Gå til hovedinnhold

Utan innlagt vatn, dusj og internett, duger helten best


Sidan eg så og sei aldri skriver noko om kva eg bedriv på fritida her på denne bloggen, gjer eg idag eit unntak. Budde her i dette stabburet frå 1700-talet tre månader i sommar. Utan internett, innlagt vatn og dusj. Det var glimrande. Vinden bles inn gjennom vegga og det kunne bli ganske mørkt her om kvelden, ute altså. Inne var det elektrisk strøm. Utsikta var vakker over Storsjøen og rundt stuga gjekk hestar på beite.

Her låg ein middelaldersk avrettarplass der ein brukte høgge av folk armar, føter og andre passande kroppsdelar i middelalderen og tidlegare. Kyrkja som ligg like ved vart påbegynt på 1200-talet og ein frende av Olav den Heilage ligg under golvet der. Hackås kyrkje er Sveriges eldste steinkyrkje, eller nest eldste. Like utanfor døra til stuga gjekk pilgrimsvegen til Nidaros. Dei gjekk ned ved kyrkja, 300 meter lenger bort, ned til sjøen og rodde over. På andre sida av sjøen ligg ei avlatskyrkje. Det betyr at ein ved å dra dit kunne kjøpe seg fri eit visst antal dagar frå Skjærselden.

Hundre meter frå stuga låg ein gamal prestegard som no er oppussa, og like ovanfor eit hus der prestane brukte samlast før gudstjeneste: prestestova. Der seier dei at det ruslar og går om ein sit stille. Det same gjer det i prestegarden. Det var ikkje fritt for at eg vart litt mørkredd til tider når det bles som hardast og var som mørkast, regnet tromma mot taket og det var skikkelig ruskever. Har ein god fantasi kan ein både sjå og høyre det underlegaste, iallefall når historia ligg som eit tjukt teppe over heile staden. Hackås har vore bebudd i nokre tusen år, der finst gravhaugar over alt langs sjøen og bygda ligg som den har lagt i mange hundre år. Og i sjøen sym Storsjøuhyret, eit gigantisk, eller lite monster, alt etter kven som har sett det.

Glimrande måte å bu sommarstid. Glimrande plass å bu på om ein treng fylle på fantasien eller berre bu i eit fantastisk vakkert landskap. Sødra Storsjøbygden i Jämtland er Sverige på sitt aller beste.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...