Gå til hovedinnhold

Den økologiske bløffen - del to

Min kommentar i Klassekampen om økologisk landbruk har skapt bølger i dei økologiske sinn. Ikkje uventa. Dette er eit tema som engasjerer, og det bør det også gjere, men å trekke det så langt som å stille spørsmålsteikn ved om eg, som er kritisk til økolandbruk, er ødelagt av blogging slik Svein Anders Noer Lier spør seg på lesarbrev i Klassekampen som ein respons på mitt motsvar mot lesarinnlegg i etterkant av kommentaren, er å trekke det heilt ut av kontekst og saklighet, og slik sett er Noer Lier i tråd med økolandbruket generelt.

Økologisk landbruk handlar i hovudsak om dette: ideologi, følelser, forbrukertrender og markedstrender.

Det er liten tvil om, etter å ha lese motinnlegga mot min forskningsbaserte kommentar i kk, at dei som er uenige med meg, mest av alt føler, slik som Noer Lier, men eg kan ta meg tid til å svare han her på bloggen. Årsaka er at kunnskapen rundt kva som er økologisk i praksis og kva som er økologisk på papiret, er ganske så teori og regelbegrunna.

Lat meg ta eit par eksempel: gras kua di et på skogen blir ikkje definert som økologisk sjølv om det aldri har vore gjødsla. Blåbær du plukkar i skogen, blir ikkje definert som økologiske, sjølv om dei kjem frå ein naturtype som har fått vekse i fred i hundrevis av år, kun forstyrra av beitedyr.

Er dette innlysande?

Og difor ja, kallar eg norske ugjødsla beiter for økologiske sjølv om det ifølge den magiske formelen som transformerer ikkje-øko til øko, seier at dette er feil. Eg vel derimot å forhalde meg til realiteten og kalle ein spade for ein spade: skauen er økologisk, iallefall i Sunnfjord der eg kjem frå, sjølv om den aldri så mykje ikkje er det på Debios papirer. Det skal ikkje så mykje fagkunnskap til for å sjå gjennom Debios regelverk, men dessverre er det ofte dei utan denne kompetansen som uttaler seg, her Noer Lier.

Og ja, argumentasjonen om at det blir for enkelt å sei at artsmangfald er større på økologisk mark enn konvensjonell, står eg ved. Det er veldokumentert at artsmangfaldet forsvinn når kulturlandskapet forsvinn, økologisk eller ikkje. Når kulturlandskap veks att, går artsmangfaldet ned. Det er berre å sjå på Raudlista over trua fuglar i Norge. Det er også kjapt gjort å sjå på kva som no skjer med lyngheiane langs kysten som i hundrevis av år har vore brukt som beite for sau. Dei gror igjen når skogen veks opp, og heile landskapstypen er i dag i ferd med å bli borte.

Økologisk landbruk og matproduksjon må forstås i ein større kontekst enn reglar og tall.

Jordbruk er alltid eit sterkt inngrep i naturen: ein introduserer nye arter eller fjerner og fortrenger opprinnelige. MEN dette må gjerast for å produsere mat, og kan difor forsvarast. Det kan uansett settes spørsmålsteikn ved om økologisk landbruk gir auka artsmangfald, all den tid økolandbruket krev større areal enn konvensjonelt, og ergo må legge større områder under plogen, for å gjere det om til økologisk gras eller kornmark, alt ettersom. Dei fortrenger ergo fleire artar pga større arealbehov enn konvensjonelt, og eg er ingen motstander av økomat, men saken må belyses, ikkje berre bejubles.

Men lat oss kikke litt på kva forskningen seier om økolandbruk: er det meir artsvennlig? Ja, innanfor jordbrukslandskapet har økolandbruket eit rikare fugleliv, blant anna pga ugrasfrø og skadeinsekt, MEN det viser seg at det er opne grøfter, kantsoner, steingjerder og trekkveier som er dei momenta i landskapet som er av størst betydning for artsmangfaldet. Dette har altså ikkje noko med det økologisk drivne arealet å gjere, sa Arne Grønlund, forskar ved Bioforsk under foredraget En økologisk drøm ved UiO 25.september.

Lågare produksjon per areal krev altså meir areal under plogen, er dette meir miljøvennlig?

Det blir blant anna vaska ut fleire kilo Nitrogen per dekar areal i øko enn i konvensjonelt (2,7 mot 2,2).

