litt realisme utover koseprat og kjendisdyrlegar som sleper lam med seg på fest.

Korleis pregar din bakgrunn som veterinær handlinga i Elise og mysteriet med dei døde hestane?
 
Den preger den masse. Eg bruker mine eigne pasientar frå felten som kasus for Elise, onkelen hennar Kalle og den pensjonerte dyrlegen Gamle-Mathias. Både Kalle og Gamle-Mathias bygger på virkelige, og svärt dyktige, dyrlegar eg har mött. Eg bruker reelle samtalar mellom dyrlegar til å belyse etiske og praktiske problemstillingar. Kalle er veterinär og gjer seg mange av dei same erfaringane som eg sjölv har gjort meg som ny veterinär i felt. Både tabbar og erfaringar med alt frå superflinke bönder, til dei verste slaskane bondestanden kan oppdrive. Mistenksame bönder som ikkje har tiltru til andre enn den eine veterinären som skriv ut antibiotika-resept i same tempo som andre pustar. Og så fleire typa hesteeigarar. Og masse flotte hestar har eg med, drivande flinke bönder og heidundrande töffe kyr. Her er litt av alt. Dette er ei bok frå bygda med alt det inneber. Blant anna eit kuslepp og tidenes barskaste bjelleku. Töffe bjellekyr må ein ha med.

Kven passar boka for?

Alle, også vaksne som vil ha eit blikk inn i det faktiske livet som dyrlege i ein moderne praksis. Eksempelvis dei som önsker å vite kva dyrlegen faktisk tenker om bönder og hesteeigarar, ikkje kva du trur dei tenker. Og den passar både gutar og jenter. Elise er jente, men ho kunne like godt ha vore ein gut, så dette er ingan typisk jentebok. Det er ei unisex-bok

Kven vil du helst ete ein betre sommermiddag med?

Hanne Skartveit. Kunne tenke meg ein fast spalte i VG. Dei treng meg. Dei har berre ikkje skjönt det enda.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys