Gå til hovedinnhold

Frå motekspertise til vekstdrivar

Frå skuletun til Campus. Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Av Gunnar Yttri, Skald forlag.


Norsk høgare utdanning tok ved inngangen til 1970-åra ikkje berre steget frå eliteutdanning til masseutdanning, men sprengde også tidlegare fastlagde geografiske og kulturelle grenser innanfor utdanningssystemet. Ideen med etableringa av distriktshøgskulane var utdanning til folk der folk var.


Det vesle forlaget Skald i Leikanger i Sogn og Fjordane har gitt ut praktboka «Frå skuletun til campus – Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane». Boka, skriven av historikar Gunnar Yttri, speglar endringa frå sekstitalets fokus på lokal kompetansebygging og vern om lokale verdiar, til dagens fokus mot ein stadig meir internasjonal marknad for utdanning.


Motekspertise


I 1965 låg Sogn og Fjordane i det nasjonale botnsjiktet i antall avlagde artium, og i 1970 omtala historikaren Johs. B. Thue Sogn og Fjordane som eit «sundslite og attendeliggande fylke». Til Kyrkje og undervisningsdepartementet gjekk det bod om at fylket trong motekspertise, eller bygdeorientert kunnskap, som kunne stryke lokalsamfunnet og utdanne folk lokalt. Spesielt vart dette påpeikt av bygdeungdommar som Thule sjølv som hadde reist til byane for å studere.


Eit år før, i 1969, hadde filosofen Gunnar Skirbekk samanfatta ønsket om å skape eit nytt kunnskapsgrunnlag på bygdene i omgrepet motekspertise. Motekspertisen skulle tale periferiens sak og brukast mot truslar som urbanisering og avfolking av utkantane. Motekspertisen skulle i etterkant påverke fagtilbodet ved fleire av skulane, og då Distriktshøgskulen i Sogn og Fjordane (DHSF) opna dørene hausten 1975, var målsetninga å forsyne bygdene rundt med fagkunnskap som kunne ruste dei i kampen mot sentraliserande krefter.


Aksjonen for distriktshøgskulane flaut på denne ideologien, og bygde opp under og spelte på dei politiske skillelinjene mellom land og by, men dette var ikkje i tråd med kva Sogn og Fjordane fylke ønskte seg. Fylkeskommune og fylkesmann ønskte seg utdanning og forskning som kunne bidra til modernisering og utvikling i eit fylket som knapt hadde opplevd vekst i sysselsetting etter 1945.


Lokal versus internasjonal


Ein kan i ettertid spørre seg kor hensiktsmessig den motstraumske ideologien var for bildet av skulen og fylket utad. Den bar heller ikkje frukter i form av vekst ved institusjonen, og rundt 1982 ser ein eit skifte der ein går vekk frå satsing på motekspertise og ein klar lokalsamfunnsprofil. Denne vart erstatta av studieprogram som var ettertrakta av studentane, og som styresmaktene var villige til å gje løyvingar til. No skaut veksten fart.


Men kva rolle har distiktshøgskulen hatt i motstraumsfylket Sogn og Fjordane? Fleire gonger i ettertid har det blitt stilt spørsmålsteikn ved skulens betydning for utvikling og vekst, ei ikkje ukjent problemstilling innan eit utdanningssystem som vert knytt stadig tettare opp mot samfunnets konkrete behov for kompetanse.


Men den dag i dag bidreg høgskulane til utdanning der folk bur. Eit moment som nesten ser ut til å bli gløymt når den internasjonale utdanningsmarknaden med sine internasjonale rangeringslister bankar på døra hos ein norske utdanningssektor hungrig etter konkurransedyktige eliteinstitusjonar heller enn små og desentraliserte tilbod.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...