Gå til hovedinnhold

Bur for verpehøns framleis lov i Norge.

Nortura og Fjørfelaget påstår at bur ikkje lenger er lov i Norge. Det er ikkje riktig. Her kan du sjå video av den nye typen bur og bedømme sjølv om du meiner bur no er lovleg eller ulovleg i Norge.

Slik omtaler Animalia den nye typen bur: •Miljøinnredning vil si romsligere bur for et begrenset antall individer, med vagle, strøbad og rede. Frittgående systemer kan i tillegg være økologiske.

Kikk nøye på videoen etter korleis strøbad, rede og vagl ser ut og sjå om du greier assosiere fram at det er dette det skal forestille. Fjørfelaget er sjølvsagt kjempekritiske til at Rema 1000 merker egg fra burhøns med «egg fra burhøns». Eg foreslår at leder i Fjørfelaget, David Koht-Norbye, tar seg en synssjekk. Det koster 420 spenn hos Brilleland og gir godt bursyn.

Også Den stolte hane, bløffer om bur. Dei påstår dei ikkje lenger sel egg frå burhøns, men det gjer dei. Dei sel egg frå same type bur som du kan sjå i videoen under, samt på linken mellom dei to videoane. Men dei omtaler det som "miljøinnredningar", eit nyord, men eit nyord fjernar ikkje det faktum at eit bur er eit bur.

Eit anna godt poeng som er verdt å ta med seg, er at Oikos Økologisk jobber for bedre merking av egg, og har foreslått at man skal kalle Solegg for Skyggeegg, ettersom hønene aldri ser dagslys. Dette er eit godt poeng.






Her kan du sjå fleire fotos av bura som Fjørfelaget og Nortura påstår ikkje er bur.

Videoen under: slik lever frittgåande høner.



Slik lever økologiske høner:

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn