Gå til hovedinnhold

Påfugl som sjekker damer

Påfugler er rimelig harde sjekkere. Dei brisker seg skikkelig for damene. Her har definitivt gutta noko å lære. Men eg meiner ikkje at gutta skal begynne å vifte så hardt med stjerten at ein høyrer det skikkelig knake i fjøra. Det gjer nemlig påfuglen.
Påfuglens framside.
Påfuglens bakside.
Dama får mykje merksemd, det trur eg ho liker. Ho stikker ikkje av men henger i nærheten. Det kan tyde på interesse. Han er rimelig god til å vise interesse, men han lar vere å feks knipe ho i ræva eller gjere andre banale ting alla "eg har sett deg før"-utsagn. Han driver heller ikkje å snakker ho i senk om kjedelige ting som bensinprisar. Dessuten kler han seg pent og driver ikkje å sender sms heile døgnet. NÅr det er på tide å ete, kutter han ut sjekkinga.
Der møtte påfuglen ein rival. Sjå til høgre i biletet. Det er ein kyllingpåfugl som driver å prøver seg på dama i vinduskarmen.
Dødsliten stjert. Den her påfuglungen er litt over eit halvt år gammal og kan ikkje matche sin far.
Eg syns det grenser til perversjon når både far og sønn prøver seg på datter/søster, som her:
Resten av historia er sensurert.
Påfuglen med den lille stjerten og søstera er til salgs. Selges til dyrevenner. Er du interessert, er det berre å ta kontakt. Dei kostar ca det same som 60 høner.

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...