Gå til hovedinnhold

Tilbake til naturen

zdweupeI dag sat eg ute i sola og las aviser som vanleg. Då kom eg over ein artikkel i dagens Vårt Land. Vårt Land er ei av Noregs få meiningsberande aviser der ein finn stoff som både engasjerer og provoserer. Det kan eg like. Her er nokre klipp frå ei av sakene. Det handlar om å vere tilstades i sitt eige liv. Eg har ofte lurt på kor mykje folk eigentleg er til stades. Er det å vere tilstades når du føler eit jævla stress på kroppen? Eg føler folk stressar så himla. Jobbar så lange dagar, netter osb. Mange strevar og les og studerar og jobbar. Greit nok, det er gøy, men kvar går grensa for når stresset tar over for tilstedeværelsen? Vi har godt av å av og til bli minna om banale sanningar som at vi må vere tilstade i eigne liv, kva det no enn måtte bety. Intensitet i nuet kanskje? Er det det det handlar om? Det handlar iallefall ikkje om stress.
Eg tenker eg er tilstades no om våren. Fuglane syng og det er varmt og vakkert. Og eg har oppdaga, på mine gamle dager, at eg og Thor Heyerdahl har nøyaktig same filosofi. Vi meinar begge verden er i ferd med å bevege seg mot eit samfunn som neppe er bra for verken menneske eller natur. Her kjem eg igjen tilbake til stress og mas og overtidsjobbing, kun for å tjene peng til stæsj vi vel strengt tatt ikkje har bruk for. Konsum, massekonsum, massekultur: klinger ikkje pent i mine øyre. Greit nok, eg konsumerer kultur men massekonsumet av stæsj og forbruksartiklar kan ein spy av.

Eg leser Grønn var jorden på den syvende dag av Thor Heyerdahl. Kall meg gjerne ein dagdrømmer, men alternative tanker om korleis vi bør leve våre liv er ikkje å forakte: Eg var meint for å ligge i grøne enger men stappar i meg pølser og vassar i penger. sitat: meg sjølv. Natur er kultur og kultur er natur, osb, men eg for min del vil heller tilbake til naturen enn enda djupare inn i massekonsumet og forbrukerkulturen. Eg er ein av dei som går lange omvegar rundt julegatene og som skjemmes over ola nordmann som fråtser på Ikea. Da vil eg heller sole meg i skogen. Eg håpar folk ein dag får augene opp for at det går an å leve uten ekstremkonsumet dei omgir seg med. Kanskje då stresset og elver av prozac (antidepressiva) også vil forsvinne. Og til slutt. Eit lite lam på tunet.
Det er ei jente og her er den to dagar gammal. Det einaste den tenker på, er kor mora er. Heldig sånn sett, ho treng aldri vere blakk etter å ha handla masse skrot ho ikkje trenger på Ikea. Eg likar dyr.

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...