I økologisk er det mindre utslepp per arealenhet (120 vs 165 for konvensjonelt) , og lik eller større utslepp per produsert enhet. Konvensjonelle areal har også større kapasitet til å binde utslepp (935 vs 540 for øko), og sum i sum blir regnskapet best for konvensjonelt.

Som FAO seier: "Vi kan ikkje skaffe mat til seks milliardar menneske i dag, og ni milliardar i 2050, utan bruk av kunstgjødsel."

Eg er ingen tilhenger av å bruke kunstgjødsel i store mengder, men keep it real. Verden trenger mat. På den andre sida: mange bønder i eksempelvis India har ikkje råd til å kjøpe kunstgjødsel, og store deler av den økonomiske krisa som har ramma bønder i blant anna Andhra Pradesh, skuldas lån tatt opp for å kjøpe kunstgjødsel etter at dei fekk kutta subsidiene til landbruket, og ergo kutta av pengetilførselen som ga dei kunstgjødsel, for å sei det svært enkelt. Så kunstgjødsel er ikkje tilgjengelig for alle, og no arbeider ein blant anna for å samle inn kunnskap om korleis drive økologisk småskalalandbruk, kunnskap som er i ferd med å forsvinne som eit resultat av den grøne revolusjonen i India. Dei lærde strides, og synet er svært delt i synet på om ein treng kunstgjødesel for å fø verden, eller ikkje.

Resten av Noer Lies innlegg får stå for hans eiga rekning. Synkande grunnvatn handlar også om andre faktorar enn konvensjonelt landbruk, og eg syns Noer Lier må sjekke ut om det blir drive konvensjonelt i alle områder der grunnvatn synk. Der er langt fleire kilder, blant anna store byar, og industri som tappar grunnvatn. Det vil også, nokså sikkert, vise seg at det heller ikkje finst konvensjonelt landbruk i alle områder der grunnvatn synk, og dette er ganske innlysande om ein skal ha ei heilheitlig tilnærming til saka.

Blant anna skreiv eg mi avsluttande oppgave i veterinærmedisin i Andhra Pradesh. Der prøver ein å drive økologisk, og det er bra. Bøndene her har ikkje ressurser til å skaffe seg kunstgjødsel, og vi såg konvenskvensane av vestlig importert tankegang, og kor ødeleggande denne kan vere.
Her er det ein realitet, liv og død, men i Norge handlar økodebatten om ideologi og små forskjellar, som at lam som har ei konvensjonell mor ikkje er økologiske versus eit som har det, blir solgt som to ulike produkt. Igjen får eg lyst til å sei: slutt med dette flisespikkeriet.

Også økologiske gardar har lov til å nytte konvensjonell gjødsel frå konvensjonelle dyr på innmark, om enn ikkje kunstgjødsel. Og sau er ikkje det dyret som vert fora hardast på kraftfor. Ein sau er inga ku. Og sauen er også det dyret som lever mest naturlig av våre husdyr, ute med lam heile sommaren. Det har ein eigenverdi i seg sjølv.

Eg ville heller brukt tida mi på å forfekte norsk saueproduksjon enn å pirke på detaljer i byråkratiet. Alternativet til norsk sau er sau frå EU eller New Zealand. I mange EU-land står sauer inne året rundt, og det er neppe i tråd med økoidealer, og på NZ er sauehaldet industri i verste forstand.

Difor er det med oppgitthet eg les ideologars virkelighetsfjerne blikk på norsk matproduksjon. Vi treng både øko og konvensjonell matproduksjon i dette landet i solidaritet med ei global verd der matvarekrisa er ei av dei store krisene vi kjem til å måtte arbeide mot i åra som kjem, saman med klimakrisa.

Eg kunne ha skrive langt lenger, om korleis økobønder sloss mot løsdriftsfjøs og får unntak...

Melkebesetninger mindre enn 35 melkekyr er unntatt fra krav om løsdrift etter 2010. Med dette er den viktigste flaskehalsen for omlegging til økologisk melke- og storfekjøttproduksjon fjernet.

... og vil ha båsfjøs for ku stikk i strid med egne dyrevennlige intensjoner, eller korleis dei anbefaler bruk av naturmedisiner og homøopati til bruk på husdyr sjølv om der per dags dato ikkje foreligg anna forskning enn at det er lik effekt av å behandle med desse preparata, som å late vere å behandle, men i første omgang gir eg meg her.

The road to hell is paved with good intentions.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb