Gå til hovedinnhold

Drømmefakultetet og SCUM av Valerie Solanas

Eg les i desse dagar Drømmefakultetet av Sara Stridsberg. Denne boka er svært fasinerande. Den vekslar mellom Valerie Solanas oppvekst saman med mora Dorothy i ørkenbyen, der mora syklar til og frå huset med Valerie på bagasjebrettet og postar rosa brev til menn ho har fornærma, eller menn ho har blitt dumpa av. Dei syklar som vindar gjennom ørkenen, Valerie samlar døde ørkendyr i bakgarden, og mora stjel vesker på puben ho jobbar på og blir banka av den nye gubben når far til Valerie stikk av.

Det er vanskelig å yte denne boka rettferdighet i ein omtale. Språket er heilt eksplosivt og det held det gåande side opp og side ned, utan å gi seg ein pause. Valerie rømmer heimefra og bur på stranda ilag med Silkegutt som samlar på døde sjøhestar, ho sel kroppen sin og går på stoff, ho begynner på universitetet, blir phd-student i psykologi, droppar ut, skriv SCUM - Society for Cutting up Men, og skyt popkunstnaren Andy Warhol.

Storyen vekslar mellom Valerie sin oppvekst, opphaldet på mental sjukehus etter at ho skaut Warhol, og dødsleiet hennar der ho i ensomhet og eigen urin og dritt ligg og stinkar seg fram til sin død. Boka er ikkje bygd på fakta, den er fiksjon, men fiksjonen er treffande. Om eit geni frå ørkenen som veks opp til å hate menn, som anser menn som underlegne misfoster i naturen, som ein art som må utryddast. Fortellergrepet og vekslinga, som i ein film, er fasinerande godt gjennomført. Sceneskifta, markert med nytt kapittel samt stad og dato for å halde rekning med kvar ein no befinn seg, glir naturlig over i kvarandre og passar ilag, i den grad denne historia kan passe ilag. Ein blir van med å lese på denne måten, og ein venner seg til vekslingane og heng mmed i svingane når rytmen først er innlært. Det blir som å lære seg å balansere, lære seg å henge med.


Eg lurer på kva slags målgruppe det er som les Drømmefakultetet. Dette er inga streit rett fram bok, det er ei bok som hoppar og som har eit fargerikt og ikkje alltid like hendelsesprega språk, meir beskrivande, reflekterande, observerande, til tider ganske sykt og virkelighetsfjernt, språk.

På framsida av boka er det vist til ein bokomtale av Ane Farsethås i DN: ... skildringen av ekstremfeministen Valerie Solanas går hinsides ale kjønnsklisjeer og er rett og slett tragikomisk god kunst."

Eg er litt usikker på om eg er enig i at det er tragikomisk god kunst. Eg er litt usikker på om eg i det heile tatt finn ord som passer til å beskrive, men komisk er ikkje eit av dei. Meir genialt fucked up. Og eg vil gjerne lære meg å kunne pøse på med nye fraser, vrengte oppfatninger, fucka beskrivelser og eit fandenivoldsk språk i side opp og side ned. Tempo er genialt.

I 2007 fekk romanen Nordisk Råds litteraturpris, og eg tek meg i å tenke at eg faktisk er litt overraska over akkurat dette. Ei an bok som fekk denne prisen, var den überstreite "Jeg forbanner tidens elv" av Per Petterson. Eg digger den boka, ikkje sånn å forstå, men i stil og framtoning er den så streit, og den er så kommers, mens Drømmefakultetet fell utanfor alle desse strømlinjeforma oppfatningane av korleis ein roman skal vere, og den får Nordisk Råds pris.

Da finst det håp, tenker eg. Og godt er det. Eg gir terningkast seks: for fantasi, eksplosivitet, genialt språk over hundrevis av sider, fandenivoldsk fabelaktig opphost og oppkok av fraser du berre MÅ streke under og lese på nytt, og merke av med gul lapp.

All I can say: it is fucking fantastic.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb