Gå til hovedinnhold

Opera som motmakt: Vestlandets rolle aktualisert




To hundre år etter Guiseppe Verdis død, vert LaTraviata nytolka innanfor rammene av norske motkulturelle rørsler. 

Sjå innslag om operaen på Dagsrevyen 20.august.

Fotosession med Hulda som Violetta, iført bunaden til Anne Viken


Opera er ein av dei minst sette og mest elitistiske kunstformene i verda, og muligens også den dyraste. Dette sa programleiar Sarah Montague i samtale med operasongar Thomas Hampson i BBC hardtalk 30.juli i år. Eg skulle ha likt å sett Montague på besøk på Åmot Operagard i Bygstad der operaoppsettinga i slutten av august problematiserer dei historisk distriktsbaserte motrørslenes kamp mot klassesamfunn, liberale og urbane verdiar. På denne måten kan opera ta del i samtidsdebatten. 
  


Sunnfjordbunader akkompagnert av fôrhøstarar frå Taarup med beitande islandshestar bak gjerdet. På låven brakar indremisjonspredikantar saman med lokal bondekultur og overklasseluksus i årets nytolking av La Traviata av Guiseppe Verdi. Nytolkninga er ein samarbeid mellom den svenske operagarden Drakamöllan i Skåne, det danske operakompaniet Guidopera under leiing av Guido Paevatalu, og er ein samnordisk produksjon med fokus på samnordiske problemstillingar: interaksjonen mellom Indremisjon og bondekultur. Fokus og setting er langt frå elitstisk. Rammene er ein restaurert låve, aktørane profesjonelle. 


La Traviata er tolka inn i bondekulturens rammer, som ein klassisk såpe frå bygda lagt til Osen gard rundt 1900, og aktualiserer antakeleg eit av dei vanlegaste tema frå norsk kunst- og litteratur: møtet mellom det urbane og bygdas verdiar. Ein tematikken som er like aktuell den dag i dag. Distriktsdebattane går høge om tilflyttarprosjekt og branding av bygda, men den kraftigaste brandingen av bygda ligg ikkje i slagord og i merkevarer, den ligg i møtet mellom urban kultur og bygdekultur, og i vårt historiske samspel. 

Denne kronikken trykt i Klassekampen. Last ned artikkelen i PDF Kronikken er basert på Anne Vikens utforming av den kunstnerlege problemstillinga for årets nytolkning av La Traviata på Åmot Operagard. 

Førdekonferansen i år sa Anne Enger at det er umogeleg å forstå norsk politikk i dag utan å ha innsikt i dei motkulturelle rørslene. Ho har heilt rett. For å forstå dagens motmaktsretorikk må vi forstå vår eiga historie og framveksten av denne. Karakterane i nytolkninga av La Traviata er difor ikledd bakgrunn frå bondestanden, frå lekmannsrørsla og frå den urbane overklassen, og kvar for seg representerer dei krefter som har vore grunnleggande for å forstå det politiske landskapet vi ser i dag.

Vi har vårt historiske bakteppe grundig dokumentert. Heimflyttarar eller tilflyttarar er eit gjennomgåande element i litteratur og kunst, og nylege eksempel er Sogn og Fjordanes teateroppsetting denne våren, My Fair Lady goes Sogn og Fjordane, eller Litteraturmisjonen i Dale si framsyning av Babettes gjestebod. Det er eit clash of civilizations, eit møte mellom to sivilisasjonar, bokstavleg talt. Dette møtet finst den dag i dag, og det er i dette møtet distriktsmerkevara blir skapt, i det som skil bygda frå byen. Ideen og assosiasjonane om bygda er sterke. 

Les underteiknas omtale av My Fair Lady. 

Les underteiknas omtale av Babettes gjestebod

Årets oppsetting på Åmot Operagard er ei nytolking av La Traviata som dukkar ned i vår felles historie og trekk opp linjene fram til i dag. Operaen beheld sitt opprinnelege persongalleri, men bakgrunnen for konfliktene og personrelasjonane er endra til å illustrere eit motmaktsperspektiv. Far står mot son, predikantar mot urban og syndig livsstil, svartkledde mot bunader og fest, og alt er henta frå vår felles historie og frå framveksten av norsk politikk slik vi ser den i dag.

La Traviata er lagt til Osen storgard i Bygstad rundt 1900. I denne varianten av Osen gard kjem velståande laksefiskarar med heva champagneglas, og hit kjem damer i vakre kjolar med liberale verdiar. Desse representerer krefter lokalsamfunnet vil verne seg mot og foraktar, på same tid som dei representerer ei overmakt, pengar og posisjonar. 

Violetta er luksusprostituert og innehar verdiar samfunnet rundt 1900 ønskte å skjerme seg mot: ein syndig livsstil, liberale og urbane verdiar. La Traviata betyr då også utstøtt. Violetta forelskar seg i den lokale bondesonen Alfredo, og Alfredo bryt med bygdas normer for å vere saman med Violetta. Både Violetta og Alfredo bryt med klassebakgrunn og status. Alfredos far, som er emissær for Indremisjonen, bryt opp forholdet av omsyn til familiens omdøme. Lokalsamfunnet ønskte ikkje avvikarar. I våre dagar er lukka lokalsamfunnet ansett som lite attraktive. 
 
Bondebrudlaup fraa Sunnfjord ca 1900 Fotograf: Olai Fauske, Førde  
Eigar: Sunnfjord Museum, Førde
 
I ein europeisk samanheng utmerkar Norge seg politisk og historisk i at vi har og har hatt sterke motstandsrørsler mot liberale og urbane verdiar, mot maktsentralisering og klassedeling. Vestlandet har utmerka seg som den regionen i Norge der den kulturelle motstanden mot sentraliserande og urbaniserande krefter har vore sterkast. Og særlig har desse skansane befunne seg i dei rurale områda, altså blant bøndene. Ein sterk medspelar blant motrørslene var lekmannsrørsla og Indremisjonen. 

I mange bygder var Indremisjon og vekkingsrørsla ein naturlig del av bondekulturen, og ei supplerande motmakt i møte med byenes overmakt og moralske forfall. Indremisjonen framstod i kraft av sin avvising av sentrale myndigheiter, og i sitt forsvar for landsens verdiar og tradisjonar mot byenes fordervande påverknad som ein alliert med same føremål som bøndene. Dette har vore med på å forme normer og levesett, og i sin tur påverka den lokale kulturen i bygdene i Sunnfjord.

Årets La Traviata kunne ha funne stad på Åmot. Då garden blei driven som vanleg landbrukseiendom, husa den predikantar og emissærar, og det var i stova på garden at Guido fekk ideen til denne nytolinga av La Traviata. I emissæranes tid representerte opera ei kunstform ingen i bondesamfunna hadde tilgang til, som var til for overklassen og i kretsar rundt sentralmakta ein måtte forsvare seg mot. Å sette opp opera på ein låve ville ha vore utenkeleg i Verdis tid. Det står i sterk kontrast til historia om opera som ei elitistisk og utilgjengeleg kunstform.

Oppsettinga trekk vekslar på problemstillingar og djupt rotfesta drakampar og debatter som framleis pågår i norske bygder i møte med nye tider. Det viser oss at opera kan nyttast til å stille samtidsaktuelle spørsmål og reaktualisere historia og konsteksten vi lever i. Kven vil vi vere? 
Motmakt møter overmakt, moral umoral, overklassens kunstform famnar bondesamfunnets problemstillingar og opptrer i deira egne kulisser. 

Anne Viken 2013


Fakta om oppsettinga.

Vert oppsett 21., 23. og 24. august på Åmot Operagard i Bygstad, Sogn og Fjordane.

Operakompaniet guidOpera som står bak oppsettinga er tilknytt operaen i København som turneopera.

Nytolkninga har også blitt vist ved Drakamöallan Operagard i Skåne i sommar, og er eit nordisk samarbeid mellom danske guidOpera, svenske Drakamöllan og norske Åmot Operagard.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb