Gå til hovedinnhold

Økologisk må bli økologisk

leserbrev trykt i Klassekampen 23.september 2009 som svar på to motinnlegg mot min kommentar Økologisk merkevarebløff i same avis 5.september.


Eg er pro økolandbruk, men ikkje pro eit økolandbruk som framstiller seg som meir økologisk enn kva det er. Årsaka er at ein då lurer forbrukaren til å tru at han kjøper eit produkt som bidreg positivt til miljøet, medan dette ikkje nødvendigvis er realiteten. Ein er fornøgd og let vere å stille krav om reelle økologiske produkt. På denne måten blir økomat kontraproduktiv: ein trur at den har ein effekt som ikkje er der og forbrukaren blir ein passiv konsument av ei merkevare som er godt meint men som ikkje er særlig effektfull med tanke på målet. Krava til kva som kan kallast økologisk er kort sagt for slakke.


"Ønsker vi å prioritere bærekraftighet framfor kortsiktighet, representerer økologisk matproduksjon et steg i riktig retning", skriv Christian Bianchi Strømme på lesarbrevplass i Klassekampen.
Ja, dette er eg einig i. Problemet dukkar opp når det som vert markedsført som økologisk og berekraftig, ikkje er stort betre enn konvensjonelt.


Ein må også ta høgde for at reglane for kva ein kan kalle for økologis varierer i Europa. Der finst ei rekke ulike sertifiseringsmetodar. For ikkje å snakke om USA.


Martin Eggen skriv at biomangfald aukar på økologisk drivne gardar. Ja, dette stemmer nok men påstanden er for enkel all den tid det er økologisk utmark er eit av særprega ved norsk matproduksjon, økologisk eller ikkje. Store deler av såkalla konvensjonelle gardars areal er økologisk i den forstand at dei ikkje er gjødsla. Argumentet om auka artsmangfald i økologisk landskap blir ergo for enkel all den tid dette også gjeld klassisk kulturlandskap nytta i konvensjonelt. Når kulturlandskapet blir borte, tapar ein artar.


Sum i sum bør ein oppretthalde både øko og konvensjonelt landbruk i Norge av hensyn til den internasjonale matvaresituasjonen samt dei unike mulighetene for naturnær matproduksjon. Det er på tide å slutte med flisespikkeri og virkelighetsfjernt regelrytteri.


La meg ta eit eksempel: Norske lam blir sluppe på beite om våren, sende på fjellet og vandrar side om side, økologiske og konvensjonelle, på beite. Men når dei vert henta heim, skjer det ei forvandling. Dei legg ut på sin siste reise i den same slaktebilen og skrottane kuttast opp i dei same bitane, men kjøtet blir pakka i forskjellig emballasje og prisa forskjellig i butikken. Dette har lite med klimatiltak å gjere og mykje med markevarebygging all den tid alle lam produsert i Norge i praksis er økologiske uavhengig av merkelapp.


Det må tas reelle grep om økomerkevara før ein kan ta den seriøst.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb