Gå til hovedinnhold

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med.

Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøyseminaret. Det er drifta av genuint engasjement, ikkje av dvask konferanseplikt.

Her om dagen, nærmare bestemt på fredag, var eg i Oslo for å snakke til regjeringsutvalget Utval for kompetansearbeidsplassar i heile landet. Det var også ei litt anna oppleving enn dvaske konferansefolk. Desse utvalgsmedlemmene, i overkant av ti stykker, var eit lydhørt og engasjert publikum som avbraut, spurde spørsmål og hadde interesse for tema som blei tatt opp. Det var for meg, som gjerne ønsker å kome fram med min bodskap, veldig morsomt. Eg følte iallefall at det blei hørt på, det ein sa. Om dei etterkjem det, er ei anna sak. Men eg fekk iallefall eit inntrykk av at dei hørte på kva ein sa. Det er eit ganske anna inntrykk enn eg har fått ved eit par anledningar, og på den konferansen eg var på før denne tenkte eg: ALDRI MEIR om eg skal kaste vekk tid og energi på å snakke til gubbane. Dei er så uinspirerande som publikum, så fryktelig uinspirerande, likegyldige, lite lyttande, fastlåste. Ja det er inntrykket dei gir frå seg, det osar opp over hovuda deira. Sjølvsagt finst her unntak, men dei er nok ganske få.


Vidare. Å delta på dvaske konferanser med trege folk som egentlig berre er der for å drikke kaffe og kome unna kontoret, er det drivande mest likegyldige eg har bedrive siste åra. Difor var det ein veldig hyggelig opplevelse å snakke for Utvalget for kompetansearbeidsplassar i heile landet. Det kan då hende at eg kjem til å takke ja til fleire distriktssnakkeoppdrag i framtida, men eg kjem til å vurderer det nøye kven eg bruker tida mi på. Dvaske gubbete publikum er ikkje aktuelt. Dei får segle sin eigen kjedelige sjø. Engasjerte publikum er noko heilt heilt anna. Då er det gøy å vere der.

OPPDATERING AV BLOGGPOST:

Har fått ein reaksjon på denne bloggposten, gjennom ein ganske treffsikker blogg "Om gretne unge kjerringer".  Her blir det påpeikt at eg gjennom denne bloggposten sender ein dårleg jobbsøknad som foredragshaldar på konferansar om distrikt, og det er heilt riktig. Og det er ikkje fordi eg har tenkt å halde tusenvis av nye foredrag om distriktsutvikling i framtida at eg uttrykker mine meiningar på denne måten. Eg uttrykker meg pga per idag har eg inntrykk av at desse konferansane i stor grad er sløve gubbetreff. Det er lite folk der under tretti, mykje over femti, og det verkar vere mykje babbel og Oslo-hat. Det er lite konstruktivt. Oslo-hatet kan bere ein heil konferanse i seg sjølv, har eg inntrykk av.

Ein bør gjere noko for å reformere desse konferansane på eit vis, utan at eg på ståande fot har det mest geniale forslaget. Feks ved å ha inne unge grundere eller tilflyttarar, snakke om næringslivutvikling gjennom næringslivsaktørar, ikkje gjennom byråkratar og kreative tenkarar som betraktar det heile på avstand og så deltek på konferansar. Det er langt meir interessant å høyre på dei som jobbar hands on. Slik ein feks får på Framtidsfylket sine næringslivsmesser i Oslo, Bergen og Trondheim. Eg hugsar betre innlegga frå dei unge grunderane der, enn eg hugsar eit einaste innlegg frå ein einaste anna konferanse eg har vore på, med unntak av Mai Camilla Munkejord på Småsamfunnskonferansen i Tromsø i vår. Den konferansen var eit lyspunkt. Ho presenterte relevant forskning og funn. Dette er meir spennande enn å lytte til Distriktssenterets babbel om halleluja-ja-vi-flytter-til-distrikta, eller Liv-Signes evige tåketaler.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs