Gå til hovedinnhold

Nationens kommentator tygger drøv om flyttedebatten

Igår skreiv Drude Beer ein kommentar i Nationen: "Feigt eller friskt å flytte fra bygda?" Kommentaren oser av det vi kan kalle for god gamaldags misunning. Ho insinuerer at Oda Rygh, med sin kronikk "Jeg flytter!" ønsker seg ein jobb hos Liv-Signe Navarsete. Ærleg talt, Drude Beer. Som navnet ditt tilseier, du må slutte å drikke på jobb.

Beer meiner det er andre som hadde fortjent dei rundstykka som Rygh fekk hos Navarsete då ho vart innkalt til ein samtale. Det kan vere at FLEIRE hadde fortjent rundstykker hos Navarsete, men det betyr ikkje at Rygh ikkje har fortjent dei. Ein må ikkje tape dei heilt elementære nyansane. Rygh skriv om eit standpunkt som det faktisk krever litt mot å gå ut med. Det er ikkje eit standpunkt som kvar av oss tørr å fronte. Eg vil kalle Rygh for tøff som skriver som ho gjer i sin kronikk.

Det burde Beer sjå, men istaden framstår Beer som ei sur gammal kjerring, beklager uttrykket, men det var det første som slo meg.

Beer skriver: "Rygh har oppnådd det hun ønsket: Å skape debatt. Veterinær og blogger Anne Viken fra Sogn og Fjordane har benyttet samme metode i noen år allerede, med samme effekt. Navarsete har lyttet og møtt Viken til debatt."

Beer gløymer at det var Knut Olav Åmås og Aftenposten som kalla meg og Navarsete inn til same debatt. Samt Dagsnytt 18 som så sette oss saman i ein debatt i NRK. Ho tenker heller ikkje på at kronikken eg skreiv om vest versus øst i forkant av debatten på Litteraturhuset var bestilt av Aftenposten. Eg vil tru Navarsetes kronikk var det same. Og eg antar det er denne debatten Beer viser til. Ho burde vite betre om korleis media funker.

Beer insinuerer at eg skriver for å skape debatt. Sjølvsagt. Noko anna ville vere bortkasta tid. Det er også basic mediekunnskap. Ein artikkel som blir oversett, kva verdi har den? Det er nemleg høgst nødvendig å skape debatt rundt dette tema, og ein av dei tinga eg vil påstå eg har oppnådd, er at folk har tenkt gjennom desse problemstillingane. Dei har kome på dagsorden. Dette er verdifullt og viktig, og ikkje noko Beer bør fjase med i sin flaue harselas over damer som tørr å opne kjeften der andre tier. For det er ikkje berre berre å opne kjeften i denne debatten. Haldningar sit godt og dei sit hardt. Difor treng vi debatten. Den skaper nemlig nye tankar i hovuda til folk. Dette har i Habermas ånd, ein eigenverdi. Ein treng ikkje bli einige, men ein kan likevel diskutere. Dette meiner derimot ikkje Beer. Ho meiner ein bør tie heller enn å uttrykke noko som potensielt nokon andre kan ha tenkt før. Keep it real.

Beer sin traurige konklusjon er så tørr som eit knekkebrød: "Men det skal mer til enn høylytte protester, rundstykker og kaffe latte for å skape et moderne Norge, i full lengde."

Nei men seier du det, Beer. Og akkurat fordi det er så få som tenker nytt, representert her ved tygge- drøv -på- jobben-kommentaren frå Nationen, treng vi sånne som meg sjølv og Oda Rygh. Kanskje er det difor Beer er så veldig kritisk og påstår Rygh skriver ein jobbsøknad. Fordi ho aldri sjølv greier den oppgava det er å sette litt dagsorden. Ein kan jo lure. Kommentaren oser av godt gamaldags bygdedyr.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...