Gå til hovedinnhold

Vår og kritkk av ukritisk bruk av anonyme kjelder

FOTO: Biletet viser ein kalv. Det kan alle sjå. Årsaka til at den passer her, er at eg befinn meg heime i Bygstad og her har fattern ei heil mengde med kyr og kalvar og andre firbeinte dyr. Fotograf er meg.


No har det seg sånn at eg har klart å pådra meg lungebetennelse av alle ting. Heilt unødvendig spør du meg, sjølvsagt er det unødvendig. Eg har på ingen måte lyst å gå sjuk i vekesvis. Kven har vel tid til det i vårt prestasjonsbaserte samfunn der du helst skal levere fleire kubikkmeter med resultat, eks antall sosiale kveldar og eit meget vellykka kjærleiksliv på band kvar einaste veke. Så her sit eg då, tiltakslaus og steiker i solveggen iført tjukk genser, skjerf, caps og svære solbriller medan eg les Dagens Næringsliv, Firda og ei rekke bøker eg ikkje tørr nevne namn på av hensyn til mitt celebre rykte som journalist med god smak kva angår litteratur.

Så korleis veit ein at ein har lungebetennelse. Eg for min del var sjaber og vart meir og meir sjaber og sjangla litt, begynte å hoste, fekk feber, åt medisinar og tenkte at eg var forkjøla men det ga seg ikkje og eg drog til legen som sjukmelde meg på dagen med antibiotikakur og slimløysande tablettar. Koseleg. Det virka som eit skot på meg, og femten timar etter første pille følte eg meg som eit nytt og særs produktivt menneske. Satte meg til å lese aviser og har egentlig fortsatt med det sidan. Det mest plagsome akkurat no, er at eg føler meg ganske bra men kan ikkje drive å springe på fjellet i sola sidan eg vel kan risikere at sjukdommen kjem tilbake med auka styrke og det tar eg kort sagt ikkje sjansen på, så eg les den eine boka rarare enn den andre. Den siste boka eg las no, var sjukdom hos sau. Forsåvidt ei bok i tida siden det er april for øyeblikket og eg befinn meg på det fagre Vestlandet, nærmare bestemt i Bygstad.


Ellers bedriv eg mediekritikk, og det går som ofte ellers utover Firda som frå tid til anna gjer ein heil del rare ting. Feks skriv dei ei heil side om ein liten gut som får batterisyre frå eit leikebilbatteri på fingrane og brenn seg. Mora hans er kjelde i saka, men eg anar ikkje kva ho heiter, og ho er kun omtalt som "mor til marius (7)". Eg lurer på når batterisyre gav rett på kjeldevern. Anonyme kjelder skal ein helst, i følge presseetikk, kun bruke i alvorlege saker, og seinast på SKUP-konferansen (Stiftelsen for Kritisk og Undersøkande Presse = SKUP) sa fleire journalistar som arbeider med store gravesaker, at dei prøvde så langt mogeleg var å unngå bruk av anonyme kjelder. Om ein les metoderapportane, ser ein også at svært mange av dei, sjølv om dei arbeidde med store alvorlege saker, klarte å unngå anonyme kjelder på trykk. Så eg spør meg kvifor mor til denne guten med batterisyra fekk vere anonym. KOrt sagt dårleg journalistisk arbeid spør du meg. Kvifor tillet ein slikt i Firda? Eg berre spør.


Ei anna sak i Firda var modellfly som eksploderte på soverommet då det stod på lading. Håret til kona i huset tok fyr men dei klarte å sløkke brannen. Flyet var kjøpt på nettet, men det stod ingenting om kva type fly det var, kva det kosta, kvar på nettet det var kjøpt, osv. Altså ingenting. Leverandøren var heller ikkje konfrontert. Eg spør meg då kvifor ein skriv saka. For å fylle ei side? Saka var jo kort sagt nesten tom for informasjon. Eg driter vel i om ei dame fekk fyr i håret. Eg vil vite kvar dei sel slike farlege fly. Det er jo det som er interessant. Nei, Firda har eit stykke å gå før dei blir profesjonelle.


Og eg har enda eit par veker sjukmelding til å bedrive mediekritikk.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...