Gå til hovedinnhold

Kvifor ein ikkje kan kalle bloggplakaten for ein "plakat"

No skal eg forklare kvifor eg reagerer på at Bloggplakaten blir kalt for "plakat". (Første utkast til plakaten, oppdatert utkast). Det er på grunn av Ver varsom plakaten. Det er ein plakat som pressa forheld seg til. Det er ein plakat som journalistar kan, og køyrereglar som skal beskytte både journalistar og dei som blir omtalt av pressa. Brot kan medføre dom i PFU, Pressens faglige utvalg. Der finst altså sanksjonsmuligheter, og det kan det også gjere fordi reglane blir ansett å vere felles køyrereglar. Å bli dømt i PFU, er pinlig. Dei fleste journalistar kan og følger VV-plakaten. Den består av ei rekke etiske normer journalistar forheld seg til.

Ein aksepterer VV-plakaten og PFU fordi dei er demokraisk fundert i pressas eigne organ. Dette står i sterk motsetning til Bloggplakaten som er eit tomannsprosjekt som ikkje er valgt eller representerer bloggarar. Bak VV-plakaten står Norsk Presseforbund, som i sin tur er eit fellesorgan for Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening, Mediebedriftenes Landsforening, Norsk Lokalradioforbund, Landslaget for Lokalaviser samt flere presseorganisasjoner og enkeltstående medievirksomheter. Stiftet 1910 som en landssammenslutning av pressefolk med journalistikk som hovedyrke (Kilde)

Det er difor ikkje så rart når mange reagerer på at ein kallar bloggplakaten for nettopp ein plakat, all den tid vi veit kva som står bak Ver Varsom-plakaten: nemlig pressas eigne organ med brei oppslutning, både faglig og demokratisk.

Å kalle ein bloggplakat for ein plakat, gir inntrykk av at også denne bloggplakaten innehar den same demogratiske grunnfestinga, noko den ikkje har. Det er difor uheldig å kalle den plakat, den kan heller kallast "enkle køyrereglar", eller "enkle retningslinjer".

Om Ver Varsom - plakaten står det også: "Den enkelte redaktør og medarbeider har ansvar for å kjenne pressens etiske normer og plikter å legge disse til grunn for sin virksomhet. Presseetikken gjelder hele den journalistiske prosessen, fra innsamling til presentasjon av det journalistiske materialet. "

Skal ein stille slike krav, må ein ha legitimitet. Dette manglar Bloggplakaten. Difor møter den også masse motstand.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...