Gå til hovedinnhold

Terrortruslar er ein trussel mot ytringsfriheten

Dagbladets Lars Helle sa til Klassekampen at dei trykte pga nyhetsverdien i tegninga.
Spørsmål: ligg nyhetsverdien i at teikninga NYLIG blei posta på PST si side på FB.. Holder det? Kva anna nyhetsverdi har teikninga? Er nyhetsverdien så stor at den fortjener plass på framsida, eller er kuriosaverdien så høg at dei må plasserast der, eventuelt sjokkeffekten?

Kokkvold ville ikkje ha trykt teikninga slik Dagbladet gjorde, skriv Journalisten.
Han seier ikkje noko om korleis han ville ha gjort det.

Denne saken handlar like mykje om etikk som om ytringsfrihet. Det handlar ikkje om korvidt vi kan trykke slike teikningar, fordi det kan vi.

Den debatten bør vi ikkje bruke tid på. Årsak: ytringsfriheten er der og den har takhøgde for slike teikningar i avisa. Ikkje noko å snakke om.

Spørsmålet er dette: er det etisk forsvarlig, er det klok bruk av ytringsfriheten å trykke ei slik teikning på Dagbladets framside?

Det sårar, seier mange. Ja, men ein kan ikkje late vere å trykke saker og ting sjølv om dei sårar.

Eit forbud mot å såre ville bety innskrenka rett til ytring, ergo må det vere lov å ytre ting som potensielt kan såre. Å påstå seg såra, er også å innta ei offerrolle.

Er debatten pressetikk eller ytringsfrihet?

Spørsmålet er: Var det klokt av Dagbladet å trykke karrikaturane

Truslane i denne saka (nettsaka til Dagbladet) er skremmande og openbare. Dei bygger opp under rasisme og muslimhat. (Eg legg ikkje inn linken her pga eg vil ikkje linkes til Dagbladets nettside, dei linker automatisk opp blogger som lenker til dei, til sine nettsaker).

"Vi må si fra når mediene går for langt. Og mediene i Norge har gått for langt, og myndigheten gjør ikke noe", seier han.

Mediet har kanskje kryssa ei etisk grense, eller grense for klok utøving av rolla som presse. Saka sårar ei rekke muslimar, men det er å dra det ut av dimensjonar når ein så truar med terrorangrep på bakgrunn av teikningane. Ønsker ein å skrenke inn ytringsfriheten? Kva vil ein? Markere ståstad? Senke takhøgda? Sleppe å bli såra? Til opplysning er mediene sin eigen domsstol i dette landet. Det er bra. Våre medier er ikkje statsdominerte. Heldigvis. Dei står fritt. Slik må det vere.

Så det spørs kva strek ein snakkar om. Dei gjekk ikkje over streken for ytringsfridom, men kanskje over ein etisk strek. Her må ein halde tunga beint i munnen.

Slike truslar bidreg til å innskrenke ytringsfriheten. Dei skapar sjokkeffekt og avsky. Kva vil ein oppnå med ein slik advarsel?

Så grensa er glidande. Er det etisk forsvarlig? Når dei truer oss, skal vi ikkje trykke igjen? Om vi let vere, er vi begrensa/ har vi fått innskrenka ytringsfridom,eller er vi presseetisk forsvarlige?
Eg har ikkje nokon fasit, men det er eit interessant spørsmål å diskutere, spesielt når det går så langt som at det blir trua med terrorangrep på norsk jord. Det er definitiv ein trussel mot ytringsfriheten å true med slikt, og er ein langt større trussel mot ytringsfriheten enn kva trykking av karrikaturane er ein trussel mot muslimars integritet.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...