Gå til hovedinnhold

Eg har havna på ungdomsbokkjøret. Fantasy, norrøn mytologi og norske folkeeventyr ser ut til å vere greia


Sigbjørn Mostue “Gravbøygen våkner”, første bok i serien Alvetegnet. Cappelen Damm, paperback. Er ei av dei barne/ungdomsbøkene som sel aller mest, ifg bokhandlerne. Kom i 4.opplag i 2008, men vart første gong utgitt i 2005.


Dette er fantasy. Ein solid miks av gamle norske eventyr og Ringenes Herre. Espen drar på landet i sommarferien og på landet kan som kjent det meste skje. Onkelen hans har begynt å hogge ned gammalskauen like ved garden, men i denne skauen finst det ting som ikkje liker at skauen blir hoggen. Ein dag finn Espen ein nøkkel i skogen, Edelåpne, og det heile begynner å minne meg om norrøn mytologi og sogespel om vikingtida som eg hyppig deltok i då eg var litt mindre enn eg er no.


Det som overraska meg litt, eg er ikkje så inne i ungdom/barneboksjangeren, er at boka er såpass spekka med eventyr. Den første Espen møter er ein nisse, den andre eit skrømt på sætra (sæter er jo skikkelig lite kult, eller er sæter kult i litteratur?), og den tredje ein skitten tusse inne i berget. Deretter blir tussen dengt helselaus av svartalvane inne i berget medan Espen og nissen greier å flykte. Espen blir nesten delt i to av ein svartalv, og så, når svartalven kjem ut i lyset, sprekk han.


Kjempesterke


Alle som Espen møter på, er ekstremt sterke. Dei drar og spring og bit og flyg avstad. Også Espen blir sterk når han drikk alvedrikken til lysalvane før han gir seg i veg mot fjellet der han skal drepe Gravbøygen. Gravbøygen er ein konstruksjon funnen opp av svartalvane som lever inne i berga, i gruvene sine, og som ligg i evig kamp med lysalvane og dei gode maktene. Inne i berget finn Espen sverdet Bergabitt, og igjen tenker eg norrøn mytologi. Bergabitt kan han bruke for å drepe Gravbøygen i nærkamp, og under kampen får han hjelp frå både nissar og andre. Men før han kjem så langt, må han slost mot eit troll som er ein forvandla tusse som gjekk over fjellgrensa og blei til eit troll, og deretter må han slost mot sjølvast reia, eller Åsgårdsreia som eg oppfatter at det er. Dei rir på griser og hester og angrip frå alle kantar. Dei er på Gravbøygens side og vil ta Espen av dage, stjele sjela hans og hindre han i hans misjon, for Espen har ein misjon. Han skal redde Gammalskauen frå å bli hoggen ned. For kvart tre onkelen høgg, får Gravbøygen meir krefter og lysalvane mindre. Alvane kan ikkje leve utan skogen, dei hentar krafta si frå den.


Klining


Og på same måte som det var ganske greit med ein dæsj romantikk for å sprite opp kvardagen der ein sprang omkring i undikken og øvde på vikingspel og bada i fjorden, har også Espen ein smule romantikk inni bildet medan han slost mot lysalvar og spring med tussane, og sist men ikkje minst fighter Gravbøygen på toppen av det svarte fjellet. Problemet er berre at den utkåra, Eva, sit fanga i ei boble på botnen av eit tjern. Her skal ho feitast opp og bli eit realt måltid for Nøkken.


Men her blir inga klining. Ho har briller og er ein nerd, men er egentlig veldig pen (Ugly Betty), og dessuten har ho ein far som passelig nok er professor i biologi. Dette blir avgjerande på slutten av boka då faren finn ein sjeldan soppart i Gammalskauen og får den verna som naturreservat slik at onkelen får penger for verning og slepp å hogge den ned for å tjene penger. Dette med at faren er professor i biologi, får meg til å tenke at det fine med å skrive, er at ein kan mekke sitt eige plott og henge på folk navn og yrker og utdannelser alt etter kva ein har lyst til, og kva som passer med historien. Det er veldig morro.


Fantasy og krim


Fantasy og krim er visstnok det som er greia for barn og unge. Det er kjempekult fordi då er det jo inga grense for kva ein kan finne på å skrive om. Eg fekk lyst til å lese norrøn mytologi, gamle folkeeventyr og spøkelseshistorier.


Men det held også i lange baner å lese serien Den mørke materien av Philip Pullman. Den er eit konstruert univers, i gamle dagars England, på universitetet i Oxford. Vakre kvinner og mektige menn, trolldom og gamalt inventar med krypter i kjellaren. Samt ein dæsj kjærlighet, men inga klining. Det kan sjå ut til at om ein har kjærleik, fantasy, spøkelser, eventyr og mytologi, treng ikkje karakterane verken kline eller ha seg. Eg syns det er heilt ok. Sånt kan bli kleint på papir.


Jepp.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb